Du er her

Verdig vinnar

Det var tett mellom doktorgradene i den tidlegare herreklubben Oslo Militære Samfund då Hanne Haavind blei tildelt Psykologforeningen sin eigen minnepris 8. november.

Publisert
4. desember 2007

HEIDRA: Hanne Haavind (i midten) blei tildelt Bjørn Christiansens minnepris av jurymedlem professor Fanny Duckert (til venstre) og president i Norsk Psykologforening An-Magritt Aanonsen.

Rundt 70 fagfellar, medforskarar og vener var møtt fram for å hylla Haavind, ikkje bare for framifrå fagformidling, men like mykje for alt ho har gjort og framleis gjer for kvinne- og kjønnsforskinga i Norden.

«Haavind har aldri vore i nærleiken av å sjå menn som ei monolittisk blokk med bare ei kjønnsinteresse»

Øystein Gullvåg Holter

– Hanne Haavind har vore ein fødselshjelpar, sa president i Norsk Psykologforening An-Magritt Aanonsen i opninga, og peika på korleis prisvinnaren har hjelpt fram forsking om folk sine kvardagsliv.

Mange var dei som drog fram Haavind sine ualminnelege evner som rettleiar. Agnes Andenæs kalla dei i si helsing for segnomsuste, og både helsingar og gratulasjonar under sjølve utdelinga, og den livlege praten under mottakinga etterpå, viste at prisvinnaren hadde hatt eit ord med i laget når det gjaldt dei vitskaplege meritteringsskriftene til svært mange av dei frammøtte.

Tradisjonen tru fekk også årets prisutdeling ei verdig musikalsk ramme. Bassolist ved Den Norske Opera, Magne Fremmerlid, blei akkompagnert av pianisten Magnus Loddgard. Saman presenterte dei eit knippe mannlege lagnader frå opera- og musikalverda, frå Mozarts Sarastro til Gershwins Porgy.

Viktig pådrivar

Sosiolog og leiar ved Nordisk Institutt for kvinne- og kjønnsforskning (NIKK), Øystein Gullvåg Holter, heldt gratulasjonsforedraget. Han drog mellom anna fram prisvinnaren sin styrke som skarp observatør av samspelet mellom kjønna og i familien. Holter understreka korleis kvinneforskaren Hanne Haavind òg har vore svært viktig for mannsforskinga.

– Haavind har aldri vore i nærleiken av å sjå menn som ei monolittisk blokk med bare ei kjønnsinteresse. Ho ser forskjellar og variasjonar blant menn, understreka han.

Ifølgje Holter var Haavind, saman med Berthold Grünfeld, ein viktig pådrivar for at Noreg etter arbeidet med Menn i Norge-undersøkinga i 1988 innførte verdas mest likestilte ordningar for omsorgspermisjon i samband med fødslar.

På tide

Holter kunne òg pressentera nye og til no upubliserte survey-resultat som på slåande vis underbygger dei kvalitativt funderte hypotesane som Haavind for halvtanna år sidan sette fram i artikkelen ho fekk pris for.

I takketalen lova Hanne Haavind at ho verkeleg skulle prøva å ta til seg æra. Den til vanleg smålåtne prisvinnaren innrømte at ein kunne tenkja at det var på tide ho fekk prisen, i og med at ho har vore doktorgradsrettleiar for tre tidlegare vinnarar.

Ho avslutta med eit ønske om at psykologien i framtida ville visa seg endå meir nyfiken på menneska sine ulike forsøk på å oppnå noko i eigne liv.

IMPONERT: Forskingsleiar ved Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking, Øystein Gullvåg Holter, peika på presisjonen i Hanne Haavind si kvalitative forsking.

VERDIG: Hanne Haavind fekk pris for ein enkeltartikkel, men helsingar og gratulasjonar handla like mykje om den unike posisjonen hennar innanfor skandinavisk kjønnsforsking.

POPULÆR: Kollegaer og vener overrekte helsingar og gratulasjonar til Hanne Haavind. Her får ho blome av førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Bjørg Røed Hansen (til venstre).

MILJØFAKTOR: Hanne Haavind har i tre tiår vore ein viktig kontaktskapar, både innanfor psykologien og på tvers av fagfelt. Så òg denne kvelden.

MENN I KUNST: Magne Fremmerlid (bass) og Magnus Loddgard (klaver) gav ein minikonsert med mannsroller frå operaverda.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 12, 2007, side

Kommenter denne artikkelen