Du er her

3 x større sjanse

for hjarteinfarkt hos menn som har blitt utsette for seksuelle overgrep i barndomen enn for menn som ikkje har blitt utsette for slike overgrep. Dette fann forskarar ved University of Toronto. Kvinner utsette for seksuelle overgrep viste ingen tilsvarande tendens.

Forskarane nytta data frå 5095 menn og 7768 kvinner som tok del i Center for Disease Control sin Behavioral Risk Factor Surveillance Survey (2010). 57 menn og 154 kvinner var blitt seksuelt misbrukte av nokon dei sto nær, før dei fylte 18 år. 377 av mennene hadde hatt hjarteinfarkt, og 285 av kvinnene.

Kjelde: Fuller-Thomson, E. et al. (2012). The link between childhood sexual abuse and myocardial infarction in a population-based study. Child Abuse & Neglect, Under trykking.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 10, 2012, side

Kommenter denne artikkelen