Du er her

Rettleiar i 25 år!

Publisert
1. juni 2005

Torleiv Odland har rettleidd psykiatrisk avdeling ved Sjukehuset Namsos i 25 år. Han avsluttar no denne rettleiingskontrakten. Rettleiinga har gått føre seg fire gonger i året sidan 1979, både på individuell basis og på det han kallar teambasert konsultasjon. Eg har hatt gleda av å ta del i dette dei ti åra eg har vore tilsett her.

Torleiv Odland.

Foto: Sverre L. Nielsen

På avslutningsdagen rettleidde Od-land eit team med medlemmer frå ein schizofrenipost, eit psykoseteam og frå kommunen. Pasienten det handla om var ein pasient med kronisk schizofreni og med langvarig historie i psykisk helsevern. I salen sat eit publikum frå avdelinga på om lag 30 personar. Odland hadde sin kjente inkluderande og trygge stil i høve til teammedlemmene. Han viste i praksis det han står for, at alle erfaringar er like verdifulle, og fekk medlemmene til å føle at dei hadde bidrag i høve til denne svært vanskelege og vedvarande problematikken. Også vi i salen sat igjen med eit inntrykk av at alle vart ivaretatt og at nyttig informasjon kom fram, som etter to timar enda i konklusjonar om vidare behandling og oppfølging. Med eit folkeleg språk, inneheldt oppsummeringa døme frå medlemmene sine erfaringar. På den måten vart dette også teamet sine konklusjonar, og ikkje ein utanforståande ekspert som kom med fasitsvaret.

Eg vil nettopp framheve Odland sitt språk i møte med helsepersonell som han konsulterer og rettleier. Språket er fritt for eksplisitte faguttrykk, som oftast berre gjev meining for godt skulerte psykologar og psykiatrar. Samstundes får Odland fram ein avansert og fagleg vanskeleg bodskap, som heile tida har pasientens historie og levde liv i dag i fokus, altså ein djupt humanistisk innfallsvinkel. Odland har aldri eksplisitt framheva kva for psykologisk teori han bekjenner seg til. Sjølv seier han at han har eit breitt perspektiv av både psykodynamisk, kognitiv, nevrokognitiv, familiepsykologisk og sosialpsykologisk innfallsvinkel i høve til pasientane.

Eg har arbeida på ulike avdelingar ved vårt sjukehus. Av mine erfaringar vil eg særleg hugse rettleiing av heile miljøterapeutgrupper, psykologar og legar ved ein intermediær- og akuttpost. Denne posten var ofte turbulent som følgje av mange innlagte og alvorleg sjuke pasientar. Slike postar vert utsett for stort psykologisk stress i form av splitting og projektiv identifikasjon. På ein beundringsverdig måte klarte Odland alltid å få oss til å førebu oss godt i høve til kasuspresentasjonane i ein elles arbeidsam og stressa kvardag. Ved detaljert gjennomgang av anamnese og personalet sine erfaringar med pasientane, vart gruppa roleg og samla og klarte alltid å konsentrere seg om problem vi trengte å løyse.

Odland vil bli sakna som rettleiar, og eg trur ikkje heilt det har gått opp for oss at denne «institusjonen» har forlatt oss. Han gjekk aldri tom for faglege nyttige bidrag til oss, og han gjekk aldri «av moten».

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 6, 2005, side

Kommenter denne artikkelen