Du er her

Kommunepsykologar

Stranda- og Fjord kommunar

Er du psykolog og på utkikk etter den ultimate muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er dette rette området for deg. Vi tilbyr unik natur, fjord og fjell, og andre ekstreme opplevingar.

Som følgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100 % psykologstillingar i Stranda- og Fjord kommunar. Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale og regionale fagnettverk.

Den/dei som vert tilsett i dei respektive kommunane får i fellesskap organisere, prioritere og utforme ein modell for samarbeid og fordeling av eventuelle arbeidsoppgåver. Psykologane vil ha hovudkontor i den respektive kommunen ein blir tilsett i, men det blir lagt til rette for arbeid begge plassane. 

Søkjar må opplyse i søknadstekst kva for kommune ein er mest interessert å jobbe i eller om begge er like aktuell. 

Fjord og Stranda kommunar er ein nynorskkommune og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Les meir om kommunane her: Fjord kommune / Stranda kommune


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper / profesjonar
  • Vere med på å utvikle kommunen sitt førebyggande og helsefremjande arbeid saman med våre engasjerte tilsette


Kvalifikasjonar

  • Autorisert psykolog/psykologspesialist
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B og disponere bil
  • Det er krav om politiattest før tilsetjing

Vi oppmodar psykologstudentar om å søkje på stillinga. Kommunen ser på mulegheita for veileding internt og i samarbeid med andre kommunar. 


Personlege eigenskapar

  • Evne til å ta initiativ og vere løysingorientert
  • Evne til å samarbeide med andre profesjonar og tenesteutøving
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Personleg eignaheit vert vektlagt


Vi tilbyr

  • Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning
  • Mulegheit for å vere med på å utvikle psykologrolla i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid
  • Har ikkje søkjar gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi
  • Kommunen vil legge til rette for arbeid for partner


Kontaktinformasjon: Aina Holmberg, einingsleiar, tlf. (+47)464 11 065, e-post aina.holmberg@stranda.kommune.no og Jan Ove Gravdal, kommunalsjef Helse og Omsorg, tlf. 418 67 939, e-post jan.ove.gravdal@fjord.kommune.no


Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
18. mai 2021