Du er her

Skapar mor dårlig oppførsel?

Teorien om at foreldre skapar dårleg oppførsel hos ungar gjennom attribusjon, står for fall.

Mødrer til ungar med dårlig opprøsel har ein tendens til å tenka at åtferda til ungane er vilja og er eit resultat av ungen sin natur, heller enn å sjå åtferda som ein følgje av ytre omstende. Dette har tidlegare forsking vist, skriv BPS Research Digest. Kan det henda at ungane blir påverka av måten mødrene tenker om dei?

I ein ikkje heilt fersk studie fekk Charlotte Wilson og kollegaer kontakt med 80 mødrer til treåringar som helsesøstrer vurderte som spesielt uskikkelege. Som venta fann forskarane fleire tankar om at barnet var vanskeleg med vilje hos mødrene til ungane med flest raserianfall og dårlig oppførsel. Men viktigare: Ved eitt års oppfølging fann dei at ungane si åtferd såg ut til å påverka mødrer sine tankar, og ikkje omvendt. Vanskelege ungar ved testpunkt ein gav fleire negative tankar ved testpunkt to. Medan negative tankar ved testpunkt ein ikkje gav meir vanskelege ungar ved testpunkt to.

Wilson kommenterer funna slik: – Det byrjar å bli tydeleg at tidleg åtferd som er vanskeleg å hanskast med påverkar mødrer sine tankar. Denne studien skapar sterkare tvil om hypotesen som seier at foreldra sine attribusjonar har ein direkte effekt på ungane sine åtferdsproblem.

Kjelde: Charlotte Wilson et al. (2006). Maternal attributions and young children’s conduct problems: A longitudinal study. Infant and Child Development, 15. Side 109–121.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 4, 2013, side

Kommenter denne artikkelen