Du er her

«Den splitta personleg­domen» – Schizofreni som metafor i norske tekstar

Den metaforiske bruken av schizofrenitermane ser ut til å vera både veletablert og variert, og den metaforiske tydinga er truleg på veg inn i norske ordbøker
Publisert
3. februar 2020
Abstract

«The split personality» of the terms schizofreni og schizofren – a corpus-based study of the use of the schizophrenia terms in Norwegian texts

This corpus-based study examines the nonprofessional use of the terms schizofreni (‘schizophrenia’) and schizofren (‘schizophrenic’) in two large Norwegian corpora. 1506 tokens of the adjective and 1758 tokens of the noun were found. 34,5 percent of the adjective tokens and 6,5 percent of the noun tokens were used metaphorically. Both terms appear to have two distinctly different meanings and usages in Norwegian: a non-metaphorical variant that refers to the mental disorder, and a metaphorical variant that reflects the etymology of the term by referring to various forms of «inner splits». The metaphoric use may thus contribute to the misconception of schizophrenia as split personality. Clinicians need to be aware of the polysemy of the terms, because the association between schizophrenia and split personality may combine with the media-enhanced association between schizophrenia and violence and create an image of schizophrenia as equivalent to a Jekyll/Hyde-personality. There is a need for a more informed and balanced portrayal of schizophrenia in media.

Keywords: media, metaphor use, schizophrenia, schizophrenic, stigma

Bruken av schizofrenitermane utanfor det psykiatriske fagfeltet fordeler seg på to distinkt ulike tydingar: I den eine tydinga refererer termane til diagnosen schizofreni, der den diagnostiserte som regel treng behandling av spesialisthelsetenesta. I den andre tydinga er termane brukte metaforisk for å referera til ulike former for ambivalens, inkonsistens og sjølvmotseiing. Den metaforiske tydingsvarianten reflekterer den bokstavelege tydinga til termane og bidreg til den utbreidde misoppfatninga av schizofreni som «splitta sinn» eller «splitta personlegdom».

Fagtermar brukte innanfor psykisk helsevern fangar ofte interessa til lekfolk og vert importerte til daglegtalen. Samanlikna med fagfolk har lekfolk gjerne andre assosiasjonar til termane og mindre grad av forståing av det fenomenet som termane refererer til (Meyer & MacIntosh, 2000; Nordahl-Hansen, Tøndevold, Øien & Fletcher-Watson, 2018). Og termane kan i folkeleg bruk bli brukte metaforisk om saker som på ingen måte høyrer inn under psykisk helsevern. Den folkelege bruken av termane kan bidra til forming, utbreiing og sementering av feilaktige eller unyanserte førestillingar om psykiske lidingar. Bruken av termane schizofreni og schizofren er truleg det beste eksempelet på dette.

Det er forska mykje på korleis journalistar og andre lekfolk oppfattar og framstiller schizofreni. Ifølgje ICD-11 er schizofreni ei gruppe psykiske lidingar som er kjenneteikna av forstyrringar på ei rekkje område: tenking, persepsjon, sjølvoppleving, kognisjon, viljesliv, affekt og åtferd (WHO, 2018). Schizofrenidiagnosen er assosiert med sterk stigmatisering og sjølv-stigmatisering, og forsking viser at denne stigmatiseringa vert forsterka ved at uforholdsmessig mange avisartiklar som inneheld schizofrenitermane (dvs. ulike språks utgåver av substantivet schizofreni og det avleidde adjektivet schizofren), handlar om valdssaker der gjerningspersonen hadde ein schizofrenidiagnose, sjå m.a. Magliano, Read, & Marassi (2011), Schlier & Lincoln (2014) og Anda (2013). Schizofreni er òg i uforholdsmessig stor grad knytt til valdeleg åtferd i spelefilmar (Owen, 2012). Denne ubalanserte framstillinga kan i verste fall føra til at personar med diagnosen schizofreni blir oppfatta som «tikkande bomber». Dette skapar frykt både i samfunnet og hjå personar med diagnosen (Nath, 2013).

I kontrast til dette finst det ei anna side ved schizofrenitermane som òg er grundig dokumentert internasjonalt, nemleg den metaforiske bruken. Schizofrenitermane er t.d. funne å bli nytta mykje oftare metaforisk i media enn tilfellet er for termane cancer og cancerous (Chopra & Doody 2007) og autismetermar (Thys, Struyven, Danckaerts, & De Hert, 2013). Og dei er oftare nytta metaforisk på Twitter enn termane diabetes og diabetic (Joseph, Tandon, Yang, Duckworth, Torous, Seidman & Keshavan, 2015). Den metaforiske bruken av schizofrenitermane ser ut til i all hovudsak å samsvara med etymologien til termane (gr. skhizein- ‘splitta’ + phren ‘sinn’ + i(a) ‘tilstand’) ved å referera til ei eller anna form for «indre splitting» i form av innbyrdes inkonsistente eller motstridande element. Dette samsvarer med den utbreidde feiloppfatninga at schizofreni tyder splitta eller multippel personlegdom (Economou, Richardson, Gramandani, Stalikas, & Stefanis, 2009; Luty, Fekadu, & Dhandayudham, 2006; Schomerus, Kenzin, Borsche, Matschinger, & Angermeyer, 2007). Andelen av metaforisk bruk av termane i ulike media varierer mellom 7,8 prosent for rumenske avisartiklar (Băban & Calo, 2013) og 73,7 prosent for italienske avisartiklar (Magliano et al., 2011). Anda (2013), som etter det eg kjenner til, til no er den einaste publiserte norske undersøkinga av bruken av schizofrenitermane i media, fann 46 prosent metaforisk bruk i 2010-årgangen av norske avisartiklar.

Metaforisk bruk av schizofrenitermane er altså eit utbreidd, men kontroversielt fenomen. Det er dermed på sin plass å undersøkja dette språkbruksfenomenet grundig. Temaet er særleg aktuelt i Noreg no fordi den metaforiske tydinga til schizofrenitermane truleg vil bli ført opp i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i samband med den pågåande revisjonen[1] av ordbøkene (Margunn Rauset, hovudredaktør for Revisjonsprosjektet, personleg kommunikasjon per e-post 14.05.19). I all hovudsak er det ifølgje Rauset bruksfrekvens som avgjer kva for nye ord og tydingar som vert tekne inn, sjølv om ein ofte tek nokre ekstra rundar med vurderingar når ein har å gjere med sjukdomsnemningar og andre ord som kan bli oppfatta som sensitive. I somme språk er dei metaforiske tydingane til schizofrenitermane allereie lista i ordboka: Både oxforddictionaries.com (engelsk), duden.de (tysk) og ordnet.dk (dansk) fører opp den metaforiske tydinga for adjektivet, og dei to førstnemnde òg for substantivet. Ved å føra den metaforiske tydinga av termane opp i ordbøkene vert den metaforiske bruken på sett og vis «konsolidert». Kan dette tenkjast å vera problematisk for fagfeltet og for dei diagnostiserte?

Tidlegare forsking på dette språkbruksfenomenet er i all hovudsak blitt utført av psykiatrar eller andre som er tilknytt psykiatriske/psykologiske forskingsinstitusjonar. Forskinga er gjort som ledd i arbeidet med å undersøkja og kartleggja den utbreidde stigmatiseringa som heftar ved psykiatriske lidingar generelt og schizofreni spesielt. Så vidt eg kan sjå, har ingen lingvistar delteke i desse undersøkingane, noko som kan ha ført til at ein del interessante språklege nyansar er forbigåtte. Til dømes har tidlegare undersøkingar, Anda (2013) inkludert, handsama adjektivet schizofren og substantivet schizofreni som eitt og same ord. Dei einaste unntaka er Chopra og Doody (2007) og Magliano et al. (2011), som gjev opp separate tal for adjektivet og substantivet og rapporterer om vesentleg høgare frekvens av metaforisk bruk av adjektivet i høve til substantivet i høvesvis britiske og italienske avisartiklar, og Joseph et al. (2015), som rapporterer om den same tendensen på Twitter.[2]

Kvifor ser adjektivet ut til å bli oftare brukt metaforisk enn substantivet? Og er verkeleg all metaforisk bruk av schizofrenitermane automatisk stigmatiserande, slik tidlegare forsking ser ut til å ta for gjeve?

I denne artikkelen presenterer eg ei undersøking av bruken av schizofrenitermane utanfor det psykiatriske fagfeltet. Undersøkinga er basert på søk i to norske korpus: Norsk aviskorpus og Leksikografisk bokmålskorpus, der sistnemnde er eit korpus (dvs. ei tekstsamling) sett saman av ulike teksttypar, som t.d. sakprosa, skjønnlitteratur og TV-teksting. Søk i desse korpusa genererer lister i KWIC-format [3]som inkluderer eit kort kontekstfelt til høgre og venstre for kvart treff på søkjeordet (ofte kalla konkordans). Målet er følgjande:

1) Å undersøkja korleis termane schizofreni versus schizofren fordeler seg på kategoriane metaforisk/ikkje-metaforisk bruk. Er adjektivet meir nytta metaforisk enn substantivet òg på norsk?

2) Å undersøkja korleis den metaforiske bruken av termane skil seg frå den ikkje-metaforiske bruken når det gjeld tyding og bruk. På kva måte/måtar kan den metaforiske bruken seiast å vera stigmatiserande?

Undersøkinga mi skil seg frå tidlegare undersøkingar på følgjande to måtar: 1) Tidlegare studiar har teke utgangspunkt i heile tekstar og slått alle tilfelle av termane i éin og same tekst saman til eitt treff, medan eg har analysert kvart og eitt treff på søkjetermane i kontekst i dei to korpusa. Dette gjev høve til å undersøkja alle førekomstane av termane i korpusa for seg, medan ei samanslåing av alle tilfelle i ein og same tekst til eitt treff vil kunna føra til at språklege nyansar går tapt, som t.d. ulike bruksvariantar, skilnadar mellom bruken av adjektivet schizofren versus substantivet schizofreni, osv. 2) Tidlegare studiar har berre undersøkt avistekstar og i tillegg avgrensa søket til avistekstar frå nokre spesifikke årgangar og/eller spesifikke aviser, medan eg undersøkjer alle førekomstar av schizofrenitermane i eitt korpus med 100 prosent avistekstar frå 24 aviser (Norsk Aviskorpus[4]) og eitt korpus der teksttypen «avis og periodika» utgjer 20 prosent (Leksikografisk bokmålskorpus[5]). Det at undersøkinga mi inkluderer andre teksttypar enn berre avistekstar og i tillegg femner om absolutt alle førekomstar av termane i dei to korpusa, gjer at søkjematerialet mitt både er meir variert enn – og etter alt å døma større enn – søkjematerialet til tidlegare undersøkingar. Dermed vil eg ha større sjanse for å fanga opp ulike metaforiske bruksvariantar.

Metode

Analysematerialet mitt består altså av KWIC-treff på søkjeordet schizofren* i Norsk aviskorpus og i Leksikografisk bokmålskorpus. Førstnemnde er eit korpus på ca. 1,5 mrd. ord bygt opp av dagleg innhausta tekstar publiserte i nettutgåvene til 24 norske aviser frå oktober 1998 til september 2015. Sistnemnde er eit balansert korpus på ca. 100 millionar ord bygt opp av ulike typar tekstar frå perioden 1985 til 2013 med det føremålet å utforska moderne bokmål. At korpuset er balansert, vil seia at det har ei sjangerfordeling som er meint å reflektera samansetjinga (type og frekvens av type) av tekstar som gjennomsnittslesaren møter. Fordelinga er slik: Sakprosa 45 prosent; Skjønnlitteratur 25 prosent; Aviser og periodika 20 prosent; TV-teksting 5 prosent; Upublisert materiale, småtrykk 5 prosent (Knudsen & Fjeld, 2013). Bruk av konkordansprogram som genererer lister over søkjeordet i kontekst, er den vanlegaste måten å studera eit korpus på innanfor språkforsking. Metoden gjer det mogeleg å undersøkja eit gjeve ord ved å studera store mengder av tilfelle av bruk av ordet i den umiddelbare språklege konteksten til kvart brukstilfelle. KWIC er det vanlegaste formatet for å visa søkjeresultata (Deignan, 2005: 78-9).

KWIC-treffa på søkjeordet schizofren* frå dei to korpusa vart lasta inn i Excel-ark og sjekka for dublettar ved hjelp av ‘Remove duplicates’-funksjonen i Excel først på venstre, så på høgre kontekstfelt. Merk at denne metoden ikkje vil fjerna alle tilfelle av «fleirbruk», dvs. tilfelle der fleire aviser nyttar same sitat, men med litt ulik ordlyd og språkleg kontekst. Då det er vanskeleg å «luka ut» alle døme på slik «fleirbruk» manuelt, valte eg å la treff som ikkje vart fjerna av ‘Remove duplicates’-funksjonen, stå. Dei resterande treffa vart sorterte i følgjande kategoriar: substantiv/adjektiv og vidare metaforisk/ikkje-metaforisk. Sorteringa av treffa på kategoriane metaforisk/ikkje-metaforisk vart gjort etter følgjande kriterium: Dersom schizofrenitermen ut frå konteksten ser ut til å bli brukt om ei psykisk liding som høyrer inn under psykisk helsevern, så er det døme på ikkje-metaforisk bruk, sidan termen her er brukt i den opphavlege tydinga av ordet. Dersom schizofrenitermen ut frå konteksten ser ut til å bli brukt om tilstandar som ikkje høyrer inn under psykisk helsevern, så er det døme på metaforisk bruk. I metaforisk bruk er termen brukt i ei tyding som er distinkt annleis enn den opphavlege tydinga, men som kan forklarast ved hjelp av ei metaforisk tilordning (samanlikning) mellom dei to tydingane (Pragglejaz-Group, 2007).

Dei metaforiske og ikkje-metaforiske KWIC-treffa vart deretter samanlikna for å sjå korleis dei to kategoriane skil seg frå kvarandre med omsyn til tyding og bruk. Dei siterte døma nedanfor er alle funne i korpusa, deretter er originalkjelda leitt opp ved hjelp av internett for å få ein større språkleg kontekst. Metaforuttrykka er utheva med feit skrift av meg.

Resultat

Tabellen under viser fordelinga på kategoriane ordklasse og metaforisk/ikkje-metaforisk bruk:

Den generelle bruksfrekvensen til adjektivet og substantivet er nokså lik, med høvesvis 1506 og 1785 treff, men fordelinga på bruksområde er ulik for dei to ordklassane: Medan substantivet schizofreni er nytta metaforisk i 6,5 prosent av førekomstane, er adjektivet schizofren nytta metaforisk i 34,5 prosent av førekomstane.

Den gjennomsnittlege prosenten for metaforisk bruk av schizofrenitermane er 20 prosent og dermed mykje lågare enn dei 46 prosent Anda (2013) fann i 2010-årgangen av norske aviser. Dette kan mellom anna skuldast at eg som nemnt nyttar eit meir omfattande materiale og ein annan teljemetode, men ikkje minst kan det skuldast ei spesiell sak som hausten 2011 og framover forårsaka svært mange av dei ikkje-metaforiske treffa i materialet mitt, og som dermed representerer ei kjelde til skeivfordeling i høve til normalen, nemleg den første sakkyndige rapporten om Anders Behring Breivik og den påfølgjande debatten om konklusjonen i denne rapporten: paranoid schizofreni. I tillegg inneheld materialet mitt mange treff på ikkje-metaforisk bruk av termane i samband med den mykje omtalte filmen «A beautiful mind» (Ron Howard, 2002), der Russel Crowe portretterer den nobelprisvinnande og schizofrenidiagnostiserte matematikaren John Nash (sjå Goodyear (2004) for ein kritisk analyse av framstillinga av schizofreni i denne filmen).

Ei nærare kontekstbasert undersøking av treffa på metaforisk versus ikkje-metaforisk bruk avdekte fleire skilnadar mellom dei to kategoriane. I all hovudsak dreier den metaforiske bruken seg om å subjektivt karakterisera noko(n), som t.d. her: «- Parken er landets desidert mest schizofrene festival!» (Robert Hoftun Gjestad, sitert i Mathisen 2013). Den ikkje-metaforiske bruken dreier seg derimot om å objektivt klassifisera noko(n), som t.d. i «diagnosen schizofreni» og «han er schizofren» (sjå òg Mannsåker, 2017b).

Der ikkje-metaforisk bruk ser ut til å samsvara med den faglege oppfatninga at schizofreni er noko ein anten har eller ikkje har, ser den metaforiske «schizofrenien» ut til å kunne vera både graderbar og partiell. I 42 prosent av tilfella av metaforisk bruk er det eit ord/uttrykk rett føre schizofrenitermen som anten graderer «schizofrenien» eller opplyser spesifikt kva avgrensa område som er «schizofrent»:

Sekstetten K(nine) er både mannsterke og en smule schizofrene. (Skutle, 2006)

Serien [Ally McBeal] er kanskje genial, men den er temmelig schizofren. (Nossum, 2000)

- Den skiltinga er jo helt schizofren, ler han. (Forbipasserande, sitert i Medby, 2014)

Den partielle «schizofrenien» opptrer på ei rekkje ulike område:

Spriket mellom de skjønnlitterære nominasjonene til Brageprisen og Bokhandlerprisen er mer enn påfallende. Speiler de to utvalgene et alvorlig tilfelle av litterær schizofreni? (Wandrup, 2013)

Nå sendes turistene gjennom 40 års politisk schizofreni på halvannen time. (Aano, 2003)

– Æ e jo helt schizofren når det gjelder klær. (Per Sundnes, sitert i Johnsen, 2005)

Eit anna særtrekk ved metaforisk bruk er at adjektivet ser ut til å kunna nyttast som måtesadverbial, dvs. som ei skildring av verbalhandlinga i setninga:

George Lucas må ha blitt forvirra av sin egen unike posisjon i universet, for han veksler schizofrent mellom å kjede folk i hjel med tomsnakk og forsøke å more dem til døde med barne-TV-fakter som ikke ville blitt innkjøpt som lørdags-underholdning på Kvadrat. (Abrahamsen, 2011)

Men det er altså plenty med norske menn som opptrer like schizofrent som Dr. Jekyll & Mr. Hyde; som fordømmer damene på dagtid og kjøper tjenester av dem på kveldstid. (Fossen, 2006)

Til tider deler handlingen seg på schizofrent vis i tre parallelle historier: En fotballkamp mellom to indianerstammer, et syrisk angrep på israelittene i profeten Elias? tid, og en ferjetur nedover elva Styx — en dødselv fra den greske mytologien. (Jonassen & Ottosen, 2009)

Generelt er variasjonsbreidda stor i den metaforiske bruken. «Schizofrenien» kan bestå i veksling att og fram mellom ulike element som avløyser kvarandre:

Før kveldens åttendedelsfinale mot Spania har Norge vært håndball-VMs mest «schizofrene» lag: Strålende spill mot Russland (25-25) og Slovenia (30-29), men bånn i bøtta mot Tunisia (19-28) og Ukraina (22-31). (NN, 2003)

Karl Ove Knausgård pendler mellom selvbiografi og roman som det passer ham. Selv svinger han «nesten schizofrent mellom selvforakt og stormannsgalskap». Mens mottakelsen vingler mellom «biografisk sladder, estetisk henførelse og psykologisk identifikasjon». (Anonym omtale av (og sitat frå?) pamfletten «Knausgårdkoden» av Eivind Tjønneland i Dagsavisen )

Eller «schizofrenien» kan gå ut på at noko(n) på ei og same tid består av innbyrdes inkompatible element:

Selskapet [Tine] har blitt en schizofren konstruksjon. […] Tine er litt senterpartipolitikk, litt ernæringspolitikk, mye distriktspolitikk, mye landbrukspolitikk, litt handelspolitikk og litt turisme. (Jensen, 2005)

Brussel er en komplisert og nærmest schizofren storby, som ligger like nord for den usynlige språkgrensen mellom fransktalende i sør og flamlendere i nord, som snakker flamsk — en slags nederlandsk. Den belgiske hovedstaden er ifølge loven tospråklig, selv om nesten 80 prosent av byens befolkning har fransk som morsmål. Språkstriden mellom de to befolkningsgruppene er et evig tilbakevendende problem som i årtier har splittet Belgias 10 millioner innbyggere språklig og kulturelt. Omkring 60 prosent av belgierne snakker flamsk, 40 prosent fransk. (Konstad, 2006)

Metaforisk «schizofreni» kan bestå i anten ei todeling eller fleirdeling:

Horst Tappert har utgitt sine memoarer under den lett schizofrene dobbelttittelen «Derrick og jeg. Mine to liv». (NN, 1998)

– Platen er like schizofren som meg selv. Dette er smakebiter av ulike ting som betyr noe for meg. Derfor er det både litt sentimentale ting, rocka ting og min egen antidop-kampanje, sier [Alex] Rosen. (NN, 1999)

Det å spela fleire roller eller på andre måtar veksla mellom svært ulike «modusar» ser ut til å kunna føra til «schizofreni»:

– Vi spiller inn hele 140 sketsjer, og ingen er like hverandre. Man kan lett bli schizofren av å sette på seg fire parykker daglig, sier Pernille. (Pernille Sørensen, sitert i Hagen, 2004)

Blant pressefolk har frustrasjonene ved å måtte velge blant samtidige foredrag og umuligheten i å finne en rød tråd vært samtaleemne. Men også andre har nevnt problemstillingen. For eksempel Henning Hagerup. Da han ankom Nansenskolen lørdag ettermiddag for å holde et foredrag om Svein Jarvolls «Melbourne-forelesningene», innledet Hagerup med å si at han følte seg litt schizofren. Han kom rett fra et annet oppdrag. Et foredrag om Prøysens bruk av sjangrer. – Jeg liker både Jarvoll og Prøysen, sa Hagerup. – Men hva har de til felles? Jo, begge skriver norsk. (Fredin, 2000)

– Blir du ikke schizofren av å pendle mellom så ulike språksfærer – det juridiske og det poetiske? spør vi advokatfullmektigen. Fra før er hun kjent som lyriker. (Aalen, 2003)

I desse døma ser «schizofrenien» ut til å vera eit resultat av ei «schizofren» åtferd. Vanlegvis er det omvendt – ein oppfører seg «schizofrent» fordi ein lir av «schizofreni». Ein kan spekulera på om den «eksogene schizofrenien» forårsaka av «schizofren» åtferd kanskje er av meir forbigåande art enn den «endogene schizofrenien», som forårsakar «schizofren» åtferd. Dersom den «schizofrene» åtferda opphører, forsvinn kanskje «schizofrenien» av seg sjølv?

Sjølv om schizofrenitermane ofte vert nytta som ein relativ negativ karakteristikk i metaforisk bruk, finst det ei rekkje døme på tilsynelatande meir nøytralt eller til og med positivt ladd bruk, som her:

«Det er i schizofrenien vi må finne identiteten til huset. Vi har rom for både fine frøkner fra Frogner og sånne svartkledde, langhårede stavangergutter med palestinaskjerf, som meg.», sa [Aslak] Sira Myhre til tidsskriftet Bøygen da han fikk jobben som daglig leder. (Munch, 2008)

Mannen med de mange ansiktene var i ferd med å forvandle seg til artisten med de mange kompleksene. Nå er Bowie tilbake med et helstøpt schizofrent album der pendelen, for ikke å si plekteret, svinger over et øs av ulike tidsepoker – hvis eneste fellesnevner er at du kan gjenkjenne dem alle som hans egne. (Nossum, 1999)

Variert repertoar fra schizofrene dødmetallkjemper. […] For de mest hardbarkede tihengerne var nok kveldens konsert fullkommen. For dem som er mindre kjent med Opeth, kunne det kanskje bli litt langtrukkent innimellom med låter på over ti minutter. Det var uansett en maktdemonstrasjon i progressiv og schizofren deathmetal publikum var vitne til. (Skutle, 2005)

Madcon beskriver «Icon» som en svært variert plate. – Den skiva her er jo totalt schizofren det er jo alt fra hardeste hiphop til 60-talls musikk, til reggae, til Motown. I essensen var vi en hiphop-gruppe som nå bryter ut av mange barrierer som ikke hiphop har tillatt. For meg betyr det at det ikke finnes noen grenser. Og det er noe jeg liker. (Tshawe Baqwa, sitert i ANB-NTB, 2013)

Det at schizofrenitermane kan nyttast med positivt forteikn, kan kanskje koma som ei overrasking, men det er faktisk dokumentert i tidlegare forsking. Dubugras, Evans-Lacko og de Jesus Mari (2011), fann i si undersøking av ei brasiliansk avis at schizofrenitermane vart nytta med positiv ladning i 19 prosent av tilfella av metaforisk bruk. (Guarniero, Bellinghini & Gattaz (2017) rapporterer på si side at alle tilfelle av metaforisk bruk i utvalde brasilianske aviser var negativt ladde.) Rodrigues-Silva et al. (2017) rapporterer om negativ lading i 91 prosent, nøytral lading i 5 prosent og positiv lading i 4 prosent av tilfella av metaforisk bruk i utvalde portugisiske aviser.

Det ser ut til å vera flytande overgangar mellom negativt, nøytralt og positivt ladd metaforisk bruk av termane i mitt materiale, og vurdering av lading vil alltid vera basert på ei kontekstbasert tolking. Då eg berre har lese korte brokkar av den umiddelbare konteksten til førekomstane og ikkje heile teksten der dei førekjem, er det ikkje alltid tilstrekkeleg grunnlag for plausible vurderingar av ladning. Dette gjer at eg ikkje har forsøkt å talfesta kor stor del av bruken som er positivt versus nøytralt versus negativt ladd i materialet. Det generelle inntrykket er at den udelt positivt ladde bruken er relativt sjeldan og typisk dreier seg om vellukka kunstnarisk kreativitet og sjangeroverskriding, noko som samsvarer med funna til Dubugras et al. (2011). Kreativitet handlar jo i hovudsak om å kombinera tilsynelatande inkompatible element til ein innovativ og uventa heilskap, slik at ein «schizofren» smak eller tankegang manifesterer seg i eit «schizofrent» (dvs. sjangeroverskridande/originalt) produkt. Vidare ser det ut til at den tydeleg negativt ladde bruken, som ofte dreier seg om karakteristikk av politiske organisasjonar som parti, regjeringar og statar, gjerne heller ikkje er den mest frekvente, jf. at «schizofrenien» ofte er framstilt som partiell eller «låggradig» heller enn altomfattande og total. Til dømes er ca. 12 prosent av tilfella av metaforisk bruk i korpusa utsegn der nokon omtalar seg sjølve som «schizofrene» i ein eller annan forstand, og i all hovudsak ser «schizofrenien» ikkje ut til å plaga dei i vesentleg grad:

Jeg gjør alltid ting jeg er redd for. Jeg er litt schizofren der. (Hilde Skaugrud, sitert i Øverbye, 2004)

Jeg er tospråklig, og nå er jeg i tillegg her i Norge, så jeg er blitt språklig schizofren. (Saunet Sparell, sitert i Marthinsen, 2006).[6]

- Jeg skal vel være en slags altmuligkvinne. Og jeg er så schizofren at jeg etter hvert er blitt en hel gjeng, smiler Lisa Tønne. (Lisa Tønne, sitert i Frøytlog, 2000)

Der reell schizofreni er ei psykisk liding som per definisjon berre kan råka eit enkeltindivid, kan den metaforiske «schizofrenien» òg råka grupper og ikkje-menneskelege fenomen:

At Frp vil stemme slik, var for så vidt ventet, men jeg skjønner ikke hvordan et så lite parti som Venstre, kan ha så sprikende meninger. Hvor schizofrent kan et parti egentlig være. (Peter Christian Frølich (H), sitert i Hoaas & Aadland, 2012)

Vi kastes inn i en passe vill, passe schizofren sjangremiks av Grease, dansebabes og menn i bleie. (Færden, 2011)

Man kan si mye om hvordan [Amy] Winehouse ble overeksponert, vekselvis hyllet og hånet, ydmyket og genierklært. Berømmelse er et schizofrent, livsfarlig beist. (Rambøl, 2015)

Omtale av «gruppeschizofreni», som i dømet med Venstre over, framstiller ei gruppe menneske som splitta, dvs. usamde seg imellom.[7]Det er altså ikkje snakk om at kvar medlem av gruppa er «schizofren», men at gruppa sett under eitt er «schizofren». Dømet med sjangermiksen over kan analyserast som ein personifikasjon av noko ikkje-menneskeleg, dvs. at sjangermiksen vert framstilt med menneskelege eigenskapar (her: å vera schizofren). Ei alternativ tolking er å sjå det som ein metonymi[8], der produktet (sjangermiksen) vert tillagt ein eigenskap som eigentleg tilhøyrer produsenten. Det er jo produsenten som har sett saman miksen, og viss miksen er «schizofren», må det til sjuande og sist skuldast produsenten. Dersom produsenten av miksen ikkje er eit enkeltindivid, men ei gruppe menneske, har vi to tolkingsalternativ. Anten har vi med «gruppeschizofreni» å gjera, som i dømet med Venstre over, dvs. at det er gruppa, ikkje kvar medlem, som er innbyrdes usamde/splitta. Eller så har vi med «kollektiv schizofreni» å gjera, dvs. at kvar og ein medlem av gruppa er «schizofren» i tydinga ‘sjangeroverskridande, kreativ’, og er sameinte seg imellom, jf. sitatet frå Baqwa/Madcon over. Dømet med Amy Winehouse kan òg anten analyserast som ei lekamgjering av berømming eller som ein metonymi der media (?) sin «byggja opp/riva ned-strategi» overfor kjende personar vert tillagt berømminga.

Diskusjon

Undersøkinga viser at adjektivet schizofren òg i norsk er vesentleg oftare nytta metaforisk enn substantivet schizofreni. Ho tyder også på at det i norsk finst to distinkt ulike tydingar av og bruksmåtar for schizofrenitermane:

  1. Ein tydingsvariant der termane refererer til diagnosen schizofreni, der den diagnostiserte gjerne er behandlingstrengande og kan vera psykotisk og utilrekneleg. Termane er i utgangspunktet ikkje graderbare når dei er nytta i denne tydinga ­­– anten har ein schizofreni, eller så har ein det ikkje, og diagnostiseringa vert gjort av fagfolk etter fastsette retningslinjer. Denne tydingsvarianten er i media ofte brukt i samband med alvorlege valdssaker, noko som bidreg til stigmatisering av diagnosen og av dei diagnostiserte.
  2. Ein tydingsvariant som er nær knytt til den bokstavelege tydinga til termane og til ei utbreidd misoppfatning av kva som kjenneteiknar reell schizofreni, dvs. «splitta sinn/personlegdom». Denne tydingsvarianten refererer til ulike former for «indre splitting» – i hovudsak ambivalens, inkonsistens og sjølvmotseiing. Termane er graderbare når dei er nytta i denne tydinga, «schizofrenien» er ofte partiell og treng ikkje alltid vera negativt ladd eller gjelda (enkelt)menneske. I tillegg kan adjektivet schizofren opptre som måtesadverbial, dvs. at ein kan gjera noko på ein «schizofren» måte. «Diagnostiseringa» vert gjort av lekfolk etter sterkt varierande «kriterium». Det er meir uklårt kva bruken av denne tydingsvarianten har å seia for stigmatisering av diagnosen og dei diagnostiserte.

Den metaforiske tydingsvarianten er etter alt å døma resultat av ein type determinologiseringsprosess som har ført til semantisk utvatning. Ved slike prosessar vert ein fagterm teken i bruk av lekfolk og abstrahert i så stor grad at han ikkje lenger refererer til det same fenomenet som fagtermen refererer til (Meyer & Mackintosh, 2000; sjå òg Mannsåker, 2018).

Eitt av kjenneteikna ved metaforar er at berre eitt eller nokre få aspekt ved det som den opphavlege tydinga av ordet refererer til, vert bevart i den metaforiske tydinga av ordet (Kövecses, 2010). I den metaforiske bruken av schizofrenitermane er det ideen om splitting av sinnet som årsak til mentale tilstandar og observerbar åtferd som er behalden. Denne ideen er nedfelt i sjølve schizofrenitermen, som bokstaveleg talt tyder ‘tilstand av splitta sinn’. Men denne ideen er ikkje lenger ein (sentral) del av den faglege forståinga av sjukdommen. Og det er verdt å merka seg at ingen av dei sentrale aspekta ved reell schizofreni, som utilreknelegheit/psykose, til dels store subjektive plager, stemmehøyring, avflata/inadekvat affekt, osv., ser ut til å vera «importerte» over til den metaforiske tydinga. Så det er ein vesensforskjell mellom tyding 1) og 2). Oppfatninga av schizofreni som splitta personlegdom kan i folkeleg bruk tenkjast å vera assosiert med begge tydingane. Men i motsetnad til den ikkje-metaforiske bruken ser den metaforiske bruken av termane ikkje ut til å vera assosiert med (uføreseieleg) valdelegheit.

Utviklinga av to tydingsvariantar av schizofrenitermane er ikkje unik for norsk. Som tidlegare nemnt listar nokre nærståande språks ordbøker begge tydingar, og truleg vil òg Bokmåls- og Nynorskordboka (UiB, 2018) på lengre sikt gjera det. Det er viktig for klinikarar å ha i tankane at schizofren og schizofreni er fleirtydige termar, og at den metaforiske bruken kan tenkjast å bidra til å oppretthalda og forsterka misoppfatninga av schizofreni som ekvivalent med splitta personlegdom (jf. t.d. sitata frå Sørensen og Tønne og omtalen av boka til Horst Tappert over). Denne feiloppfatninga kan finnast hjå både dei som vert diagnostiserte, deira pårørande, helsepersonell og befolkninga generelt. Kva konsekvensar kan det ha for dei diagnostiserte at mange (kanskje inkludert dei sjølve) trur at personar med schizofreni har eit splitta sinn / ein splitta personlegdom?

Skilnadar i bruken av adjektivet og substantivet

Sidan schizofrenitermane i den metaforiske tydingsvarianten ofte refererer til noko graderbart («en smule schizofren») og partielt («språklig schizofren») og inneber ei kategorisering av noko(n), er det ikkje uventa at det er adjektivet som er mest nytta metaforisk, då adjektiv som ordklasse refererer til både eigenskapar med lang varigheit og til tilstandar av forbigåande art (Kulbrandstad & Kinn, 2016). Jamfør òg Sontag (1979), som hevdar at når ein sjukdom vert ein metafor, vert han adjektivisk. Substantiv refererer på si side til klassar av ting (i vid forstand), og det er derfor logisk at substantivet schizofreni hovudsakleg vert nytta ikkje-metaforisk, då denne brukstypen primært dreier seg om referanse til diagnosen/sjukdommen.

Idealet innanfor psykisk helsevern ser ut til å vera å unngå bruk av adjektivet når ein omtalar personar med diagnosen. I den språklege praksisen People first language (kalla Nonhandicapping Language i APA-stilen[9]) er dette prinsippet nedfelt. Her skal alle adjektiv erstattast av substantiv, og alle er skal erstattast med har:

ein schizofren person → ein person med schizofreni

personen er schizofren → personen har schizofreni

Tanken bak denne praksisen er at dersom diagnosen vert nemnt først, som i ein schizofren person, så vert oppfatninga av personen negativt farga på førehand, og diagnosen får for mykje fokus. Det er i slike uttrykk (bokstaveleg talt) ikkje først og fremst snakk om ein person, men om ein diagnose. Målet er at det skal vera omvendt: Nemn personen først, så diagnosen. Dersom ein nyttar formuleringar som schizofren person / personen er schizofren, så framstiller ein schizofrenien som ein tilstand personen er i, eller som ein eigenskap ved personen. Brukar ein adjektivet åleine for å referera til personar med diagnosen, som t.d. dei schizofrene, framstiller ein på sett og vis personane som vandrande diagnosar (Mannsåker 2016; Lauveng 2006).

Innanfor adjektivforskinga er det blitt hevda at det er forskjell på konstruksjonar der adjektivet står attributivt til substantivet (ein schizofren person) og predikativt til substantivet (personen er schizofren): Førstnemnde posisjon signaliserer at adjektivet refererer til ein relativt permanent eigenskap, sistnemnde posisjon er nøytral i høve til om eigenskapen er permanent eller midlertidig (Cruse, 2011; sjå òg Mannsåker, 2017b). Jamfør skilnaden mellom ein roleg gut og guten er roleg. Synet på prognosen ved schizofreni verkar truleg inn på oppfatninga av adjektivet schizofren. Schizofreni vert av mange (feilaktig) oppfatta som ein sjukdom det ikkje er mogeleg å bli frisk av (Friis 2012). Derfor vil uttrykk som han er schizofren kunna oppfattast som ein karakteristikk av ein permanent eigenskap ved personen. Uttrykk som han er deprimert vil derimot kunna oppfattast som ein skildring av personen sin (midlertidige) tilstand, sidan depresjon vert oppfatta som ein sjukdom ein blir frisk av.

I motsetnad til adjektiv vert substantiv typisk nytta om entitetar, ikkje om eigenskapar og tilstandar. Ved å bruka substantivet schizofreni skil ein personen og sjukdommen. I uttrykk som ein person med schizofreni og ein person som har schizofreni vert det referert til to separate entitetar: personen og sjukdommen. I uttrykk som ein schizofren person vert det berre referert til éin entitet: personen. I uttrykk som den schizofrene vert det òg berre referert til personen. Men her refererer ein til personen ved hjelp av namnet på diagnosen hans. I slike uttrykk har diagnosen bokstaveleg talt erstatta personen.Granello og Gibbs (2016) rapporterer om eit forsøk som viste positiv effekt på haldningar ved bruk av People First-formuleringar. Men People First-praksisen og effekten av han er omstridd, sjå t.d. Collier (2012a; 2012b; 2012c), Louis (1999), Sinclair (1999) og Strand (2018). Og det er viktig å vera klar over at ordklassar ikkje har negative konnotasjonar i seg sjølv. Adjektiv kan referera til både positive og negative så vel som permanente og midlertidige eigenskapar, jf. adjektiv som sprek, lat, intelligent, søvnig. Grunnen til at ikkje-metaforiske konstruksjonar med adjektivet schizofren kan oppfattast som stigmatiserande, er at fenomenet som vi kallar schizofreni, er stigmatisert. Konsekvent bruk av og sterk insistering på People First-konstruksjonar kan paradoksalt nok tenkjast å understreka dette. Adjektiv avleidde av sjukdomstermar får då nærast status som tabuord som ein for all del må unngå å bruka i omtale av personar. Dette kan mogelegvis få negative konsekvensar for oppfatninga av sjukdomstermane: Kan schizofreni vera ein gangbar og uproblematisk term å bruka dersom den avleidde termen schizofren blir oppfatta som så problematisk?

Er den metaforiske bruken av schizofrenitermane stigmatiserande?

Den folkelege bruken av schizofrenitermane kan sjåast i lys av førestillinga om det delte sjølvet. Somme kritiske røyster i psykiatrien har kalla termen schizofreni meiningslaus og mystisk (Van Os, 2010; Kingdon, Gibson, Kinoshita, Turkington, Rathod & Morrison, 2008), men i røynda kan det vera tvert om: Ideen om det delte sjølvet/sinnet er nedfelt i både tanke og språk, m.a. i Freud sin egomodell og i det tradisjonelle skiljet mellom fornuft og kjensler (Damasio, 2001). Språket tillèt t.d. at ein person kan vera agens og patiens i setninga, som her: Eg tvinga meg til å le.[10](Sjå òg Talmy, 2000; Lakoff & Johnson, 1999; Mannsåker, 2010; 2017b.) Termen schizofreni, som bokstaveleg tyder ‘splitta sinn’, gjev derfor sannsynlegvis meining for folk flest. Den bokstavelege tydinga er truleg relativt kjend, og ‘sinnssplitting’ tett assosiert med sjukdommen, sidan etymologien til termen er presentert i mange oppslagsverk, og sjukdommen gjennom tidene ofte er blitt definert og omtalt som t.d. «spaltet sinn» (Malt, 2016) og «personlighetssplitting», sjå (Mannsåker, 2017b).

Det delte sjølvet impliserer ikkje avvik, men ein allmenn, normal tilstand. Alle har i større eller mindre grad erfart indre motsetnadar, der «delane» er usamde seg imellom. Jamfør det engelske uttrykket to be in/of two minds ‘be unable to decide between alternatives’ (oxforddictionaries.com). Indre splitting, derimot, kan ofte referera til ein meir alvorleg og omfattande problematikk. Ifølgje Berrios, Luque & Villagrán (2003) oppstod det i byrjinga av 1800-talet ein forklaringsmodell på avvikande åtferd som dei kallar «The Splitting Metaphor», og termen schizofreni oppstod som ein språkleg manifestasjon av denne modellen. I sjukdomssamanheng vert «splitta sinn» ofte tolka som «splitta personlegdom» (McNally, 2007), og lekfolk assosierer dette med uføreseielegheit, irrasjonalitet og vald (Economou et al., 2009). Denne oppfatninga vert forsterka av media si (ikkje-metaforiske) framstilling av schizofreni.

Den metaforiske bruken av schizofrenitermane ser derimot ut til i all hovudsak å vera knytt til ideen om det delte sjølvet som ein vanleg, ikkje-patologisk tilstand og kan tolkast som ein hyberbolsk og forsøksvis meir «fancy» og «lærd» måte å uttrykkja at noko(n) er prega av ei form for ambivalens/inkonsistens/sjølvmotseiing. Det ser nemleg ut til å vera korrelasjon mellom høg utdanning og metaforisk bruk av schizofrenitermane (Schomerus et al., 2007) og ein bruksskilnad mellom seriøse aviser og tabloidaviser: Sistnemnde koplar i sterkare grad schizofreni med brotsverk og vald, medan førstnemnde i større grad nyttar schizofrenitermane metaforisk (Schlier & Lincoln, 2014; Chopra & Doody, 2007; Boke, Aker, Alptekin Aker, Sarisoy, & Sahin, 2007). Og sjølv om fagfeltet ser ut til å vera kritisk til den folkelege metaforiske bruken av termane, kan det ironisk nok ha vore ein fagperson som var pioner for denne språkbruken. Ifølgje McNally (2007) stammar det (truleg) første dokumenterte tilfellet av metaforbruken frå den kjende amerikanske psykologen G. Stanley Hall, som i 1916 uttalte til Washington Post at han hadde utvikla «schizophrenia» som følgje av sitt elsk/hat-forhold til Tyskland:

«Schizophrenia,» Dr. Hall told me, «is a term much used by psychologists to describe a divided mind, of which the Jekyll-Hyde personality is one type. I was made in Germany, and everything I am I owe to German scholarship, for I spent some of my student days there. At the same time I deplore the militarist spirit. It is in trying to reconcile these conflicting tendencies in my self that I have developed schizophrenia or split soul. (Hall, sitert av ikkje namngjeven journalist i Washington Post-artikkelen «He calls it Schizophrenia», referert i McNally, 2007, s. 71)

Den metaforiske bruken dukka altså opp i media via ein fagperson maksimalt åtte år etter at schizofrenitermen vart danna, og lansert som erstatningsterm for det dåverande sjukdomsnamnet dementia praecox (Bleuler, 1908; Mannsåker, 2017a; 2017b). Og interessant nok brukte fagpersonen termen metaforisk om seg sjølv. Dette er ein form for bruk som òg er relativt utbreidd i materialet mitt. Dette tyder på at den metaforiske «schizofrenien» ikkje er knytt til stigmatisering på same måten som reell schizofreni er. Folk ville neppe ha frivillig omtalt seg sjølv eller produkta sine som «schizofrene» elles, jf. t.d. sitata frå Tønne, Rosen og Baqwa.

Kan det tenkjast å vera positivt for synet på diagnosen schizofreni at kjende artistar tidvis omtaler seg sjølv som «schizofrene»? Verkar metaforisk bruk av termane med relativt nøytral eller positiv lading ufarleggjerande og destigmatiserande? Det er grunn til å tru at dette ikkje er tilfellet, sidan skilnaden mellom den metaforiske tydinga og den ikkje-metaforiske tydinga er så stor. Schizofreni vert oppfatta som noko heilt anna enn «schizofreni». Den metaforiske bruken kan snarare bidra til (mis)oppfatninga av reell schizofreni ved å forsterka assosiasjonane mellom schizofrenitermane og førestillinga om splitta sinn/personlegdom.

Den meir positivt ladde bruken av termane i mitt materiale ser som nemnt ut til å vera knytt til vellukka kunstnarleg kreativitet. Dette er ikkje overraskande, sidan assosiasjonen mellom ulike former for «galskap» og kreativitet har eksistert i kulturen i lange tider (Schlesinger, 2009, sjå òg Goodyear, 2004). Sjølv om det skulle visa seg å vera ein fellesnemnar mellom desse (Fink et al., 2013), så vil ikkje det seia at ein dermed kan setja likskapsteikn mellom dei. Eit slikt syn ville vera romantiserande og trivialiserande i høve til schizofrenidiagnosen og sjukeleggjerande i høve til kreative menneske.

Det er viktig å understreka at dei fleste tilfella av metaforisk bruk i materialet mitt er meir eller mindre negativt ladde. Den metaforiske bruken bidreg sannsynlegvis slik til dei negative assosiasjonane som er knytte til termen schizofreni. Språkbruken kan dermed tenkjast å bli oppfatta som stigmatiserande og respektlaus overfor dei som har diagnosen. Dette er truleg ein utilsikta effekt i dei aller fleste tilfella. Sannsynlegvis bruker dei fleste desse termane metaforisk utan å tenkja på at det kan vera krenkjande for somme grupper (Mannsåker, 2018). I alle høve er bruksspennet i den metaforiske bruken stort, så det er vanskeleg å generalisera for mykje, sjå t.d. Pfleiderer & Hackl (2007), Nusca (2017) og Mathisen (2013).

Den metaforiske bruken kjem neppe til å forsvinna med det første. I kor stor grad han verkar stigmatiserande isolert sett, er vanskeleg å seia. Eit ord kan ha ulike tydingsvariantar og bruksområde, og det kan ha ulike assosiasjonar for ulike språkbrukarar. Det som truleg isolert sett bidreg klårt mest til stigmatisering av diagnosen, er den uproporsjonerte koplinga mellom diagnosen schizofreni og alvorleg vald i ulike media. Og når assosiasjonen mellom schizofreni og splitta sinn/personlegdom vert kombinert med assosiasjonen mellom schizofreni og vald, er grunnen lagt for ei oppfatning av schizofreni som ekvivalent med ein Jekyll/Hyde-personlegdom (NN, 2019). Denne misoppfatninga kan føra til at samfunnet fryktar dei som har schizofreni, og at dei som har schizofreni, fryktar seg sjølve (Nath, 2013). Fagfeltet og brukarorganisasjonar bør derfor saman med Pressens Faglige Utvalg prøva å jobba for at framstillinga av (reell) schizofreni i media vert meir balansert, slik Anda (2013) føreslår.

Studiens styrkar og veikskapar

Samanlikna med tidlegare undersøkingar nyttar eg ein meir finmaska analysemetode som gjev høve til å undersøkja korleis schizofrenitermane er brukte, og kva dei spesifikt refererer til i kvart og eitt tilfelle, noko som har fått fram eit meir nyansert bilete av den metaforiske bruken. Analysematerialet og metoden min gjer at mi undersøking ikkje er direkte samanliknbar med tidlegare undersøkingar talmessig. Det er t.d. mogeleg at avistekstar generelt har større del av metaforisk bruk enn andre typar tekstar, og at inkluderinga av det balanserte korpuset gjer at sistnemnde trekkjer ned metaforsnittet noko – eller vice versa. Det at fleire aviser nyttar same sitat (sjå metodedelen), kan føra til at visse idiosynkratiske bruksmåtar får uforholdsmessig store utslag i talmaterialet. Bruk av ordteljingsmetoden kan tenkjast å gje relativt fleire treff på ikkje-metaforisk bruk av termane i høve til metaforisk bruk enn tidlegare undersøkingar, som har nytta tekstteljingsmetoden. Det er rimeleg å gå ut frå at tekstar som omhandlar reell schizofreni, i regelen har relativt fleire treff på termane per tekst enn tekstar som nyttar termane metaforisk, sidan diagnosen schizofreni per definisjon er tema i førstnemnde og ikkje er tema i sistnemnde – typisk er termane der nytta berre 1–2 gonger, som eit språkleg verkemiddel.

Tidlegare undersøkingar har i regelen avgrensa seg til éi eller nokre få aviser og/eller til spesifikke årgangar, medan eg har «finkjemt» to korpus, utan omsyn til periode, sjanger eller kjelde. Dette har gjeve meg eit stort materiale, men eventuelle synkrone variasjonar mellom ulike teksttypar eller mellom forskjellige aviser og/eller diakrone endringar i bruken av termane over tid i det norske språket vil ikkje bli fanga opp av mi undersøking. Dei korpusa eg har brukt, strekkjer seg berre til 2015 og 2013, og bruken av termane dei siste åra er derfor ikkje registrert i undersøkinga mi. Eg har heller ikkje undersøkt og samanlikna bruken av andre psykiatritermar (t.d. autisme/autistisk og psykose/psykotisk) med bruken av schizofrenitermane. Kva menneske med diagnosen schizofreni og deira pårørande synest om den folkelege bruken av termane, er heller ikkje undersøkt. Desse temaa er aktuelle for vidare forsking.

Konklusjon

Det ser ut til å vera to distinkt ulike tydings- og bruksvariantar av schizofrenitermane i norsk, ein ikkje-metaforisk og ein metaforisk. Ei samanlikning av bruken av adjektivet versus substantivet viser at det er adjektivet som er klårt mest brukt metaforisk, eit funn som samsvarer med tidlegare forsking. Den metaforiske bruken av schizofrenitermane ser ut til å vera både veletablert og variert, og den metaforiske tydinga er truleg på veg inn i norske ordbøker. Kor stigmatiserande den metaforiske bruken er, er vanskeleg å seia, men han bidreg truleg til ei sementering av misoppfatninga av schizofreni som splitta personlegdom. Kopla med den sterke assosiasjonen mellom schizofreni og valdssaker i media kan dette ha svært uheldige konsekvensar for synet på dei som har sjukdommen, og kan føra til stigmatisering så vel som sjølvstigmatisering. Den metaforiske bruken er truleg vanskeleg å utradera, sidan han er så veletablert internasjonalt og ser ut til å resonnera med den innprenta ideen om det delte sjølvet. Men forhåpentleg vil det vera mogeleg å motverka den ubalanserte framstillinga av (reell) schizofreni i media.

 

Footnotes

  1. ^ https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og…
  2. ^ Rodrigues-Silva et al. (2017) rapporterer om vesentleg lågare frekvens av adjektivet i høve til substantivet samlasett, men oppgjev ikkje fordelinga av ordklassar i denmetaforiske bruken.
  3. ^ KWIC: KeyWord In Context.
  4. ^ Norwegian Newspaper Corpus Bokmål. Skapt av Norskaviskorpus. Distribuert av CLARINO UiB portalen.
  5. ^ Leksikografisk bokmålskorpus er utvikla ved Avdelingfor bokmålsleksikografi ved Institutt for lingvistiske ognordiske studier, UiO, med professor Ruth Vatvedt Fjeldsom prosjektleiar (https://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/prosjekter/lbk/)
  6. ^ Den «språklege schizofrenien» Sparell refererer til her, er vesensforskjellig frå språklege forstyrringarved schizofreni (Parnas, Kragh-Sørensen, Mors & Hemmingsen, 2009).
  7. ^ Jf. ordet skisma, av gr. skhisma ‘kløft, usemje’, som i sin tur er avleidd av skhizein og dermed etymologisk beslekta med schizofreni (Caprona, 2013). Jamfør òg det engelske uttrykket be of one mind ‘share the same opinion’ (oxforddictionaries.com).
  8. ^ Der metaforar som t.d. personifikasjon dreier seg om å omtala noko vha. ord som eigentleg refererer til noko heilt anna, som t.d. å framstilla eit show vha. termar knytt til psykisk helsevern,dreier metonymi seg om å omtala noko vha. ord som eigentleg refererer til noko det står i ei eller anna form for samband med. I uttrykk som «Vi treng fleire hender i eldreomsorga» har vi t.d. ein metonymi der ein del av heilskapen vert nytta for å omtala heilskapen – hender refererer her til personar, ikkje til kroppsdelar.
  9. ^ https://www.apastyle.org/manual/related/nonhandicapping-language
  10. ^ Jamfør òg tittelen på NRK sin dokumentarserie om ungdom med psykiske vanskar: «Jeg mot meg».
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 2, 2020, side 100-115

Kommenter denne artikkelen

Aalen, K. (2003). Språkspion i to leire. Stavanger Aftenblad. Henta frå https://www.aftenbladet.no/kultur/i/03RoE/Sprakspion-i-to-leire 29.04.2019.

Aano, T. (2003). Østalgi. Stavanger Aftenblad. Henta frå http://www.aftenbladet.no/fritid/reiser/Ostalgi-2615364.html 20.7.18.

Abrahamsen, A. (2011). Star wars 1 Den skjulte trussel The phantom menace. Henta frå http://www.arilabra.com/filmdatabase/2011/10/03/star-wars-1-den-skjulte-trussel-the-phantom-menace/ 20.7.18.

ANB-NTB. (2013). Madcon med ny plate. Nordlys. Henta frå http://www.nordlys.no/kultur/madcon-med-ny-plate/s/1-79-6800845 20.7.18.

Anda, L.G. (2013). Mord, galskap og løver – schizofreni i norske aviser. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 50(12), 1154–1162.

Băban, A., & Calo, L. (2013). The Stigma of Schizophrenia in Romanian Newspapers: a Content Analysis. Romanian Sociology, XI(3/2013), 8–22.

Berrios, G.E., Luque, R., & Villagrán, J.M. (2003). Schizophrenia: A Conceptual History. International Journal of Psychology and Psychological Therapy, 3(2), 111–140.

Bleuler, E. (1908). Die Prognose der Dementia Praecox (Schizophreniegruppe). Allgemeine Zeitschrift für Psychiatrie und psychisch-gerichtliche Medizin, fünfundsechzigster Band, 436–464.

Boke, O., Aker, S., Alptekin Aker, A., Sarisoy, G., & Sahin, A. (2007). Schizophrenia in Turkish newspapers. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, 42(6), 457–461. DOI:10.1007/s00127-007-0198-8

Caprona, Y.d. (2013). Norsk etymologisk ordbok: tematisk ordnet. Oslo: Kagge.

Chopra, A.K., & Doody, G.A. (2007). Schizophrenia, an Illness and a metaphor: analysis of the use of the term‘ schizophrenia’ in the UK national newspapers. Journal of the Royal Society of Medicine, 100(9), 423–426.

Collier, R. (2012a). Person-first language: Laudable cause, horrible prose. Canadian Medical Association Journal, 184(18), E939-E940. doi:10.1503/cmaj.109-4338

Collier, R. (2012b). Person-first language: Noble intent but to what effect? Cmaj, 184(18), 1977-1978. doi:10.1503/cmaj.109-4319.

Collier, R. (2012c). Person-first language: What it means to be a «person». Canadian Medical Association Journal, 184(18), E935-E936. doi:10.1503/cmaj.109-4322

Cruse, D.A. (2011). Meaning in language: an introduction to semantics and pragmatics. Oxford: Oxford University Press.

Damasio, A.R., & Lie, K.A. (omsettar) (2001). Descartes’ feiltagelse: fornuft, følelser og menneskehjernen. Oslo: Pax.

Deignan, A. (2005). Metaphor and Corpus Linguistics. Philadelphia, PA, USA: John Benjamins Publishing Company.

Det Danske Sprog- og Litteraturselskab (u.å.) Den danske ordbog. http://ordnet.dk/ddo

Dubugras, M.T.B., Evans-Lacko, S., & de Jesus Mari, J. (2011). Portrayal of schizophrenia in a prestigious newspaper in Brazil. Psychiatric services (Washington, D.C.), 62(5), 565–565.

Dudenredaktion. (2007). Duden: Deutsches Universalwörterbuch. Mannheim: Dudenverlag.

Economou, M., Richardson, C., Gramandani, C., Stalikas, A., & Stefanis, C. (2009). Knowledge about schizophrenia and attitudes towards people with schizophrenia in Greece. International Journal of Social Psychiatry, 55(4), 361–371.

Fink, A., Weber, B., Koschutnig, K., Benedek, M., Reishofer, G., Ebner, F., … Weiss, E.M. (2014). Creativity and schizotypy from the neuroscience perspective. Cognitive, Affective, & Behavioral Neuroscience, 14(1), 378-387. doi:10.3758/s13415-013-0210-6.

Fossen, E. (2006). Når verden banker på. Henta frå http://www.dagbladet.no/kultur/2006/07/06/470778.html 30.08.16.

Fredin, M.A. (2000, 22.05.). Dårskapens ende. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/darskapens-ende/65604283 29.04.19.

Friis, S. (2012). Kan man bli frisk av schizofreni? Tidsskr Nor Legeforen, 132(7), 847 - 848. doi:10.4045/tidsskr.12.0270.

Frøytlog, B. (2000). Jenter på tv-tur. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/jenter-pa-tv-tur/65648946 29.04.19

Færden, S. (2011). Absurde ablegøyer. Aftenposten. Henta frå http://www.aftenposten.no/osloby/byliv/Absurde-ablegoyer-170035b.html 20.07.18.

Goodyear, S. (2004). Schizophrenia as metaphor: ‘Madness’ and the cinematic asylum. (MQ91035 M.A.), Concordia University (Canada), Ann Arbor. Henta frå http://search.proquest.com/docview/305132333?accountid=8579 16.5.2019.

Guarniero, F.B., Bellinghini, R.H., & Gattaz, W.F. (2017). The schizophrenia stigma and mass media: a search for news published by wide circulation media in Brazil. International Review of Psychiatry, 29(3), 241-247. doi:10.1080/09540261.2017.1285976.

Granello, D.H., & Gibbs, T.A. (2016). The Power of Language and Labels: «The Mentally Ill» Versus «People With Mental Illnesses». Journal of Counseling & Development, 94(1), 31-40. doi:10.1002/jcad.12059.

Hagen, G. (2004). Lager «Idol»-parodi. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/lager-idol-parodi/65949867 29.04.2019.

Hoaas, K.C., & Aadland, C. (2012). Tiden renner ut for BHG. BT. Henta frå http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Tiden-renner-ut-for-BHG-2807457.html 30.7.18.

Jensen, T.Ø. (2005). TINE som forfallssymbol. Dagbladet. Henta frå http://www.dagbladet.no/kultur/2005/03/04/425156.html 20.07.18

Johnsen, LW. (2005). Poppoteten Per. Dagsavisen. Henta frå https://www.dagsavisen.no/innenriks/poppoteten-per-1.886442 29.04.19.

Jonassen, T.H., & Ottosen, P. (2009). Morten Abel romandebuterer. Dagbladet. Henta frå: https://www.dagbladet.no/kultur/morten-abel-romandebuterer/65270205 29.04.19.

Joseph, A.J., Tandon, N., Yang, L.H., Duckworth, K., Torous, J., Seidman, L.J., & Keshavan, M.S. (2015). #Schizophrenia: Use and misuse on Twitter. Schizophrenia Research, 165(2), 111-115. doi:https://doi.org/10.1016/j.schres.2015.04.009

Kingdon, D., Gibson, A., Kinoshita, Y., Turkington, D., Rathod, S., & Morrison, A. (2008). Acceptable terminology and subgroups in schizophrenia: an exploratory study. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, 43(3), 239–243.

Knudsen, R.L., & Fjeld, R.V. (2013). LBK2013: A balanced; annotated national corpus for Norwegian Bokmål. Proceedings of the workshop on lexical semantic resources for NLP at NODALIDA 2013; May 22–24; Oslo; Norway. NEALT Proceedings Series 19. http://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/prosjekter/lbk/index.html

Konstad, J. (2006). Belgias schizofrene hovedstad. Stavanger Aftenblad. Henta frå https://www.aftenbladet.no/utenriks/i/dGOzz/Belgias-schizofrene-hovedstad 29.04.19.

Kulbrandstad, L.A., & Kinn, T. (2016). Språkets mønstre: norsk språklære med øvingsoppgaver (4. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Kövecses, Z. (2010). Metaphor. A Practical Introduction (Second Edition ed.).  Oxford: Oxford University Press.

Lakoff, G., & Johnson, M. (1999). Philosophy in the flesh: the embodied mind and its challenge to Western thought. New York: Basic Books.

Lauveng, A. (2006). De schizofrene. Tidsskr Nor Legeforen, 126(8), 1176. Henta frå https://tidsskriftet.no/2006/04/gjesteskribent/de-schizofrene 14.05.19.

Leksikografisk bokmålskorpus. Utvikla ved Avdeling for bokmålsleksikografi ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, UiO. Heimeside: https://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/prosjekter/lbk/index.html

Louis, K.O.S. (1999). Person-first labeling and stuttering. Journal of Fluency Disorders, 24(1), 1-24. doi:https://doi.org/10.1016/S0094-730X(98)00024-2.

Luty, J., Fekadu, D., & Dhandayudham, A. (2006). Understanding of the term «schizophrenia» by the British public. World Psychiatry, 5(3), 177–178.

Magliano, L., Read, J., & Marassi, R. (2011). Metaphoric and non-metaphoric use of the term «schizophrenia» in Italian newspapers. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, 46(10), 1019–1025. doi:10.1007/s00127-010-0274-3

Malt, U. (2016). Schizofreni. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/schizofreni 20.7.18.

Mannsåker, H. (2010). «Inn i noko endå djupare» – Metaforbruk om sinnet og stemningslidingar (mastergradsoppgåve), Universitetet i Bergen, Bergen. http://bora.uib.no/handle/1956/11885

Mannsåker, H. (2016). Når berre sjukdommen står att. Bergens Tidende. doi:http://www.bt.no/btmeninger/debatt/Nar-berre-sjukdommen-star-att-325887b.html

Mannsåker, H. (2017a). Er schizofrenitermen moden for skraphaugen? Tidsskrift for Den norske legeforening, 137(6), 459–461. DOI:10.4045/tidsskr.16.0846.

Mannsåker, H. (2017b). Schizofrene symptom og splitta sinn – Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri. (Doktoravhandling), Universitetet i Bergen, Bergen. http://bora.uib.no/handle/1956/16645

Mannsåker, H. (2018). Når psykiatritermar vert metaforar: Ein kasusstudie av uttrykket «politisk autisme». Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 36, 95–137. http://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1491

Marthinsen, T.J.R. (2006). Sparell levende. Dagbladet. Henta frå http://www.dagbladet.no/magasinet/2006/04/04/462811.html 20.7.18.

Mathisen, J. (2013). – Parken er landets desidert mest schizofrene festival! Avisa Nordland. Henta frå https://www.an.no/parken/parken-er-landets-desidert-mest-schizofrene-festival/s/1-33-6706524 7.12.18.

McNally, K. (2007). Schizophrenia as split personality/Jekyll and Hyde: the origins of the informal usage in the English language. J Hist Behav Sci, 43(1), 69–79.

Medby, A. (2014). – Jeg måtte snu og ta et bilde. Nordlys. Henta frå https://www.nordlys.no/nyheter/jeg-matte-snu-og-ta-et-bilde/s/1-79-7555522 29.04.2019

Meyer, I., & Mackintosh, K. (2000). When terms move into our everyday lives: An overview of de-terminologization. Terminology. International Journal of Theoretical and Applied Issues in Specialized Communication, 6(1), 111–138. DOI:10.1075/term.6.1.07mey.

Munch, A.T. (2008). For folk – ikke fiff. Bok og bibliotek. Henta frå http://www.bokogbibliotek.no/for-folk-ikke-fiff 21.7.18.

Nath, D. (2013). The schizophrenia stereotype scares the sufferer too. Independent. Henta frå http://www.independent.co.uk/life-style/health-and-families/health-news/the-schizophrenia-stereotype-scares-the-sufferer-too-8937792.html?origin=internalSearch 20.7.18.

NN. (1998). Feirer Derricks farvel. VG. Henta frå http://www.vg.no/rampelys/tv/feirer-derricks-farvel/a/32441/ 20.7.18.

NN (1999). Turné og nytt TV-program. VG. Henta frå http://www.vg.no/rampelys/musikk/turne-og-nytt-tv-program/a/47655/ 22.7.18.

NN. (2003). Må fighte som ville dyr. VG. Henta frå https://www.vg.no/sport/haandball/i/nggerd/maa-fighte-som-ville-dyr 29.05.19.

NN. (2010). Knausgårds tryllering. Dagsavisen. Henta frå https://www.dagsavisen.no/kultur/boker/knausgards-tryllering-1.831582 29.04.2019

NN. Dr. Jekyll og Mr. Hyde. (2019). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/Dr._Jekyll_og_Mr._Hyde 29.05.19.

Nordahl-Hansen, A., Tøndevold, M., Øien, R.A., & Fletcher-Watson, S. (2018). En empirisk studie av autisme på film og TV. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 55(12), 1102-1107. Henta frå https://psykologtidsskriftet.no/2018/11/en-empirisk-studie-av-autisme-pa-film-og-tv 28.01.19.

Norsk aviskorpus bokmål. Laga av Norsk aviskorpus. Distribuert av portalen CLARINO UiB: hdl:11495/D9B5-0349-4330-0

Nossum, B. (1999). Stagnert storhet. Dagbladet (30.09.1999). Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/stagnert-storhet/65548916 24.04.2019.

Nossum, B. (2000). Bilvask 2000. Dagbladet. Henta frå http://www.dagbladet.no/kultur/2000/08/16/215480.html 20.7.18.

Nusca, A. (2017). Scaramucci: Reince Priebus Is ‘a F**king Paranoid Schizophrenic’. Fortune. Henta frå http://fortune.com/2017/07/27/scaramucci-priebus-schizophrenic/ 17.01.19.

Owen, P.R. (2012). Portrayals of Schizophrenia by Entertainment Media: A Content Analysis of Contemporary Movies. Psychiatric Services, 63(7), 655-659. doi:10.1176/appi.ps.201100371.

Oxford University Press (2018). Oxford English Dictionary. https://en.oxforddictionaries.com/

Parnas, J., Kragh-Sørensen, P., Mors, O., & Hemmingsen, R. (2009). Klinisk psykiatri. København: Munksgaard.

Pfleiderer, C., & Hackl, R. (2007). High-temperature superconductivity: Schizophrenic electrons. Nature, 450(7169), 492-493. Henta frå http://dx.doi.org/10.1038/450492a 31.05.19.

Pragglejaz-Group. (2007). MIP : a method for identifying metaphorically used words in discourse. Metaphor and Symbol, 22(1), 1-39. Henta frå http://dx.doi.org/10.1080/10926480709336752 31.05.19.

Rambøl, E.S. (2015). Far gone girl. Dagsavisen. Henta frå https://www.dagsavisen.no/kultur/film/far-gone-girl-1.380604 16.5.19.

Rodrigues-Silva, N., Falcão de Almeida, T., Araújo, F., Molodynski, A., Venâncio, Â., & Bouça, J. (2017). Use of the word schizophrenia in Portuguese newspapers. Journal of Mental Health, 26(5), 426-430. doi:10.1080/09638237.2016.1207231.

Schlier, B., & Lincoln, T.M. (2014). «Bluttaten» und «schizophrene Politik». Psychotherapeut, 59(4), 293–299. doi:10.1007/s00278-014-1058-0

Schlesinger, J. (2009). Creative mythconceptions: A closer look at the evidence for the «mad genius» hypothesis. Psychology of Aesthetics, Creativity, and the Arts, 3(2), 62-72. doi:http://dx.doi.org/10.1037/a0013975.

Schomerus, G., Kenzin, D., Borsche, J., Matschinger, H., & Angermeyer, M. (2007). The association of schizophrenia with split personality is not an ubiquitous phenomenon. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, 42(10), 780–786. doi:10.1007/s00127-007-0235-7.

Sinclair, J. (1999, 31.03.2016). Why I dislike «person first» language. Henta frå http://autismmythbusters.com/general-public/autistic-vs-people-with-autism/jim-sinclair-why-i-dislike-person-first-language/ 15.11.16.

Skutle, Ø. (2005). Tight som bare juling – Variert repertoar fra schizofrene dødmetallkjemper. BT. Henta frå http://www.bt.no/kultur/konsert/Tight-som-bare-juling-2305730.html 30.08.16.

Skutle, Ø. (2006). Følger lederne. BT. Henta frå http://www.bt.no/kultur/musikk/Folger-lederne-1798255.html 30.07.18.

Sontag, S., & Schøning, G. (omsettar) (1979). Sykdom som metafor. Oslo: Gyldendal.

Strand, N. (2018). Autisten i oss. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 55(12), 1096-1101. Henta frå https://psykologtidsskriftet.no/2018/11/autisten-i-oss 28.01.19.

Talmy, L. (2000). Toward a cognitive semantics. Cambridge, Mass.: MIT Press.

Thys, E., Struyven, C.I., Danckaerts, M., & De Hert, M. (2013). Stigmatization of schizophrenia in Flemish newspapers. Schizophrenia Research, 150(2–3), 598–599. doi:10.1016/j.schres.2013.08.040.

UiB/Språkrådet. (2018) Bokmåls- og Nynorskordboka. https://ordbok.uib.no/info/om_ordbokene_bm.html

Van Os, J. (2010). Are psychiatric diagnoses of psychosis scientific and useful? The case of schizophrenia. J Ment Health, 19(4), 305–317.

Wandrup, F. (2013). Å sette pris på bøker. Dagbladet. Henta frå http://www.dagbladet.no/2013/11/10/kultur/meninger/hovedkommentar/kommentar/litteraturpriser/30242943/ 20.7.18.

WHO. (2018). ICD-11. 6A20 Schizophrenia. Henta frå https://icd.who.int/browse11/l-m/en#/http%3a%2f%2fid.who.int%2ficd%2fentity%2f1683919430 16.10.18.

Øverbye, M. (2004). Englefjes. Dagbladet. Henta frå http://www.dagbladet.no/magasinet/2004/10/02/409993.html 20.7.18.