Du er her

Pris for psykologisk førstehjelp

Psykolog Solfrid Raknes har fått årets innovasjonspris frå Helse Vest for utviklinga av verktøyet «Psykologisk førstehjelp».

INNOVATØREN: Solfrid Raknes mottok innovasjonsprisen av styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen.

Foto: Kjetil Alsvik.

To førstehjelpsskrin for psykisk helse blei gitt ut i 2011. Det eine for barn mellom 8 og 12 år, det andre for barn i alderen 13–18 år. Skrina kan kjøpast i ein vanleg bokhandel, og blir brukte av blant anna helsesøstrer, og fagfolk i PPT-tenesta og i skulehelsetenesta. Verktøyet kan òg brukast som sjølvhjelp, for eksempel når foreldre vil snakke med barnet sitt om ting det strever med.

– Det er ei stor ære å bli tildelt prisen. Det er bra at helsefremmande arbeid og førebygging av psykisk helse blir sett pris på, sa Solfrid Raknes til nettstaden helse.vest.no etter tildelinga av innovasjonsprisen.

Priskomiteen meiner skrina kan ha stor samfunnsøkonomisk verknad ved å bidra til at færre vil trenge behandling for psykiske lidingar i framtida. Prisvinnaren fekk 100 000 kroner og eit kunstverk signert HM Dronning Sonja.

Tidsskriftet

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 12, 2012, side

Kommenter denne artikkelen