Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Det er ledig 100 % fast stilling som psykolog i psykisk helseteam for barn, unge og familiar ved eining Barn, familie og helse. Stillinga er ledig frå 01.09.2024.
Giske kommune er opptatt av å levere gode tenester til alle innbyggjarane i kommunen, med stort fokus på barn og unge. Psykisk helseteneste til barn,unge og familiar er organisert i eining barn, familie og helse i lag med helsestasjonen, barnevernstenesta, legetenesta, tildelingskontoret, flyktningetenesta og fysio/ergoterapitenesta. Desse teama har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Kontorstad er rådhuset på Valderøya.
Kommunen etablerte i 2016 eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Målet er å kome tidleg inn med førebyggande tiltak og å styrke det tverrfaglege arbeidet. Teamet har i dag to tilsette; 100 % stilling som psykolog og 100 % stilling som familierettleiar/terapeut. Teamet er veldig engasjert i arbeidet med å gi gode tenester ved å jobbe i eit ressurs- og familieperspektiv, i tett samarbeid med andre tenester til barn og unge. I tillegg til klinisk individult arbeid, er det systemiske perspektive grunnleggande i tenesta. Vi er også opptatt av kollegarettleiing og gjensidig støtte i det daglege arbeidet. Einingsleiar for barn,familie og helse er næraste overordna.
For meir informasjon om tenesta kan du gå til Giske kommune si heimeside: https://www.giske.kommune.no/tenester/helse-og-levekar/psykisk-helse-og-rusteneste/psykisk-helsteteam-for-barn-unge-og-familiar/
Er du ein person som liker å jobbe med barn, unge og deira familiar, er strukturert, målretta og god på samarbeid, og er på utkikk etter ein spennande og lærerik arbeidskvardag, ser vi fram til å høyre frå deg. Stillinga kan vere svært aktuell for psykologer i spesialisering.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon: Gretha Giske, einingsleiar, tlf. +47 970 28 234.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)