Du er her

iPhone mot indre stemmer

Ein iPhone-applikasjon frå Bergen kan hjelpa personar som opplever hørselshallusinasjonar med å blokkera stemmer frå sitt eige hovud.

Den tverrfaglege forskargruppa Bergen fMRI Group har lansert eit program for iPhone/iPod touch som gjer det mogleg å testa hjernen si språkbehandling. Dette er eit første steg på vegen mot trening av merksemd for pasientar med auditive hallusinasjonar.

Auditive hallusinasjonar skuldast truleg nervestøy. Appen sender ulike lydar til kvart øyre gjennom hovudtelefonar, sokalla dikotisk lytting. Slik trur forskarane det er råd for personar som blir plaga av hallusinasjonar, å trena seg på å retta merksemda mot den eine lyden og stenga ute den andre.

– Eg fekk ideen då eg høyrte musikk på iPhonen og høyrte ulike instrument på kvart øyre. Dette minte meg om den dikoktiske lyttetesten vi nyttar i labben, seier stipendiat Josef Johann Bless, som har utvikla appen iDichotic, til forskning.no.

Bergen fMRI Group er med å bygga opp ein verdsomspennande database for å forska på korleis hjernen og språket heng saman. Ved å senda inn testresultata frå appen, tek brukarane del i det som truleg er verdas første globale nevropsykologieksperiment, fortel Bless.

Kjelde: Artikkelen «iPhone mot indre stemmer». Lasta ned frå forskning.no. 13.1.2012.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 2, 2012, side

Kommenter denne artikkelen