Du er her

Undervisninga skal bli betre

– Psykologar ser fram til å kunne utvikle seg både fagleg og pedagogisk, og det er inspi-rerande for meg, seier Ingvild Skinstad Fossum, spesialrådgjevar som skal jobbe med kurs og utdanning. Når ho treffer psykologar og fortel kva ho jobbar med, får ho mykje respons.

Publisert
1. desember 2005

Læring er meir enn psykologi. Sjølv om psykologar ofte kan mykje om læring, er dei ikkje nødvendigvis gode lærarar eller strålande formidlarar. Det kjem tydeleg fram i evalueringsrapportane frå kursdeltakarane i spesialistutdanninga.

– Norsk Psykologforening har til no ikkje hatt kapasitet til å ta nok fatt i det som evalueringane har vist av behov for ei kvalitetsutvikling. No vil vi mins-ke avstanden mellom foreninga og dei som underviser for oss, og lage ei felles forståing for kva som er god undervisning, seier Ingvild Skinstad Fossum (32), nytilsett spesialrådgjevar i fagavdelinga i Norsk Psykologforening.

Ho begynte i august, og er snar med å seie at ho trivst utruleg godt, skryter av sjefen sin og syns at det nesten var som å vinne i lotto å få akkurat denne jobben. Frå før har ho hovudfag i pedagogikk med didaktikk som fordjupingstema, ho har vore kompetanserådgjevar i YS’ Utviklingssenter, høgskulelektor på Høgskolen i Oslo, og ho har undervist på Kriminalomsorgens utdanningssenter. No sist var ho rådgjevar i Bufetat, der ho jobba med godkjenning av barnevernsinistitusjonar.

Mindre tilfeldig læring

I Psykologforeninga har Ingvild Skinstad Fossum anvar for å utvikle kurs og kursprogram ut frå ein pedagogisk synsvinkel, i samarbeid med spesialistutval, faglege ressurspersonar og ulike miljø og instansar. Ho skal også bidra til nettverksbygging desse imellom, og jobbe med tiltak for utvikling av lærarar og rettleiarar i spesialistutdanninga for psykologar. Til sist er også evaluering av vidare- og etterutdanninga eit viktig område. Ho har i haust sett på spesialistutdanninga, dei ulike fordjupingsprogramma og innføringsprogrammet, og ser klare potensial for forbetringar.

Det skortar på kunnskap om pedagogikk, om kva læring er og kva som må til for at læring skal kunne skje

– Det skortar på kunnskap om pedagogikk, om kva læring er, og kva som må til for at læring skal kunne skje. Eg ønskjer at dei som underviser på vegner av oss, skal bli flinkare til å tilretteleggje for at læring skal kunne skje. Det betyr at dei må vite nok om kva læring er, og korleis dei skal sette i gang læringsprosessar hjå kursdeltakarane. Psykologar veit mykje om læring, men eg ønskjer at dei også skal forstå undervisning som ein pedagogisk og sosial prosess, som det ikkje er tilfeldig korleis ein planlegg og gjennomfører.

– Er denne kunnskapen for dårleg i dag?

– Utgangspunktet for oss er at det blir stilt krav om pedagogisk grunnkompetanse for alle som underviser på universitetsnivå. Svært mange av dei som underviser for Psykologforeninga, har denne, men ikkje alle. Vil vil tilby eit skreddarsydd opplegg som ledd i kvalitetsutviklingsprosessen for vidare- og etterutdanninga for psykologar. Vi meiner det er behov for retningsliner for korleis tilrettelegge for fruktbare undervisningssituasjonar og eit større medvit om korleis eit godt utdanningsforløp kan vere, seier Skinstad Fossum.

Læreprosessen i spesialistutdanninga foregår ikkje berre på skulebenken, men òg i samspel med kollegaer ute i praksis.

– Våre kandidatar skal lære av røynde kollegaer medan dei jobbar. Dei lærer av å observere kva slags haldningar og tilnærmingar desse kollegaene har til pasientane, og korleis avgjersler blir tekne på bakgrunn av fleire forhold og etiske refleksjonar. Dei som underviser, må forstå at denne delen av læringa også er avgjerande for kva som påverkar læringsprosessen og kva dei lærer bort. Dei som tar utdanning i vår regi, skal tileigne seg nytt stoff og nye metodar som er i tråd med utvikling av det enkelte fag og dei ulike problemstillingane ein kjem borti i praksis – og dei skal utvikle sin eigen praktiske yrkesteori. Korleis gjer vi det? Det er ikkje likegyldig korleis ein underviser.

KLOK PÅ KURS: – Eg møter denne jobben med stor audmjukheit. Det er flott å jobbe i ei forening der læring og undervisning er ein viktig del av foreninga sitt arbeid, seier Ingvild Skinstad Fossum.

Foto: privat.

Betre evaluering

  1. Veit de i dag om deltakarane lærer det dei skal?
  2. Evalueringa blir gjort like etter eit kurs, og då er kunnskapen enno fersk. Vi veit ikkje nok om korleis effekten er på sikt, og kan ikkje ut frå dagens prosedyrar seie om ein har nådd det som er målsetjinga for undervisninga. Dei som underviser, tenkjer ofte mest på det stoffet dei skal formidle, men kanskje ikkje nok på korleis ein skal formidle og forsikre seg om at læring faktisk skjer, slik at delatakarane kan omsette læringa til ny handlingskompetanse og auka refleksjon over eigen praksis.
  3. Helsestyremaktene er no meir opptatte av kvalitet i helsetenester og tilbod. På kva måte kan vidareutdanninga av psykologane bli betre?
  4. I dag er det ingen som evaluerer oss utanfrå, og difor må vi sørge for å ha ein god prosess for evaluering internt.
  5. Kva kjem Psykologforeninga til å satse på no?
  6. Det første er eit praktisk-pedagogisk kurs, som er det første i sitt slag i vår regi. Dette skal presenterast for koordinatorane for innføringsprogrammet i desember. Deretter skal sjølve kurset utviklast, noko vi søkjer statlege midlar til. Vi håper å kunne tilby kurset i løpet av 2006, og målet er at alle som underviser, skal få tilbod om å ta kurset.
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 12, 2005, side 1149-1150

Kommenter denne artikkelen