Du er her
– At eg ville døy, kunne ingen sjå
Dei siste fem åra har Cizzi skore seg med kniv og nekta kroppen sin mat. Like lenge har venninna følgt henne med kameraet.
Jacqueline Hellman har gjennom fleire år dokumentert veninna Cecilia Karlsson (21) sin kamp mot angst, spisevegring og sjølvskading. – Eg tenkte at bileta skulle få ein helande effekt, seier ho.
Den svenske fotografen har kalla prosjektet «Från andra sidan längtan». Bileta blei nyleg stilte ut i Malmö.
– Eg opplevde at folk tok med seg inntrykka frå utstillininga då dei gjekk, fortel Hellman.
– Samstundes finst det dei som er urolege. Dette er ein ny og personleg måte å skildra psykisk uhelse på. Nokre eg har snakke med om prosjektet har meint at det kan skada Cizzi. Men ingen av dei som har sett utstillinga, har vore inne på det sporet.
Frå hovudpersonen sjølv har Hellman bare fått positiv respons.
– Ho har begynt å eta sjølv no, etter fire år med sondemating. Både Cizzi og eg er veldig nøgde med utstillinga, seier Jacqueline Hellman.
Bileta i denne reportasjen er akkompagnert av Cizzi sine eigne tekstar.
arneolav@psykologforeningen.no
Kommenter denne artikkelen