Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF - Poliklinikk BUP Volda

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon, med sengepost i Ålesund og ei famlieeining i Molde

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v­FHDuVf1TpYY   og her: https://www.youtube.com/watch?v­NGSg6xygovY 


Har du lyst å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?

Vi har ledig eitt års vikariat for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikken (BUP) i Volda. Stillinga kan på sikt verte gjort om til fast stilling. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar. 

Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Ved OCD-teamet  vert det etablert kompetanse på 4-dagers-formaet i samarbeid med fagmiljø i Bergen.

Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppebehandling til barn og ungdom med angstliding, og til  ungdom som strevar med mentalisering.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med andre helsetenester for barn, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetenesta


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
  • Tett samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
  • Samarbeid med pårørande


Kvalifikasjonar

  • Formelle faglege kvalifikasjonar
  • Norsk lisens/autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Det å vere personleg egna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting


Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
  • Gode evner til samarbeid med eiga og andre yrkesgrupper
  • Ynskjeleg med sertifikat for bil
  • Det blir krevd framlegging av politiattest før tilsetting


Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Kontaktinformasjon: Kari Standal, seksjonsleiar, tlf. 70 05 85 70.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
20. desember 2022