Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF - Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Vi har ledig 100 % fast stilling psykologspesialist/ psykolog ved generell døgnpost ved DPS Volda.

Ved Volda DPS er du invitert til å vere med i eit fagleg fellesskap der psykologspesialist/psykolog, psykiater, psykiatriske sjukepleiarar, fysioterapeut ,sosionom med fleire, utgjer ein behandlingsressurs for pasientar som blir behandla i døgnposten.

Døgnposten har totalt 12 døgnplassar, inkludert 2 brukarstyrte plassar og 1 AHT (Akutt heimebehandlings team) plass. Døgnposten utgreiier og behandlar menneske over 18 år med psykiatriske lidelsar. Vi har menneske med psykoselidelsar, alvorlege depresjonar, angsttilstandar og andre komorbide tilstandar.

Fokuset vårt er på fagutvikling og vi strebar etter å ha eit høgt fagleg nivå til beste for pasientane våre. Vi ønskjer deg inn i et godt og utviklande tverrfagleg arbeidsmiljø!


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av menneske med psykiske lidelsar
  • Tverrfagleg samarbeid intern og eksternt
  • Bidra gjennom undervisning og fagleg utviklingsarbeid
  • Bidra i inntaksvurderinger
  • Delta i seksjonen sitt  fagråd m.m
  • Veiledning av personale og av psykolog i spesialisering


Kvalifikasjonar
Psykologspesialist/psykolog/universitetsutdanna
Erfaring frå arbeid innan psykiatri


Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide i tverrfagleg team
  • Gode ferdigheiter innan kommunikasjon og samarbeid 
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode skriftlege og muntllege norsk-kunnskapar
  • Personlege eigenskapar som passar stillinga og matching i team vil bli lagt vekt på ved tilsetting


Vi tilbyr

  • Rettleiing
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon:
Kim Damkjær Andersen, seksjonsleder, tlf. 412 33 081, e-post: kim.damkjaer.andersen@helse-mr.no


Lenke til annonsen
Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
27. oktober 2023