Du er her

Ein pioner i skandinavisk kjønnsforsking

– Eg er full av beundring for arbeidet hennar. Alt ho har skrive, er inspirerande. Ingen fortener prisen meir enn henne!

Publisert
4. desember 2007

Lovorda kjem frå Ann Phoenix, professor og leiar ved Thomas Coram Research Unit ved London University, då vi fortel at Haavind har fått Bjørn Christiansens minnepris.

«Kreativitet er det mange som har, men Hanne Haavind byr på seg sjølv»

– Hanne Haavind har vore veldig viktig for kvinne- og kjønnsforskinga. Ho har inspirert to generasjonar fagfolk, seier Phoenix.

Professor i sosialt arbete ved Linköpings universitet, Margareta Hydén, er einig.

– Hanne Haavind etablerte den nordiske kjønnsforskinga. Ho hadde høge ambisjonar for fagfeltet, og la heile talentet sitt og energien sin i å utvikla det.

– Eg trur ikkje ho tenkte at no skal eg bli ei internasjonal stjerne. Men så har det vist seg at forskinga hennar er noko som står seg.

Internasjonalt kjend

I 2005 var Hanne Haavind saman med Eva Magnusson gjesteredaktør for ei utgåve av tidsskriftet Feminism and Psychology, og ifølgje Ann Phoenix har Haavind ein stor tilhengarskare både i Storbritannia og i USA.

– Men ho kunne godt publisert meir på engelsk, seier den britiske kjønnsforskaren.

Sjølv har Phoenix jobba mykje med tilhøvet mellom kjønn og etnisitet. Ho har òg vore oppteken av på born og unge. Vi spør kva Haavind har betydd for henne som fagperson.

– Haavind er veldig innovativ og har gjort ein masse arbeid på born og unge. Ho har ei evne til å skjøna korleis born samarbeider, og har gjort ein masse arbeid i skular, der unge lærer å gjera seg sjølv eldre, som ho formulerer det.

Phoenix finn det òg interessant at Haavind som norsk maktar å tenka både på rase, klasse og kjønn.

– Dette er uvanleg i skandinaviske arbeid. I tillegg tenker ho barndom som noko som kjem til syne i ein landskap. Og så er ho suveren på det metodiske.

Sjenerøs

Intellektuelt nysgjerrig. Analytisk skarp. Dyktig som nettverksbyggar og i stand til å få andre til å kjenna seg viktige – og kan henda prestera litt over evne. Superlativa sit laust då vi ber Margareta Hydén skildra kva som kjenneteiknar forskaren Hanne Haavind.

Førsteamanuensis i psykologi ved Umeå universitet, Eva Magnusson, har også opplevd Haavind sine både systematiske, analytiske og kreative evner. Men ho dreg òg fram ei side ved prisvinnaren som er meir uvanleg å finna hos ein forskar.

– Hanne Haavind er sjenerøs. Kreativitet er det mange som har, men ho byr på seg sjølv og oppmuntrar folk rundt seg. Dette har vore ein veldig viktig føresetnad for det ho har fått til som pioner for den skandinaviske kjønnsforskinga.

Både Magnusson og Hydén har hatt Hanne Haavind som rettleiar for doktoravhandlingane sine, og begge opplevde innsatsen hennar som avgjerande for gjennomføringa og kvaliteten på arbeida.

– Ho står veldig trufast ved kvinneperspektivet, seier Hydén. – Men samstundes er ho fullstendig intellektuelt open innanfor feltet. Å ha evne til konsentrasjon, men samstundes ikkje låsa seg i ein ideologisk eller teoretisk vinkel, dette er det ikkje mange som klarar. Å vera open fører ofte til at ein blir ukonsentrert, medan dei som er konsentrerte, ofte endar opp med å verna om sitt vesle perspektiv, og då dør det. Det er imponerande å halda fast ved desse to tilnærmingane gjennom ein heil karriere.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 12, 2007, side

Kommenter denne artikkelen