Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Det er no under tre månader til psykologar frå heile verda valfartar til Noreg og Oslo. Målet? Den europeiske psykologikongressen 7. til 10. juli.
«Relativt lovande». Det er den forsiktig-optimistiske skildringa til programkoordinator Per A. Straumsheim av påmeldingsstraumen til ECP2009. Startdatoen nærmar seg raskt, men med 1500 ferdigregistrerte deltakarar og 500–600 til under behandling, ser det ut til at målet om 2500 deltakarar kan vera innan rekkevidd.
– Kongressen tel som vedlikehaldskurs for spesialistar og som frie emne for dei som er under spesialisering, så det er fleire grunnar enn dei reint faglege til å melda seg på.
I tillegg kan Straumsheim reklamera med at studentar får heile kalaset for bare 1100 kroner. For andre deltakarar er prisen no 4300.
Vi har før skrive om den store russiske kontingenten som har meldt seg på. Straumsheim kan fortelja at det internasjonale miljøet òg er sikra av ei stor gruppe italienske psykologar. Rundt 90 av desse tenkjer seg til Oslo 7. til 10. juli.
Programmet blir lagt ut på nettsidene tidleg i juni, så for dei som endå ikkje har bestemt seg, blir det då råd å la seg freista på www.ecp2009.no.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen