Du er her

Eit felles løft for Europa

Under opninga i operaen sette Alexander Rybak og Frikar standarden. Den europeiske psykologikongressen blei eit stort løft for Psykologforeningen, eit viktig løft for det internasjonale samarbeidet og eit fagleg løft for deltakarane.

Publisert
5. august 2009

Frå Japan i aust til Los Angeles i vest, frå Johannesburg i sør til Tromsø i nord kom over 2000 gjester strøymande til Oslo. Etter endt kongress sit nok alle igjen med ei mengd av opplevingar og ny kunnskap, inntrykk og nye handtrykk. Det er ikkje godt å vita kvar ein skal byrja når ein skal rapportera frå psykologikongressen. Den samme forvirringen opplevde nok òg deltakarane då dei kom til Oslo tysdag 7. juli og fekk eit 234 siders programhefte i hendene. Postersessions og papersessions, symposier, keynotes og state of the art-innlegg – rundt 2000 bidrag fordelt over tre dagar på fire lokalitetar i Oslo sentrum. Her gjaldt det å halda tunga beint i munnen og timeplanen innan rekkevidd.

Levande legende

Trass i mange menneske var det sjeldan å oppleva trengsle under kongressen, men då sosialpsykologen Philip Zimbardo, mannen bak mellom anna det legendariske Stanford Prison Project og den bestseljande boka The Lucifer Effect, entra scenen i Oslo Kongressenter, var det nok glissent på dei fleste andre seminarromma. Så skuffa han då heller ikkje, men leverte eit forrykande foredrag som i løpet av halvannan time presenterte vondskapens røter og verkemåtar, medisinen for sjuke samfunnsstrukturar og målet for enkeltmenneske sine liv.

For at verda skal bli ein betre plass å vera, må psykologien sine innsikter nyttast på eit overordna samfunnsnivå

Foredraget hans The journey from the psychology of evil to heroism tok utgangspunkt i grusomheitene utført av soldatar i Abu Ghraib-fengselet i Irak. President Bush kalla overgriparane «nokre få rotne eple». Som ekspertvitne for ein av dei tiltalte soldatane fekk Zimbardo tilgang til dokumenta i saka og alle dei tusen bileta av overgrepa. Då han sidan skulle forska på materialet, var hypotesen at epla ikkje var rotne i og for seg, men at dei var gode eple (soldatar) plassert i ei dårlig tønne (fengselet), og at det var det som øydela dei. Men etter kvart kom han fram til at det heller ikkje var den dårlege tønna som var problemet. Det var dei dårlege tønnemakarane – representert ved president Bush, CIA-sjef George Tenet og forsvarsminister Donald Rumsfeld – som skapte grobunn for vondskapen. Slik argumenterte Zimbardo for at verda treng samfunnspsykologien, og at psykologar har ein viktig plass i utviklinga av sosiale strukturar og intervensjonar. Det held ikkje å operera på individnivå og sosialt nivå. For at verda skal bli ein betre plass å vera, må psykologien sine innsikter nyttast på eit overordna samfunnsnivå, lydde bodskapen frå mannen som Gerd Kvale i innleiinga si kalla ei levande legende.

Heider og ære

Den andre store opplevinga under kongressen var for mange opningsseremonien i operaen. Bygget i seg sjølv gjorde inntrykk, og då det tysdag kveld blei fylt med over 2000 psykologar som fekk møta artistar som Alexander Rybak, dansegruppa Frikar og operasongaren Magne Fremmerlid, var suksessen eit faktum.

Leiar for vitskapskomiteen, dekan Gerd Kvale ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Bergen, streka i åpningstalen under at konferansen sitt hovudmål var å styrkja psykologien som kunnskapsbasert fag.

– Den tematiske breidda i dei 2000 bidraga viser psykologien sin store relevans, sa ho.

SOSIALT SAMRØRE: Stilfull opning i operaen, mingling og småprat i Oslo Rådhus – og ad hoc studiesirkel rundt kongressprogrammet på Oslo Plaza.

Under opningsseremonien blei det òg delt ut ei rekke internasjonale prisar, og President i Norsk Psykologforening, Tor Levin Hofgaard, nytta høvet til å takka organisasjonskomiteen under leiing av An-Magritt Aanonsen og seniorrådgjevar Sverre Nielsen, som har jobba med kongressen i fleire år.

Ferske funn

Kongressen kunne òg by på spanande ny forsking. Psykologiprofessor Lars-Göran Nilsson ved Stockholms universitet presenterte funn som tyder på at ein kan avdekka kven som er i faresonen for å bli demente opptil tjue år før diagnosen blir stilt formelt.

– Det er ein del menneske som utviklar demens, også i vårt utval, og no har vi data som viser at ein kan gjenkjenna eit mønster hos desse tjue år i førevegen, sa Nilsson til NTB.

Arne Holte og Gry Anette Sælid ved Nasjonalt Folkehelseinstitutt presenterte resultata av ein litteraturgjennomgang som viser at Europas dyraste sjukdom, depresjon, lar seg førebygga. Innsparingspotensialet er fleire milliardar kroner bare i Noreg.

– Ved hjelp av dei riktige metodane er det mogleg å forhindra opp til kvart tredje depresjonstilfelle, sa dei.

Dei fleste sentrale aktørane i internasjonale psykologiske organisasjonar var òg i Oslo under kongressen, og det var ikkje få meir eller mindre formelle styremøte og komitésamlingar som gjekk føre seg i kulissane.

Spor i faget

Kongressen var organisert i såkalla spor etter interessefelt, som ein kunne følgja om ein ønskte det. Eitt av desse var fredssporet, som stort sett gjekk føre seg på Nobelinstituttet i Henrik Ibsens gate. Dei frammøtte var veldig engasjerte, og fleire av bidrags-ytarane understreka korleis menneske-rettane ligg i botnen av all psykologisk verksemd. Menneske som har vore utsette for traume, eller som har opplevd konflikt og krig og skal fungera i samfunnet i ettertid, er noko mange psykologar vil koma borti. Det kan vera i terapi, dersom ein skal gje råd om intervensjonar i lokalsamfunnet, eller gjennom vanlige arbeidstakarar med traumatisk bakgrunn.

FRÅ START TIL STINN SAL: Friksjonsfri innregistrering og ein heldig sitjeplass ved eit av høgdepunkta på kongressen, møtet med Paul Costa og Philip Zimbardo. Zimbardo signerte bøker i vilden sky, og The Time Paradox blei raskt utseld.

Er det noko folk ute i verda veit om Noreg, så er det at vi deler ut fredsprisen. For mange tilførte det ein spesiell dimensjon å snakka om krig og fred og tortur med Alfred Nobel sitt andlet – kjent frå utdelinga av fredsprisen – i relieff på talarstolen. Dette gav ei ærverdig stemning og passande ramme.

Eit anna spor handla om mangfald og endring i kvardagslivet, og sentrale kjønnsforskarar som Ann Phoenix og Wendy Hollway leverte interessante bidrag.

Eit kompani av blåjakkar

Med så mange bidrag å velja i var det nok ikkje to deltakarar som følgde same timeplanen. Sjølvsagt var ikkje alt like godt førebudd, presentert, forska eller tenkt. Men for dei som var villige til å ta jobben med å grava seg gjennom det som måtte vera av gråstein og fyllmasse, var det gull å finna både blant papersessions, postersessions og på symposia. Og hadde ein problem med å finna fram, var det alltid hjelp å få. Heile staben i Psykologforeningen la ned sitt daglige arbeid og gjekk inn i roller som turistguidar, garderobevaktar, rettleiarar og «altmuligmenn». Saman med dei rundt 100 frivillige studentane – mest norske, men òg frå andre skandinaviske land – utgjorde dei eit heilt kompani av lett synlege blåjakkar. Ifølge arrangørane var innsatsen desse gjorde heilt framifrå, og avgjerande for den så òg seia prikkfrie gjennomføringa.

Vi i Tidsskriftet møtte ei heil rekke sentrale fagpersoner, som Anne Phoenix, Paul Costa, Phillip Zimbardo, Saths Cooper og Lisbeth Palme, for å nemna nokon. Det blir med andre ord mykje godt internasjonalt stoff i spaltane våre utover hausten.

Den ellevte europeiske psykologikongressen

  • Oslo, Noreg 7.–10. juli 2009
  • Tema: A Rapidly Changing World – Challenges for Psychology
  • Rundt 2300 deltakarar frå heile verda

Seks om kongressen

Hioshi Toyota, Japan

Dette er første gong for meg på ein europeisk psykologikongress. Veldig spanande, og den verkar effektivt organisert.

Likte best: Den internasjonale kontakten og det å møta att gamle vener.

Sakna: Godt vêr, men det er ikkje så viktig. At kongressen blei avvikla på tre ulike stader, var litt upraktisk.

Züleha Aydis, Tyrkia

– Stort sett bra, især det sosiale programmet. Samanlikna med andre kongressar eg har vore på: medium.

Likte best: Zimbardo sitt innlegg. Det likte eg veldig godt.

Sakna: Litt småmat og ein lunsjboks. Eg har gått glipp av ting eg ville høyra fordi eg måtte ut og få meg mat. Nokre av innlegga var ikkje godt nok førebudde, og ikkje alt passa for ein internasjonal kongress. Og godt vêr. Det skulle gått buss mellom dei ulike plassane.

Judith Okonkwo, Storbritannia

– Imponerande med så mange fagfolk og så mykje informasjon samla på ein stad.

Likte best: Å møta folk frå heile verda.

Sakna:Ingenting spesielt.

Gillermo Byrd Willis, Spania

– Godt organisert, men litt lite sosialpsykologi og litt for mykje klinisk.

Likte best: Norbert Schwarz sin keynote.

Sakna: Betre vêr.

Gerd Blomholt Pedersen, Noreg

– Kjempeartig, og krevjande. Vi måtte laga oss ein studiesirkel på programmet. Det har vore vanskeleg å velga.

Likte best: Philip Zimbardo. Det var eit sånt høgdepunkt at det var verdt heile kongressen. Ei sterk oppleving som rørte meg. Fantastisk å koma nær og oppleva ein så stor person «live».

Sakna: Fleire store namn og storsamlingar. Kunne ha tillate seg å vere litt smalare og gitt meir fordjuping.

Pavel Sabadosh, Russland

– Velorganisert, men for meg personleg var det ikkje mykje ny informasjon.

Likte best: Israelske Shulamith Kreitler sitt symposieinnlegg om meining. Og så var den russiske dagen bra.

Sakna: Meir om musikkpsykologi, som er eitt av mine felt. Eg fann bare eit par posterar om det.

arne.olav@psykologforeningen.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 8, 2009, side 759–761

Kommenter denne artikkelen