Du er her

Psykolog/ psykolog­spesialist

Helse Bergen, Avdeling for rusmedisin (AFR), Poliklinikk kanalveien

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ledig fire stillingar som psykologspesialist eller psykolog på døgneining og i poliklinikk, tre faste stillingar og eit vikariat. Stillingane er ledige etter nærare avtale. Psykologar som ikkje er spesialistar kan og søkje.

AFR har om lag 570 medarbeidarar fordelt over fleire poliklinikkar og døgnseksjonar. Det vil i dei neste åra gå føre seg spennande utvikling knytta til differensiering av tenester og forsking.

Post for avrusing tilbyr akutt medisinsk avrusing i psykososiale rammer. Vi tilbyr pasientane trygge omgjevnader, der dei blir møtt med tryggleik, fagleg forståing og omsorg når dei står i vanskelege psykiske og fysiske abstinensar. Post for døgnbehandling er eit tilbod for pasientar i aldersgruppa frå 18 år, som vel å arbeide med rusmeistring. Tilbodet er heilskapleg og kjønnsspesifikk. Målsetjinga er at pasientane sjølve skal få moglegheit til å utforske og utforme eigen endringsprosess saman med fagpersonar, pårørande og medpasientar. Våre arbeidsmetodar byggjer på faglege tilnærmingar som motiverande samtale, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv terapi, treningsterapi, musikkterapi, erfaringskompetanse, brukarmedverknad og kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar.

Poliklinikken held til i moderne lokale i Kanalveien 5 og har 37 tilsette, derav 19 psykologar, av desse pt 7 spesialistar i klinisk psykologi. Den tverrfaglege bemanninga består av lege, sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiar og musikkterapeut.

Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar. I avdelinga er det faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg og til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Poliklinikken gjev tilbod til pasientar med rusmiddelproblem frå 15 år og oppover. Polikinikken har fast samarbeid med “Jobb Først”-konsulentar (IPS) som er knytt opp til AFR og til poliklinikken.

Ta Kontakt med Seksjonsleiar Mai-Elin Lillevik Hagenes, tlf. 91148461 eller Seksjonsleiar Erlend Wittrup Djup, tlf. 90027883.

Ref.nr. 4253000788

Annonsen er fra Psykologtidsskriftets juli-utgave som utkommer 1. juli 2020
 

Søknadsfrist
12. juli 2020