Du er her

Jan Inge Sørbø

Publisert
5. august 2012

Litteraturviter, professor ved Høgskulen i Volda

JAN INGE SØRBØ

FOTO KRISTIAN FUGLSETH

1. Psykologi, som dei fleste vitskapar om mennesket, har element både av kritisk og meir positivt registrerande karakter. Den freudianske impulsen var jo svært viktig då kritisk teori (Frankfurtarskulen) utforma ideologi-kritikken. Men faget har også eit potensial til å stadfeste kulturens verdiar utan å stille spørsmål, dersom ein fokuserer sterkt på individets evne til å greie seg. Mykje populærpsykologi med vekt på individuell meistring, stadfester og godkjenner i realiteten verdiane i samfunnet omkring oss.

Mykje populærpsykologi med vekt på individuell meistring, stadfester og godkjenner i realiteten verdiane i samfunnet omkring oss

2. Det kan ein gjere berre ved fagkritisk sjølvrefleksjon. Berre dersom ein spør korleis faget fungerer i samfunnet, og dermed låner perspektiv utanfrå, kan ein utvikla kritiske perspektiv. Då har til gjengjeld psykologien eit stort potensial til å påpeike og kritisere korleis kollektive fenomen som (medie)narsissisme, flukt frå eksistensielle problem, kvasiverdiar og kollektive illusjonar knyter seg til menneskelege behov, og flytter inn i oss, så å seia.
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 8, 2012, side

Kommenter denne artikkelen