Du er her

Psykolog/psykologspesialist

Helse Møre og Romsdal HF - Poliklinikk psykisk helse DPS Molde

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Poliklinikk psykisk helse DPS Molde har ledig 2 vikariat for psykolog/psykologspesialist. Vi søker kollega som er interessert og engasjert i pasientar med psykiske lidingar.

  • 1 vikariat 100 % på B4DT-teamet i 1 år, frå 1. september.
  • 1 vikariat 50 % på B4DT-teamet og 50 % på FACT-teamet i 1,5 år, frå 1. september.

Begge stillingane er knytt til vårt B4DT-team. 4-dagarstilbodet vårt er for pasientar med ulike angstlidingar, og driv behandling etter B4DT-metoden. Tilbodet for OCD er fylkesdekkande, medan behandlinga av sosial fobi og panikkangst gjeld for pasientar i vårt opptaksområde. 

Den eine stillinga er delt mellom B4DT-temaet og FACT. I FACT er pasientgruppa personar med alvorlege psykiske lidingar, med ulike tilleggsproblematikk. Møtene med pasientar foregår hovudsakleg ambulant. Teamet har både utgreiing og behandling av pasientane. Teamet er tverrfagleg samansett og jobbar saman.

Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt inn i fleire ulike team: To allmennteam, Gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), Ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team. Poliklinikken har over 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri/legar i spesialisering, psykologspesialistar/psykologar, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.

Vi vektlegg arbeid i team for samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillingane eller dei ulike teama, ta gjerne kontakt.


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing
  • Psykoterapeutisk behandling
  • Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og undervisning
  • Delta i utviklingsarbeid og planlegging


Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter autorisert psykolog/psykologspesialist 
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern er ein fordel


Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner då det meste av arbeidet utførast saman med andre team-medarbeidarar
  • Du trivast med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting


Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Tilrettelegging for spesialisering
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Kontaktinformasjon: Tonje Sæter, seksjonsleiar, tlf. 71 21 73 50, e-post Tonje.Seter@helse-mr.no


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
12. oktober 2023