Du er her

Psykolog

Stranda kommune

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter. Les meir

Er du psykolog og på utkik etter den ultimate muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er Stranda rette plassen for deg 


Vi kan tilby unik natur, fjord og fjell, og har eit av dei beste Offpisteanlegga i Norge.

Stranda kommune har ledig 100 % fast stilling som psykolog for snarleg tilsetjing.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.

Vitnemål, attestar og autorisasjonsdokument/HPR-nr.  skal leggast ved søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.


Arbeidsoppgåver

  • I samsvar med nasjonale tilrådingar skal psykologen jobbe både klinisk og på systemnivå
  • Undervisning om psykisk helse til pasientar, pårørande og fagpersonar


Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer autorisert psykolog/psykologspesialist
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil til tenestekøyring mot godtgjering etter staten sitt reiseregulativ


Personlege eigenskapar

  • Evne til å ta iniativ og vere løysingsorientert 
  • Samarbeide med andre profesjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt


Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid etter BTI/BTS
  • Fagleg utvikling gjennom erfaring og deltaking i nasjonale og kommunale nettverkssamlingar for kommunepsykologar
  • Veiledning
  • Lønn etter sentrale avtalar

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon


Kontaktinformasjon: Kjellaug Bergh, einingsleiar, PPT, tlf. 464 11 060 og Aina Holmberg, einingsleiar, Sosialtenesta, tlf. (+47) 464 11 065.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
19. mars 2023