Du er her

Førebygging av sjølvmord

Effekten av brev og telefonkontakt, tverrfaglege team og ulike beskyttande tiltak for pasienten er så langt ikkje dokumentert.

Dette viser ein fersk rapport frå Kunnskapssenteret om førebygging av sjølvmord.

– Rapporten bygger på oversikter som er utarbeidd ved andre senter. Desse fann vi gjennom systematiske søk i medisinske databasar, seier prosjektleiar Kurt I. Myhre.

Forskarane fann få studiar, og fleirtalet av dei dei fann, inkluderte få pasientar. I tillegg var mange av studiane metodisk svake. Rapporten syner at det er eit stort behov for forsking.

– På bakgrunn av dette kunnskapsgrunnlaget er det vanskeleg å slå fast kva for tiltak som har effekt, fortel Myhre.

Fleire studiar har undersøkt ulike tiltak som tek sikte på å fremje kontakten mellom pasienten og det psykiske helsevernet, men ingen av dei er gode nok til at ein kan slå fast effekten av slike tiltak. Oppfølging gjennom lokalt baserte psykiatriteam av pasientar med ei alvorleg psykisk liding er eit tiltak som ser ut til å redusera talet på sjølvmord. I norsk psykisk helsevern er distriktspsykiatriske senter det næraste ein kjem dette.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 3, 2007, side

Kommenter denne artikkelen