Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland. Helse Vest RHF eig seks helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest innkjøp HF, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har om lag 30 000 medarbeidarar, omfattar femti sjukehus og institusjonar, og yter helsetenester til 1,1 million innbyggjarar.
2 stk. 100 % avtaleheimlar for godkjende spesialistar i klinisk vaksenpsykologi er ledig omgåande.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening.
Avtalespesialistane skal bidra til å oppfylle ”sørge for”-ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialistane foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialistane skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen ved Kronstad DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket (“ein-veg-inn”). Avtalespesialistane mottar pasientar frå helseføretaket.
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimlane.
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. kr 627 963.
Spørsmål om heimlane kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4068 Stavanger, eller til post@helse-vest.no.
Annonsen er fra Psykologtidsskriftets november-utgave som har utgivelse 1. november 2023
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)