Du er her

Kommune­psykologar og psykolog

VELKOMMEN TIL VAKRE SOGN – distriktet med mangfald av naturopplevingar frå høgfjell og bre til ribb-, fiske- eller kajakkturar i vakre fjordar. Sogndal er største senteret med urbant tilsnitt, og variert kulturliv. I tilgrensande kommunar finn ein mindre sentra, aktivt idretts- og kulturliv, gode oppvekststilvilkår og gode lokale fellesskap.

Kommunepsykologar til Sogn – ledige stillingar

 

Satsing innan psykisk helse

Kommunane har starta ein prosess for å førebu tilsetting av psykologar som ny kommunal fagprofesjon. Sentralt i prosessen vert god førebuing og tilrettelegging internt i den einskilde kommune. Vidare vert det gjennom etablering av interkommunalt psykolognettverk, danna fagleg fora for handtering av fagetiske spørsmål og felles utfordringar. Fagnettverket vil òg samarbeide nært med spesialisthelsetenesta og vere sentralt i høve til tiltak og felles undervisning ved spesialisering.

Sentrale føringar om den kommunale satsinga peikar på oppgåver som system- og samfunnsretta arbeid, førebyggande arbeid mot individ og grupper, lågterskel behandling og oppfølging av personar, familiar eller grupper. Kommunane vil vektlegge noko ulikt innan desse felta jf. full utlysing. Endeleg utforming av stillingsinnhald vert lagt i samarbeid med den som vert tilsett i stillinga og psykologen vil ha høve å påverke og forme det psykologiske helsetilbodet i kommunane.


Ledige stillingar:

Frå komande haust vert det lyst ledig 4 x 100 % stilling for kommunepsykolog. Stillingane fordeler seg på dei ulike kommunane, men vil ha nært samarbeid gjennom regelmessige møte i det felles interkommunale nettverket.

Vidare vert lyst ledig 100 % psykologstilling i Sogn regionråd. Stillinga er eit samarbeid mellom kommunane i Sogn og Høgskulen på Vestlandet. Sentralt for stillinga er kompetansehevingstiltak for tilsette i barnehagar og skular og undervisning, forsking og utviklingsarbeid ved høgskulen.


Kvalifikasjonskrav for stillingane

  • Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg med god framstillingsevne
  • Personlige eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
  • Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil


Vi tilbyr

  • Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Kommunane legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering, samt deltaking i relevante faglege nettverk
  • Interkommunalt nettverk for psykologar for kollegastøtte, gjensidig rettleiing og fagleg utvikling og samarbeid med spesialisthelsetenesta

Tilsetting skjer på vanlige kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga. 
Sjå heile utlysinga for dei fem stillingane på www.sogn.regionraad.n

 

Annonsen er fra Tidsskriftets mai-utgave som utkommer 2. mai  2019

Søknadsfrist
20. mai 2019