Du er her

Psykolog/psykologspesialist

Helse Bergen - Avdeling for rusmedisin / AFR Tertnes

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.  

Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin. Seksjon Tertnes er på veg inn i ei spennande omstilling. Seksjonen består av 3 sengepostar og eit ambulant team knytta til ei av sengepostane.

Sengepost 1, Tvangsposten, skal i begynninga av 2022 flytte inn i nyoppussa lokale i Dr. Martens-bygget ved Sandviken sjukehus. Posten vil ha 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Målsettinga med opphaldet er avrusing, stabilisering og motivering til friveleg behandling etter avslutta tvangsopphald. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa.
Sengepost 2, Kvinneposten, vil etter omstillingen ha 14 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling for rusmiddelavhengige kvinner.
Sengepost 3, Familieambulatoriet, er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit. Posten har 2 heildøgns sengeplassar, derav 1 brukarstyrt seng. Familieambulatoriet har også ambulant oppfølging av familiar fram til barnet når skulealder. Desse to sengepostane vil fortsatt vere lokalisert på Tertnes. 

Vi søkjer deg som ønskjer å bli ein del av vårt utvida psykologteam på seksjonen. 


Arbeidsoppgåver  

  • Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, herunder ROP-pasientar
  • Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt 
  • Deltaking i internt uviklingsarbeid, rettleiing og undervising
  • Gi rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
  • Delta/leie terapigrupper


Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstestesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling/psykisk helsevern og utgreiining/kartlegging vil vere ein fordel. Vi ønsker spesefikt å bygge kompetanse innanfor utgreiing/kartlegging, det vil derfor vere ein fordel om søkar har interesse for dette feltet. Spesialisering innanfor nevropsykologi er ei ønska retning men ikkje ein føresetnad


Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar


Vi tilbyr  

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  


Kontaktinformasjon: Trude Larsen, seksjonsleiar, tlf. 975 81 963, e-post trude.larsen@helse-bergen.no


Lenke til annonsen

Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
16. januar 2022