Du er her

Tilpassing til demente

Stadig fleire personar med demens får eit tilpassa tenestetilbod.

ILLUSTRASJONSFOTO: YAY MICRO

243 kommunar har i dag demensteam eller demenskoordinator, viser tal frå Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse. Dette er over dobbelt så mange som i 2007. 246 kommunar har pårørandeskular eller samtalegrupper – nær ei firedobling samanlikna med 2007.

– Kommunane tek denne utfordringa på alvor. Styrka kvalitet i tilbodet sørgjer for at personar med demens og pårørande til desse kan oppleva tryggleik, meining og livskvalitet trass i sjukdom og funksjonssvikt, uttalar helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i ei pressemelding frå departementet.

Regjeringa la i 2007 fram ein plan for å styrka aktivitetstilbodet på dagtid for demente, gje betre kunnskapar og kompetanse, og legga til rette omsutsbustadar og sjukeheimar. Men delen heimebuande personar med demens som mottek eit dagtilbod er framleis låg. Regjeringa vil difor etablera eit øyremerkt tilskot slik at inntil 5000 personar delar av veka kan få eit slikt tilbod i 2012.

– Når tilbodet er bygd vidare ut, vil vi lovfesta kommunen si plikt til å tilby eit dagaktivitetstilbod for personar med demens, seier Strøm- Erichsen.

Tidsskriftet

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 10, 2011, side

Kommenter denne artikkelen