Du er her

Tre på gangen

Publisert
2. oktober 2007

– Kvifor er du på psykologikongress?

– Har du vore her før?

– Kva synest du om opningsforedraget til Bruener og Stern?

Truls Tallberg Nic Waals Institutt

– For å ta pulsen på faget. Dette er det største arrangementet for psykologar i Noreg, og eg vil følgja med på dei store linjene i faget. I år er fokuset dessutan på utviklingspsykologi, noko som er veldig relevant for meg.

– Ja, for to år sidan.

– Det var veldig morosamt å sjå representantar for to så ulike faglege retningar tenka saman utan konflikter.

Lotte Fossland BUP, Sykehuset Namsos

– Fordi det er veldig spanande forelesarar, først og fremst Stern og Bruener. Dessutan er det kjekt med alle kollegaene. Eg har nett vore i permisjon, og Psykologikongressen er ein god måte å koma inn att i faget på.

– Nei, men eg kjem absolutt til å gjenta dette.

– Samtalen deira var kjempeflott og kreativ. Dei fekk på ein veldig god måte fram ulike poeng og tema og fekk vist mange kliniske dilemma.

Eldrid Anne Hestmann PPT for videregående i Aust-Agder, Arendal

– Først og fremst på grunn av det faglege. Det er eit veldig kreativt innhald i år. Og så er eg her for å sjå dei store stjernene og for å møta kollegaer og studievener. Det er ein kombinasjon av det faglege og det sosiale.

– Ja, to gonger før.

– Det var fantastisk å høyra på dei. Fascinerande med all kunnskapen deira.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 10, 2007, side

Kommenter denne artikkelen