Du er her

Psykolog og forskingsleiar

Eit godt forskingsmiljø veks ikkje fram av seg sjølv. Edvard Moser har nokre viktige prinsipp, mellom anna for det inter- nasjonale samarbeidet ved Center for the Biology of Memory (CBM).

Publisert
1. september 2008

PÅ GOD FOT: Albert Tsao, rotta Disco og Edvard Moser i laben. Ved CBM handlar det om gode hjernar, og Tsao er ein Kavli Young Investigator som er på sitt andre besøk frå det prestisjetunge Harvey Mudd College i USA. Ifølge Moser er Tsao allereie er ein forskar av rang, trass i at han knapt er gamal nok for ei alminneleg universitetsimmatrikulering.

– Alle som er tilknytte CBM, må koma her i periodar og førelesa og arbeida saman med oss. Her får ingen namnet sitt med utan å vera involvert på ordentleg. Dette er ein viktig grunn til at senteret er så bra. Stadige besøk av eksterne kapasitetar og alle dei engasjerte folka som jobbar her, gjev ein atmosfære av entusiasme.

Høge ambisjoner

Miljøet er også tverrfagleg. Bortetter gangen sit matematikarar, fysikarar, biologar, psykologar og computervitarar stuva saman to og to på 10 kvadratmeter.

– Alle kan litt. Til saman kan vi veldig masse. Slikt samarbeid er ekstremt produktivt.

Eit anna viktig prinsipp er å ikkje setta seg for små mål. Høge ambisjonar er avgjerande.

– Ein må ha veldig klare målsetnader, sjølvsagt kombinert med fleksibilitet og vilje til å endre strategi. Men vi set oss mål for ti år, ser langt fram og spør oss sjølv kva fagfeltet treng for å utvikla seg vidare, og så freistar vi å vinna denne innsikta.

Eksperimentell psykolog

– Har du identitet som psykolog?

– Ja. Eg er jo ikkje ein vanleg psykolog, men så er jo òg psykologar ei veldig heterogen gruppe. Psykologi er faget eg er vaksen opp med, og eg jobbar med eksperimentell psykologi. Det er eit felt eg nok kan betre enn dei fleste andre. Undervegs har eg måtta læra meg molekylærbiologi, nevrofysiologi og matte, men det har eg lært ad hoc, og dei vil aldri bli mine fag. Eg kjenner meg mest som ein eksperimentell psykolog. Men eg kunne gått ut og praktisert som terapeut i morgon – sjølv om eg aldri har gjort det før, smilar han.

– Som direktør ved forskingssenteret her har du kanskje òg nytte av psykologibakgrunnen din? Det er vel for eksempel viktig å ha ei forståing for gruppeprosessar når ein skal leia ein slik arbeidsstad?

– Det er essensielt for å få ei slik gruppe til å virke. Dei som jobbar her, har det felles at dei deler ekstreme ambisjonar. Det er viktig at alle trivst og får utvikla seg. Dei kjem frå heile verda – det blir som ei verd i miniatyr inne i laben. I eit slikt miljø er det veldig mykje snakk om å jobba førebyggande. Som følge av plass-situasjonen har vi eit ekstremt tett miljø. Men dette er også ein viktig føresetnad for arbeidet. Ein er alltid saman med andre som ein kan tenka saman med.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 9, 2008, side 1198-1199

Kommenter denne artikkelen