Du er her

Kandidatar til Karl Evang-pris

Publisert
1. mai 2008

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for den sosialmedisinske pionerinnsatsen hans. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som er av verdi for denne.

Karl Evang-prisen for 2008 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold av verdi for denne, rettstryggleik og tryggleik i helseog sosialtenesta eller opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitiske spørsmål. Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil òg bli vurdert.

Prisen er på kr 50 000.

Prisen vert delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar 14. oktober. Seminar og prisutdeling finn stad i Oslo kongressenter (Youngstorget) og er ope for alle.

Komiteen som vel prisvinnar består av Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar), journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad, professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim, dekan Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmets høgskole og seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Skriftleg søknad kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til: Statens helsetilsyn, avd. II, postboks 8128 Dep, 0032 Oslo.

Frist for å sende inn søknad er 20. august 2008.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 5, 2008, side

Kommenter denne artikkelen