Du er her

Medolog? 

Publisert
5. august 2009

Pasientar brukar legen som psykolog. No krev forskar at legane får formell kompetanse på området. […]

Stadig fleire av oss betrur seg til fastlegen vår. Men allmennlegane har inga spesiell opplæring i å hjelpa folk med deira meir følelsesmessige problem.

– Det burde dei få, meinar allmennlege og forskar ved Universitet i Bergen, John Nessa.

– Vi får mykje erfaring med å snakka med folk, med å behandla folk, til dømes for depresjonar, men det er lite formell kompetanse. Det er heller ingen formell utdanning på området, seier Nessa til nrkhordaland.no.

Ifylgje Nessa bør allmennlegar læra meir om såkalla psykoterapi.

– Det betyr at ein lærer litt om korleis sinnet er skrudd saman og korleis ein kan behandla det, sier Nessa.

Gunnar Ramstad, fylkesleiar i Legeforeningen i Hordaland, er einig i at kurstilbodet kan styrkast, men minnar om at leganes erfaring og kjennskap til pasienten er vel så viktig.

– Det kan kompensere noe for fraværet av formell utdannelse på dette området, seier han.

NRK Hordaland 25.6.2009

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 8, 2009, side

Kommenter denne artikkelen