Du er her

Psykologspesialist/Psykolog til 100 % fast stilling

Helse Bergen - Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge / PBU Barnepost

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.  

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har sju allmenne poliklinikkar, to spesialiserte poliklinikkar, tre sengepostar, og ambulante tenester. Tilbod til lavfrekvente pasientgrupper er organisert i tyngepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) Barneposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Vi er lokalisert i det nye barnesjukehuset i Glasblokkane på Haukeland universitetssjukehus.

Stillinga er ledig ved Barneposten og er knytta til barn/føresette som er innlagde i sjukehuset. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gjev tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. Barneposten er ein 5 døgnsavdeling med plass til 6 barn i alderen 0 – 13 år. Det er ein korttidsavdeling med hovudvekt på utgreiing, observasjon og utprøving av behandlingstiltak i forhold til barnet og til dets familie. Vi arbeider kontinuerleg med kvalitetsforbetring, og vi er med i ei rekkje innovasjonsprosjekt der føremålet er å gje barn og familiane deira endå betre og tryggare helsehjelp.

Ønskjer du å bruke dine kunnskapar til å prege utviklinga av eit spesialisttilbod til barn og unge med psykiske lidingar? 

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel) jmf. Lov om helsepersonell § 20A.


Arbeidsoppgåver 

  • Psykologen sine kliniske arbeidsoppgåver er knytta primært til barn i aldersgruppa opp til 13 år
  • Arbeidsoppgåvene er utgreiing/behandling av psykisk sjuke barn i samarbeid med deira føresette
  • Psykolog vil arbeide i tett samarbeid med miljøterapeutar og andre psykologarspesialitar/legar


Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring med familiearbeid, EFST
  • Erfaring frå arbeid med barn/ungdom/ familiar i sjukehus/BUP
  • Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg


Personlege eigenskapar 

  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som trivast med å arbeide tverrfagleg
  • Gode samarbeidsevner, kunne vere fleksibel og open for endringar som kan skje i klinikken
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
  • Ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert


Vi tilbyr 

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fadderordning, rettleiing og internundervising


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.


Kontaktinformasjon: Paul Joachim Bloch Thorsen, seksjonsleiar, tlf. 55 97 44 46, e-post pact@ihelse.net og Robert Lie, assisterande seksjonsleiar, tlf. 55 97 44 50, e-post robl@ihelse.net


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
8. oktober 2024