Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa. Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 159 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og psykologspesialist i 100 % fast stilling til fagområdet psykose. Psykolog med særskild interesse for fagområdet kan også søke. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.
Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
* Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 160 pasientar i behandling
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
* Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuelutdanna personale med videreutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
* Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)