Du er her

Magne Kvamme (1954–2024)

Magne Kvamme (Foto: privat)

Den 8. juni 2024 døydde Magne Kvamme, 69 år gamal.

Magne voks opp på Folkestad i Volda kommune i Møre og Romsdal, som det fjerde barnet i ein søskenflokk på åtte. Han gjekk på det 2-årige gymnaset på Nordfjordeid, og utdanna seg til psykolog ved Universitetet i Bergen. Han byrja si yrkeskarriere som skulepsykolog på Stranda på Sunnmøre, og gjekk så over i psykologarbeid ved Ålesund sjukehus. Her tok han spesialistutdanning i både klinisk psykologi og nevropsykologi. Magne hadde allsidige evne, og utvikla på eiga hand eit komplett pasientadministrativt datasystem.

Han vidareutdanna seg ved Institutt for Psykoterapi, der han seinare også vart læreterapeut og vegleiar. I meir enn 20 år arbeidde han som avtalespesialist.

Magne hadde ein roleg og sakleg veremåte, og var ein styrke for arbeidsmiljøet. Med bakgrunn i den rike og frodige folkekulturen på Folkestad og i Volda, kunne han mange historier. Desse vart så godt fortalt, at sjølv om me hadde høyrt dei fleire gonger før, så venta me i like stor spaning og fryd på at Magne på sin lågmælte måte nærma seg historia sitt høgdepunkt.

Han hadde stor interesse for musikk, og han komponerte melodiar og spelte gitar.

Fleire av oss gjekk gjennom åra lange fjellturar saman med Magne, i Tafjordfjella, Breheimen, Trollheimen, Stølsheimen, med vidare. Han var på desse turane ein sikker navigatør, og bidrog til gode stemningar der også.

I periodar over dei siste to tiåra opplevde Magne livspåkjenningar, med tap av nære relasjonar. Han klarte likevel å gå vidare på ein god måte, og dei siste åra han levde, fekk han gode personlege opplevingar. Han vart råka av alvorleg somatisk sjukdom, og den siste tida vart prega av dette.

Me kjem til å sakne Magne.

Våre tankar går spesielt til sønene Anders, Kristoffer og Halvard.

Torbjørn Alme, Gunnar Os Nilsen, Asle Rypdal og Ole Jonny Sørdal

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 61, nummer 10, 2024, side 723