Du er her

Rom for refleksjon

Ansvar for vedtak, sjukmeldingsrett og leiarpossisjonar – psykologane fossar fram i samfunnet. Ein av innleiarane under årets leiarkonferanse, statssekretær i helsedepartementet Kari Henriksen, åtvara forsamlinga: – Det krev ein sterk rygg å bera gode dagar.

Publisert
1. desember 2008

Ein dialogkonferanse er ein metode for brukarmedverknad gjennom å bryta ned skilja mellom ulike maktposisjonar, og har vore mykje brukt innafor rusfeltet. No ser det ut til at leiinga i Psykologforeningen vil nytta den same metoden for å koma nærare på sine brukarar.

Tre tema

Der tidlegare leiarkonferansar har tendert mot å bli eit «landsmøte light» – med innlegg og motinnlegg frå talarstolen, replikkar og hierarkisk møtestruktur – sto samtalen i sentrum på årets konferanse. Dei tre hovudtemaa blei presenterte av aktuelle innleiarar, som leiarane i høvesvis Spekter og Akademikerne, Lars Haukaas og Knut Aarbakke (24/7-samfunnet), spesialrådgjevar i Psykologforeningen, Anette Clausen (hovudsatsingsområdet) og professor Rolv Mikkel Blakar og statssekretær i Helsedepartementet Kari Henriksen (profesjonen i endring). Så var det tid for diskusjon og gruppearbeid, før innleiarane fungerte som responspanel og fekk spørsmål frå salen.

Stort engasjement

– Det er eit engasjementet her som eg ikkje har opplevd på lenge, seier Kristian Knudsen. Som representant i sentralstyret har han kjent til planane, men er likevel imponert over gjennomføringa.

– Leiarkonferansen har fått fram nye idear, til dømes rundt hovudsatsingsområdet psykologiske lågterskeltilbod. Deltakarane har blitt bevisstgjorte på at kvar enkelt kan gjera noko med det, meina noko og påverka sitt lokalmiljø.

Eigne meiningar

«Jeg vil gjøre den til årets mest spennende politiske møtepunkt for Psykologforeningen. Jeg gleder meg til å lytte og lære – til å bli inspirert og få nye innspill.» Slik presenterer Tor Levin Hofgaard sine eigne visjonar i programmet for leiarkonferansen. Og etter stemninga i salen, drøsen i kaffipausane, tilbakemeldingane under festtalane og aller mest engasjementet rundt gruppeborda å døma, såg han ut til å ha lukkast.

– Det har vært umulig å ikkje bli engasjert, seier Inga Medne. Som tilsett ved Ringerike sykehus representerer ho Buskerud lokallag. Reaksjonane frå andre ho har snakka med, har òg vore udelt positive.

– Eg har kjent meg provosert i alle retningar, og har opplevd at det har vore rom for å reflektera. Etter å ha vore med på denne konferansen er eg meir trygg på kva eg sjølv meiner om dei temaa som er blitt diskuterte.

LEIARKONFERANSEN

  • Årleg samling av leiarar, tillitsvalde og andre representantar for lokalavdelingane i Psykologforeningen
  • Har dei siste åra vore avvikla på Rica Park hotell i Sandefjord
  • 92 personar tok del i årets konferanse frå 29. til 30. Oktober
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 12, 2008, side 1540

Kommenter denne artikkelen