Ein mur mot innvandrarar
Knut Dalen
-
Knut Dalen
Allereie for hundre år sidan vart det bygd ein mur som skulle hindra uønskt innvandring til USA. Den er framleis i bruk i vårt fagfelt.
Om kort tid byrjar Donald Trump på sin andre periode som president i USA. Då han vann valet i 2016, lanserte han med brask og bram at det skulle byggast ein mur for å hindre innvandring av personar som var uønskt i USA. Muren skulle byggast langs grensa mot Mexico. Det Trump truleg ikkje kjende til, var at det allereie fanst ein mur for å hindre uønskt innvandring. Denne muren vart bygd over hundre år tidlegare, var om lag 12 tommar lang og 1,4 tomme brei. Oppå denne stod det fire klossar, kvar på 1 x 1 x 1 tomme. Alt var bygd i tre.
Ein mur mot utviklingshemma innvandrarar
Muren vart bygd for å hindre at psykisk utviklingshemma innvandrarar skulle sleppe inn i USA. Namnet på muren var opphavleg Knox’s Cube Imitation Test, seinare kalla Knox Cube Test. Konstruktøren var legen Howard A. Knox, som arbeidde for US Public Health Service på Ellis Island. Han publiserte ein artikkel i The Journal of the American Medical Association i 1914. Artikkelen har namnet A scale, based on the work at Ellis Island, for estimating mental defect (omtala på https://www.rasch.org/rmt/rmt133j.htm).
Knox Cube Test går ut på at testleiar bankar på dei fire klossane i ulike sekvensar som testpersonen skal gjenta. Sekvensane blir gradvis meir kompliserte. Knox skreiv at han i løpet av siste halvtanna året hadde testa over 4000 individ der det var mistanke om at dei hadde for svake kognitive evner til å kunne få sleppe inn i USA. Av desse var det om lag 400 som presterte så svakt at dei vart nekta innreise.
Framleis i bruk
Det er såleis «fake news» at det er noko nytt å bygge mur for å hindre uønskt innvandring til USA, for å nytte Trumps eige omgrep. Rett nok er muren frå 1914 svært liten, fysisk sett, men i stand til å skape store konsekvensar. Eg veit ikkje kor lenge USA var stengt for utviklingshemma innvandrarar, og heller ikkje kor lenge Knox Cube Test vart nytta i denne samanhengen. Testen lever i beste velgåande i verktøykassa til fleire av oss nevropsykologar, og blir brukt til å måle visuelt korttidsminne og minne for sekvensar. Men det er ei heilt anna historie.
Det er likevel tankevekkande å minnest historia til nokre av verktøya vi bruker i eigen praksis i dag, og kva følgjer desse har fått for enkelte menneske og grupper. Både profesjonelt og på fritida brukar vi ulike ting som har vorte utvikla på måtar som vi i dag ser på som uetiske.