Du er her

– Ein leiar er lojal mot systemet

– Som leiar driv du systemkritikk innanfor svært strame rammer. Det kan kanskje høyrast ut som ein totalitær stat, men korleis skulle det elles vore? spør Bjørn Rishovd Rund.

Publisert
5. juni 2012

Krav : – Det er heilt nødvendig å stilla krav til behandlarane om å jobba effektivt og innanfor budsjetta som finst, seier Bjørn Rishovd Rund, tidlegare divisjonsdirektør for psykisk helse ved Asker og Bærum sykehus. Foto: Arne Olav L. Hageberg

Då Bjørn Rishovd Rund hadde dei følgjande orda på trykk i ein Dagblad-kronikk 31. mai 2007, var han divisjonsdirektør for psykisk helse ved Asker og Bærum sykehus:

Min oppsummering ved enden av perioden for Opptrappingsplanen er at dette har vært et nødvendig løft for psykisk helsevern og at intensjonene har vært de aller beste. Man har imidlertid ikke lagt nok vekt på å finne ut av om de tilbudene vi nå gir våre pasienter fører til bedre og mer effektiv behandling enn det vi hadde før Opptrappingsplanen. I mangel av adekvat forskning som kunne bidra med svar på disse spørsmålene, har de ansvarlige myndigheter i altfor stor grad satset på en massiv rapportering på kvantitative «produksjonsmål». Ingen av de måltallene det skal rapporteres på sier noe om det faglige innholdet i virksomheten eller kvaliteten i behandlingstilbudet.

I forkant av publiseringa hadde han lufta innhaldet for sine eigne overordna i Helse Sør-Øst, og tilbakemeldinga ovanfrå var klar: Dei ville ikkje nekta han å setta dette på trykk, men slikt gjer ein ikkje; ein problematiserer som leiar ikkje arbeidsgjevaren sine styringsmål.

– Eg skjønar dei, seier han.

Lojalitet

Vi sit på kontoret hans i lokala til Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, der han blei professor i fulltid igjen frå januar 2012.

– Eg skjønar dei som var leiarane mine i 2007, for det eg gjer i denne kronikken, er å peika på svakheiter som ein må halda seg lojal mot som leiar, seier han, og teiknardilemmaet like klart som om han skulle brukt neongul sjukebil-lakk.

Han angrar ikkje på kronikken. Han opplevde heller ikkje sanksjonar – såpass med toleranse og rausheit fanst det i Helse Sør-Øst. Men Rund understrekar at dilemmaet han sto i ved å publisera den, synleggjer det svært avgrensa handlingsrommet du har som leiar.

– Som leiar driv du systemkritikk innanfor svært strame rammer. Det kan kanskje høyrast ut som ein totalitær stat, men korleis skulle det elles vore? spør han, og svarar sjølv med å understreka at som leiar er du sett til å forvalta budsjett og system innanfor ein gjeven struktur. Maktar ikkje du det, må ein annan ta jobben.

Beinharde krav

Det er heilt nødvendig å stilla krav til behandlarane om å jobba effektivt og innanfor budsjetta som finst. Sjefane har på si side beinharde krav frå helsestyresmaktene, understrekar Rund.

– Om det er det som er problemet, så har eg vore ein del av fryktkulturen. Det er greitt at ei fagforeining støttar medlemene sine i at dei opplever det som problematisk å halda seg til strame rammer frå leiarane. Det skulle bare mangla. Men eg trur ikkje du vil finna ein leiar som seier: «Nei, eg har ikkje tillete mine tilsette å diskutera utfordrande arbeidstilhøve.» Samstundes har ein ikkje anledning til å bruka mykje tid og ressursar på å snakke om kor vanskeleg ein har det. Kravet og oppdraget vi har fått frå styresmaktene, er å hjelpa flest mogleg av dei som treng det. Det er ein leiar si fordømte plikt å formidla dette vidare til dei tilsette, seier Bjørn Rishovd Rund.

Om du som leiar ikkje kan halda dei rammene du er sett til å leie innafor, er konsekvensen at du sjølv går frå jobben, eller får beskjed om å gå. Og slik må det ifølgje Rund vera.

– Kravet frå «gølvet» vil vera der heile tida. Men når du er leiar, er du arbeidsgjevaren, påpeikar Rund, som sjølv hadde 800 personar under seg då han var direktør.

Diskusjonar er sjølvsagt

Han understrekar at ein sjølvsagt må ha fornuftige diskusjonar om korleis ein best nyttar dei midla ein har. Dette trur han også dei fleste er opne for. Men det den enkelte psykologen, legen eller sjukepleiaren som seier frå om vanskelege rammevilkår, truleg får høyra frå leiaren, er: «Dei pengane har vi ikkje.»

Bjørn Rishovd Rund er ikkje framand for tanken om at noko av forklaringa på at så få psykologar ønsker å bli leiarar, ligg i at dei føretrekker å vera terapeutar med retten til å klaga – ein greiare posisjon å ha.

– Det å vera leiar er noko ganske anna enn å vera terapeut. Ein høyrer det ofte sagt at som psykolog er vi godt kvalifisert til å bli leiar. Men eg er ikkje sikker på om psykologar er betre leiarar enn andre faggrupper, og eg trur heller ikkje verken sjukepleiarar eller legar tenker det.

Jobben er å vera lojal

Tidsskriftet pressar litt på, fortel at dei tre presidentane – for sjukepleiarar, legar og psykologar – er svært samstemte når dei fortel om fryktkulturen som rir helsevesenet. Og om at tre av fire psykologar som i marsutgåva fortalde om å vera i skvis mellom krav og empati, valde å vera anonyme av frykt for ubehagelege følgjer på jobben.

– Viss du ønskjer at eg skal seia at eg deler misnøya, så må eg seia at eg har ikkje opplevd det slik i mi tid som helseleiar. Eg kan skjøna misnøya, og eg meiner det er bra at nokon set den på dagsordenen. Den er viktig. Openheit er viktig. Samstundes – når ein er leiar, er ein ikkje fagforeiningspresident, og ein er ikkje psykolog.

Råd til leiarar

Kva råd vil så Bjørn Rishovd Rund gje til psykologar som vurderer å søka jobb som avdelingsleiar innanfor psykisk helsevern?

– Ver klar over at det er veldig forskjellig å vera arbeidsgjevar og å vera arbeidstakar. Og ver medviten om ansvaret og høvet ein slik posisjon gjev til å påverka systemet.

Han skulle gjerne sett at fleire psykologar tok på seg rolla som leiar, med alt det inneber av sjansar til å påverka ikkje bare den enkelte pasienten, men måten psykisk helsevern blir drive på.

– Men ver klar over at det er vanskeleg å kombinera rolla som systemkritikar med å vera leiar innanfor det same systemet, understrekar Rund, som med kronikken sin i 2007 etter eige mål bevegde seg heilt på kanten.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 6, 2012, side 584-585

Kommenter denne artikkelen