Du er her

Mekling mellom muslimar

Mange sakkunnige psykologar har opplevd meklingssituasjonar mellom muslimske foreldre som ekstra utfordrande. Foreningen for sakkyndige psykologer (FOSAP) tok ballen, og arrangerte seminar med Unni Wikan.

Publisert
5. oktober 2009

MOTTAKELEGE: Unni Wikan gav eit førtitals tilhøyrarar større innsikt i islam under seminaret i Oslo 4. september.

Kva legg muslimske familiar i uttrykket «det beste for borna»? I kva grad involverer ein born i konfliktar? Og kva for idear finst rundt tilhøvet mellom individ og fellesskap?

Unni Wikan er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo og Noregs kanskje største ekspert på islamsk kultur og tradisjon. Ho tok til med å understreka at muslimar som individ er like ulike som alle andre. Det er også store forskjellar mellom praktiseringa av islam, til dømes i den arabiske verda og i Asia, og også mellom kvar enkelt nasjonale kultur. Men det skriftlege grunnlaget for muslimske kulturar, Koranen og tradisjonane etter Muhammed, er dei same over heile verda.

Snakk med mor!

– Ifølgje islam er mannen og kvinna heilt ulike skapningar, sa Wikan. – Dei har ulike oppgåver i verda, og er fødde inn i ei arbeidsdeling.

Ho kunne mellom anna fortelja at faren i ein familie har einsidig forsørgjarplikt. Det vil seia at om mor har aldri så mange pengar, så kan ikkje mannen disponera over desse.

– Islam har altså praktisert særeige sidan 700-talet etter Kristus, sa Wikan.

Men dette fører naturleg nok også til at far er mykje borte frå heimen, og mor blir den primære omsorgspersonen og oppdragaren i familien.

– Det er mor sitt ansvar om borna blir heltar eller skurkar, meiner mange. Og dette fører til at mødrer ofte er strengare med ungane enn fedrane er.

På mange vis har altså kvinnene i islam ein sterk posisjon i heimen. Samstundes er det slik at faren er autoriteten og den som skal lydast, fortalde Wikan, og siterte vers frå Koranen om at dersom kvinna er ulydig, så skal mannen irettesetta henne. Om ikkje dette hjelper så skal han føra henne til eit avlukke og slå henne.

På mange vis kan ein seia at faren er familien sitt andlet ut mot samfunnet. Han er ute og jobbar, han avgjer tradisjonelt om kvinna får lov å gå ut eller ikkje, og han er oftare i situasjonar der han lærer norsk. Fordi dei ofte beherskar språket betre enn kvinnene, har fedrane i ein del muslimske innvandrarfamiliar teke over oppgåver som i mange samfunn tradisjonelt høyrer kvinnene til, som å ha kontakt med skulen, legen eller politiet.

– Far er autoriteten og representerer familien ut i samfunnet, men snakk med mor! understreka Wikan, som ved fleire høve har måtta læra rådville politifolk opp til at det er mora dei må snakka med om dei skal få informasjon om ungane. Ungane held fram med å vera mor sitt domene, sjølv om far står fram som familien sin representant.

Familien si ære

Kjønnsrollene viser seg tidleg. Frå borna er rundt to år, startar sosialiseringa til mann og kvinne. Smågutar har befalingsrett over søstrer, og ofte kan dei frå rundt seksårsalderen gje ordrer til eldre søstrer, med foreldra si velsigning. Gutar har òg fridom til å bevega seg fritt omkring, som jentene aldri har.

– Jenter lærer ærbarheit, forklarar Wikan. Æresomgrepet står sterkt, og ein kan seia at kvinnene og jentene er ansvarlege for slekta si kollektive ære.

– Den er avhengig av kvinnene si moralske og seksuelle dygd.

Solidariteten til familien er veldig sterk, og tanken er gjerne at familien har ei felles ære, som andre er ute etter å ta.

– Far er autoriteten og representerer familien ut i samfunnet, men snakk med mor!

Unni Wikan

– Borna blir sosialiserte til mistillit mot omverda, noko som jo gjev ei anna føring på livet, sa Wikan. Ho understreka at haldninga let seg forstå om ein hugsar på at storfamilien tradisjonelt i islam har vore det einaste velferdssystemet.

I møtet mellom tradisjonelle muslimske tankar rundt familieroller og ære og dei vestlege ideala om likskap mellom kjønna ligg kimar til ei rekke konfliktar. Fleire av psykologane i salen hadde erfaringar med familieforeiningssaker der far kom flyttande etter mor og born som allereie var integrerte i det norske samfunnet. I slike familiar misser faren ofte dei tradisjonelle rollene sine som forsørgjar og samfunnskontakt. Han kan ikkje språket, kjenner ikkje samfunnet og har ikkje jobb. Det er ikkje sjeldan at menn i slike situasjonar reagerer med vald.

Incest, eit ikkje-tema

Ein annan potensiell konfliktsituasjon er den som oppstår når kvinner med høg utdanning giftar seg med menn utan utdanning – eit ganske alminneleg fenomen i storbyar som Kairo, fortel Wikan. Desse ekteskapa ender òg ofte i problem og vald.

– Mannen skal vera eldre enn kvinna, og bør ha høgare utdanning, elles blir det ein uhaldbar ubalanse i relasjonen mellom kjønna, meiner mange.

Unni Wikan har i meir enn 40 år hatt fingeren på den islamske verda sin puls. Det byrja med at ho i 1964 budde eitt år i Alexandria. I 1968 flytta ho attende til Egypt, denne gongen for å studera arabisk og bu halvtanna år hos ein familie i Kairos fattigkvarter. Sidan har ho budd både i Oman, Yemen og på Bali, og hatt mange og lange opphald i land som Pakistan, Indonesia og India. Men ikkje ein gong i løpet av alle desse åra har ho høyrt nokon snakka om incest. Det er eit ikkje-tema i islam, sa ho.

– Eg veit ikkje om arabisk har eit ord for fenomenet eingong, sa ho, men understreka samstundes at det er all grunn til å tru at seksuelle overgrep mot born går føre seg også i desse kulturane. Men dette er eit område det er forska svært lite på, så kunnskapen er minimal.

– Sidan kvinnene har liggeplikt, eksisterer heller ikkje omgrepet valdtekt i ekteskapet. Men i dag er det mange både kvinner og menn i muslimske miljø som meiner at dette må modererast.

Nytt fenomen

Arne Brathagen, som i fleire år har jobba som sakkunnig, med mekling og med utgreiingar for barnevernet, opplevde seminaret som veldig nyttig.

– Eg har fått vita ting eg ikkje visste, sjølv om eg trudde eg hadde gode kunnskapar om feltet.

Som døme drog han fram det Wikan fortalde om dei særlege utfordringane som finst i møte med muslimar frå Pakistan. Då britane trekte seg ut av India i 1947, blei staten Pakistan grunnlagt på islam, som den einaste nasjonen i verda. I tillegg tok den med seg kastesystemet frå hinduismen. I dei seinare åra har i tillegg fundamentalismen vore på full frammarsj.

– Resultatet er rasisme sett i system, sa Wikan.

Brathagen, som har følgt familiesituasjonen til norske muslimar i mange år, fortel at skilsmål blant denne gruppa har vore svært uvanleg.

– Men det har vore ein markant auke dei siste fem åra.

I dag tar ganske mange muslimske kvinner steget ut av familien. Ifølgje Brathagen er desse av dei som har det vanskelegast i samfunnet. Dei kan bu tre hus bortanfor sine eigne foreldre, men oppleva at desse overser dei på gata, fordi dei har ført vanære over familien.

Unni Wikan fortel at i islam er regelen at kvinner har sterkt avgrensa rett til skilsmisse. Som meklar og sakkunnig er det òg viktig å vera klar over at ei rettskraftig skilsmisse etter norsk lov ikkje nødvendigvis fører til at kvinnene får fridom. Om mannen ikkje vil gje henne skilsmisse ifølgje islam, vil ho i praksis framleis vera gift.

Barnets beste

I norsk kultur er målet med oppsedinga av ungar at dei skal bli sjølvstendige, kritiske og reflekterte individ. Islam har eit heilt anna utgangspunkt. Muslimar som vil borna sine vel, lærer dei å skilja mellom rett og gale, og å lyda foreldra og dei som er eldre.

– Islam betyr ikkje fred og fridom, som mellom andre Abid Raja har hevda. Ordet betyr underkasting overfor Gud. Ein kan sjølvsagt argumentera for at dét vil kunna føra til fred og fridom, sjølv om dette altså ikkje er den primære tydinga av ordet, understreka Wikan.

I forlenginga av dette pliktar òg kvinner å vera lydige, og det same gjer borna, men det er ikkje nødvendigvis faren eller foreldra som har siste ordet.

– Mange som jobbar med muslimar i Noreg, trur at foreldra bestemmer over borna, men det er ofte slekta som bestemmer, dei eldste i familien. Kanskje er det mora sin eldre bror som er leiar av klanen i Noreg, fortalde sosialantropologen.

Også når det gjeld involvering av ungane, er det store forskjellar mellom kulturane. Medan mange i Noreg har ein tanke om at borna er skjøre og ikkje må eksponerast for livets velde, gjeld for muslimar generelt det motsette.

– Borna er med på alt frå dei er små, og det blir i mindre grad gjort forsøk på å verna dei, men vi ser tendensar til endring også på dette feltet. Utdanning, kulturmøte og modernisering utfordrar stadig dei tradisjonelle haldningane.

Det er ikkje uvanleg at foreldre, og særleg mor, involverer dei aktivt i samlivskonflikter, fordi ho reknar med å få støtte frå borna. Ideen blant muslimar er at borna må læra om livet – noko som fører til at dei har utruleg gode sosiale ferdigheiter samanlikna med born i vanleg norsk middelklasse.

– Dei kan veldig mykje om relasjonar og vaksenlivet, fortalde professoren.

Mannens plikt til å forsørgje søstrer og andre i storfamilien, svigermor si makt som eldre kvinne i klanen og kvinner sin fridom i samfunnet – konfliktområda i muslimske familiar er andre enn i tradisjonelle norske. Nokre timar på seminar med Unni Wikan gjorde dei frammøtte psykologane litt betre rusta til å hjelpa.

arne.olav@psykologforeningen.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 10, 2009, side 1004-1005

Kommenter denne artikkelen