Du er her

100 millionar til kommunepsykologar

Etter rekordmange søknadar i fjor lyser Helsedirektoratet i år ut 100 millionar kroner til psykologar i kommunane.

Psykologane skal bidra til å styrke det samla og tverrfaglege tilbodet innanfor psykisk helse og rus, som inkluderer helsefremjande og førebyggande arbeid i tillegg til behandling og oppfølging av psykiske helseproblem og rusproblem.

Fleksibelt

På nettsida helsedirektoratet.no fortel avdelingsdirektør Anette Mjelde at kommunane kan tilpasse bruken av psykologane til sine lokale behov.

– Psykologane kan fylle mange ulike oppgåver og roller. Dei kan arbeide med alt frå enkeltindivid, familiar, ulike grupper til heile lokalmiljø. Dei kan drive med systematisk kvalitetsarbeid, rettleiing, fagutvikling, eller tverrfagleg samarbeid.

Tilbakemeldingane på ordninga med psykolog i kommunen er gode, ifølgje avdelingsdirektøren, som legger vekt på at fleire no får tilbod om behandling i kommunen.

– Da kan ein anta at vi får ei riktigare tilvising til spesialisthelsetensta, og at ein del pasientar som før blei vist til spesialisthelsetensta, no får tilbod i kommunen fordi kommunane har fått utvikla eit tilbod. Dermed får pasientane hjelp på rett nivå ut frå behovet sitt.

Ulike løysingar

Mange av kommunane som i fjor fekk tilskot hadde valt barn og unge som hovudmålgruppe. Andre tilsett psykologar for å arbeide med rusmiddelproblematikk, eldre og/eller flyktningar og asylsøkarar.

Psykologane i ordninga får høve til å delta i nasjonale, regionale og lokale nettverkssamlingar i regi av det nasjonale kompetansesenteret for psykisk helsearbeid for vaksne i kommunane, NAPHA. Her kan dei utveksle erfaring og få fagleg påfyll. Søknadsfrist er 1. mars.

Les meir på www.helsedirektoratet.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 2, 2014, side

Kommenter denne artikkelen