Du er her

Tankelaus lesing

Augo følgjer teksten vidare sjølv om tankane vandrar av garde, men ikkje på same måten som når du får med deg det du les.

Det er ikkje bare deg. Alle mistar no og då konsentrasjonen og går glipp av innhaldet når dei les. Men kva går føre seg i hjerne og auge når dette hender?

Erik Reichle og medforfattarane nytta fire frivillige førsteårsstudentar ved universitetet i Pittsburgh, USA. Alle kom minst 12 gongar til laben for ein times leseøkter, skriv Psychological Science 7. september. Først fekk dei lesa Prosessen av Kafka. «Men den var for engasjerande,» fortel Reichle. «Vi landa på Jane Austen si Sense and Sensibility. Den er ganske enkel, men samstundes litt tørr.» Forskarane spora augerørslene til studentane medan dei las på ein skjerm. Dei fekk beskjed om å trykka på ein knapp når dei opplevde at dei mista fokus. Datamaskina spurte òg no og då om dei nyleg hadde vore merksame eller hadde mista fokus.

Ved normal lesing fikserer augo på eitt ord for så å hoppa vidare til eit anna. Dei stoppar lengst ved uvanlege ord. Men når studentane miste fokus, blei mønsteret eit anna: augo fiksterte lengre på enkeltord, «som om dei bare ploga mekanisk av garde,» seier Reichle.

Den rådande oppfattinga er at augo ved lesing sankar informasjonen på sida, og at hjernen tek det den får, utan å gje noka særleg tilbakemelding til augo. Denne studien tyder på at dette kan vera feil. Det finst tvert om ei tydeleg kopling mellom augerørsler ved lesing og språkdanninga i hjernen.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 10, 2010, side

Kommenter denne artikkelen