Du er her

Psykologspesialistar

Helse Bergen - Avdeling for rusmedisin / AFR Tertnes

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.   

Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ein sengepost og eit poliklinisk/ambulant team. Seksjonen har no fått eit nytt og spennande oppdrag der vi skal styrke arbeidet med valdsuteatte kvinner som også har samtidig rusmiddelavhengigheit. Vi skal difor tilsette to psykologspesialistar. Du bør søke om du er ein psykolgspesialist som trivst med teamarbeid, verdset tverrfagleg tenking, har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan formidle psykologfaget i tverrfagleg team og dessutan er god på systemtenking, er framoverlent og strukturert. Det er ein fordel å ha erfaring med pasientgruppa. Dei nye psykologane vil inngå i psykologfagleg team i seksjonen. 

Om stillinga  

Stillinga blir lyst ut i samband med at AFR har fått midlar til å styrke arbeidet med valdsutsatte kvinner. Det vil derfor vere ønskeleg med relevant kunnskap og erfaring relatert til denne pasientgruppen. Arbeidsoppgåvene knytt til stillingane vil i hovudsak bestå av å vidareutvikle og styrke AFRs kompetanse på arbeid med valdsutsette kvinner. Ein vil og jobbe med kartlegging, utgreiing og behandling av rus- og psykiske lidingar i samarbeid med andre behandlarar og miljøpersonale.  

Om seksjonen 

Ved seksjonen jobbar det i dag to psykologspesialistar og éin psykolog, éin legespesialist og éin lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen, som er tilgjengeleg for drøfting i utredningssaker, og som utfører nevropsykologiske testar etter avtale med psykolog og pasient. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.  

Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit obligatorisk behandlingsprogram, mellom anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, kunst- og uttrykksterapi, treningsterapi og miljøterapi.  

Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og småbarnsforeldre som har eller har hatt vanskar knytta til rusmiddel eller vanedannande medikament, og kan gi oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har og ei eiga leilegheit der familiar i sårbare fasar kan få tilbod om brukarstyrt innlegging.   

I seksjonen har vi eit godt arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit og eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.


Arbeidsoppgåver 

  • Kartlegging, utgreiing og behandlig av rusavhengige, herunder ROP-pasientar
  • Samhandling og rettleiing av samarbeidspartar internt og eksternt
  • Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning
  • Gi rettleiing til anna personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
  • Delta/leie terapigrupper


Kvalifikasjonar 

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling/psykisk helsevern og utgreiing/kartlegging
  • Interesse for eller erfaring med traumeterapi og personlegdomforstyrringar


Personlege eigenskapar 

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeidar målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt


Vi tilbyr 

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Kontaktinformasjon: Trude Larsen, leiar, tlf. 988 00 425.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen


Annonsen er fra Psykologtidsskriftets desember-utgave som har utgivelse 2. desember 2024 

 

Søknadsfrist
13. desember 2024