Du er her

Avtale­heimlar i klinisk psykologi - Bergen

Helse Vest RHF

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig seks helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest innkjøp HF, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har om lag 27 300 medarbeidarar, omfattar femti sjukehus og institusjonar, og yter helsetenester til 1,1 million innbyggjarar.

3 stk. 100 % avtaleheimlar i klinisk psykologi i Bergen 3 stk.

100 % avtaleheimlar for godkjende spesialistar i klinisk psykologi i Bergen er ledig frå 01.07.19 og 01.01.20.

 

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening.

 

Avtalespesialistane skal bidra til at Helse Vest kan oppfylle «sørge for»-ansvaret. Det inneber mellom anna at avtalespesialistane utfører undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Den eine avtalespesialisten skal ha ein forpliktande samarbeidsavtale med Solli DPS, den andre med Betanien DPS, den tredje med Bjørgvin DPS. Avtalespesialistane skal samarbeide med høvesvis Solli DPS / Betanien DPS / Bjørgvin DPS om oppgåvedeling og for å sikre gode pasientløp. Avtalespesialisten skal også i et visst omfang kunne ta imot pasientar som er vurdert ved Solli DPS / Betanien DPS / Bjørgvn DPS. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen og i samarbeidsavtalen.

 

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest  og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22. Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar  skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.

 

Annonsen er fra Tidsskriftets mai-utgave som utkommer 2. mai 2019

Arbeidssted
Helse Vest RHF
Søknadsfrist
tre veker etter utlysing