Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Vi søkjer psykologspesialist til habiliteringstjenesta for vaksne. Avdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar habiliteringstenester for vaksne, barn og unge, samt Lærings- og meistringssenteret. Den består av omtrent 25 årsverk.
Habiliteringstenesta for vaksne har åtte fagstillingar og er samansett av eit tverrfagleg team, inkludert nevrologar, vernepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant. Målgruppa er menneske med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Utfordringane er ofte komplekse og krev eit nært samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og dessutan mellom første- og andrelinjetenesta.
Habiliteringstenesta for vaksne held til i Haugesund, med kort avstand til flyplassen. Den vakre Hardanger-regionen ligg 2 timar unna med bil, Stavanger omtrent 1,5 timar unna, og Bergen omtrent 2,5 timar unna.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
Vi tilbyr
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon: Kari Anne Brynjelsen, avdelingsleiar, tlf. 901 09 185, e-post kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no og Marian Yrke, funksjonsleder HAVO, tlf. 905 45 974, e-post marian.yrke@helse-fonna.no
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)