Du er her
Russisk psykologi i støypeskeia
I sovjettida var russiske psykologar mest som lakeiar for psykiaterane å rekna. Etter 1991 har situasjonen for faget gradvis betra seg. Svein A. Alfarnes gjev oss eit blikk inn i russisk psykologi anno 2006.
Takk til Alexander Machnach, Olga Leonova og psykologar eg møtte ved Bekhterev Forskingsinstitutt i St. Petersburg i 2006.
Innleiing
Eg har sidan 2001 hatt regelmessig kontakt med russiske fagfolk, og er i dag prosjektleiar for Prosjekt RUS-NOR. Føremålet er å etablere eit godt og sterkt nettverk mellom klinikarar og forskarar i Russland og Noreg. Vi arbeider med å lage offisielle russiske oversetjingar av dei strukturerte kliniske sjekklistene HCR-20 – Historical Clinical Risk of Violence Scheme (Webster, Douglas, Eaves & Hart, 1997) og BPS-10 – Brief Prediction Scale (Alfarnes, Hartvig & Østberg, 2005). Neste steg kan bli å validere desse instrumenta i høve til russiske pasientar, og å samanlikne data mellom landa.
Russland har gjennom sine dyktige klinikarar og forskarar tilført europeisk psykologi og psykiatri både retning og innhald. Dei fleste kjenner til namn som Pavlov, Vygotsky, Luria, Bakhtin, Volosinov, Bronfenbrenner og Bekhterev. Det er på bakgrunn av mi interesse for russisk psykiatri og psykologi at eg vil fortelje om den russiske psykologen sin situasjon.
Psykiatrisk dominans
I Russland dominerer psykiatrien og psykiatrane både det psykiske helsevernet og akademia. Psykologar kan ikkje drive sjølvstendig behandling av sine pasientar ved dei statlege institusjonane, men bare utføre diagnostiske utgreiingar og vurderingar på vegne av psykiaterar. I privatpraksisen er situasjonen ein annan, denne er ikkje regulert av lovverket. Psykologar som arbeider sjølvstendig står fritt til å gjere som dei vil behandlingsmessig, og også til å ta den betalinga dei sjølve ynskjer. Det er kjent for dei fleste i Russland at det er dyrt å søkje behandling hos dei privatpraktiserande.
I følgje fagfolk eg har snakka med som arbeider ved Bekhterev Forskingsinstitutt i St. Petersburg er det i dag eit godt samarbeidsforhold mellom psykiatrane og psykologane. Når eg stiller det same spørsmålet til psykologar som er på vidareutdanning ved institusjonen får eg eit anna svar: Nei, det er både konkurranse og ofte eit dårleg forhold mellom psykologar og psykiatrar. Kanskje kjem dette av mykje stress og mas i arbeidskvardagen. Ei anna årsak kan vere at pasienten alltid først må til undersøking hos ein psykiater, før psykologen kan fortsetje med behandlingsopplegget.
St. Petersburg, RusslandSpråk: Russisk Areal: 14 395 km2 Innbyggertall: Ca. 4,7 mill. (2002) |
Ved Moskva Statsuniversitet kan stu studentane spesialisere seg innan felta generell psykologi, psykofysiologi, klinisk psykologi, sosialpsykologi, industriell psykologi og utviklings- og utdanningspsykologi. Kursa tek for seg sentralnervesystemet sin anatomi og morfologi, eksperimentell psykologi, metodiske problem, psykologiens historie, arbeidspsykologi, psykodiagnostikk, matematisk psykologi, psykologiske prinsipp ved personlegdomskorreksjon, komputerpsykologi, somatisk psykologi og medisinsk psykologi. Det er også høve til å fordjupe seg i meir spesialiserte temaområdar som til dømes psykologi i verdsrommet og kulturpsykologi.
Tung arv frå sovjettida
Klinisk psykologi eksisterte praktisk talt ikkje før perestrojkaen og oppløysinga av Sovjetunionen i 1991. Psykologane utførte primært forsking og testing, og feltet vart rekna som eit supplement til psykiatrien, i følgje psykolog Alexander Maknach ved Universitetet i Moskva. For ti år sidan var det umogeleg å få trening i psykoterapi ved dei russiske universiteta. I dag utviklar russisk psykologi seg stadig meir i vestleg retning, med tilbod om utdanning innan psykodynamisk og analytisk teori og terapi både i St. Petersburg og i Moskva. Men det er eit problem at det finnast altfor få vitskapleg personale som kan tilby undervisning i psykologi. Dessutan er litteratur tilfanget avgrensa. I 1991 var bare ein del av arbeida til Freud og Jung oversett til russisk. Mange forfattarar er bare tilgjengelege med engelskspråklege tekstar, slik at russarane må kjøpe inn mykje utanlandsk litteratur.
I Noreg er tittelen psykolog verna av helselova, men slik er det ikkje i Russland. Kven som helst kan kalle seg psykolog og tene pengar på det, også ved hjelp av kvakksalvarverksemd. Ein må rekne med at mange av desse gjer meir skade enn nytte blant folk i Russland. Det paradoksale er at mange folk heller søkjer slik hjelp, enn kvalifisert hjelp! Nokre menneske er framleis redde for russisk psykiatri og psykologi. Mange assosierer det med tvang og politikk. Brysame personar kunne fjernast med makt og tvangsinnleggas på institusjonar i sovjetperioden. Fleire av desse vart tvangsmedisinerte.
I dag må alle som søkjer psykologisk hjelp betale for det sjølve. Det finnast ikkje trygde- eller refusjonsordningar. Dette er også til hinder for at folk søkjer psykologisk bistand. Før 1991 var all helseservice gratis, i følgje Alexander Maknach.
Ljospunkt som bør nemnast når det gjeld psykologisk service for befolkninga i Russland, er krisesenter for kvinner ved partnarvald, og hjelpetelefonar. Utanlandske psykologar har kome på bana i Russland, og tilbyr både undervisning og trening. Ein del russiske psykologar får også sjansen til å ta delar av utdanninga si i USA, med støtte av amerikanske myndigheiter.
Utdanning og lønnsutvikling
Mange meiner at vi har mykje å lære frå russiske psykologar. Heilt sidan 1755 er det blitt undervist i psykologi ved det Filosofiske fakultetet i Moskva. I 1942 vart Avdeling for psykologi etablert ved Universitetet i Moskva, med professor Sergey L. Rubinstein som styrar. Her har kjente russiske psykologar motteke undervisning, mellom anna Luria, Galperin, Zeigarnik og Sokolov.
I dag arbeider om lag 200 professorar, doktorar, forskarar og ti medlemmar av Russisk Utdanningsakademi ved avdelinga. Og ein finn om lag 1000 lavare grads studentar og 100 studentar med høgare grad ved avdelinga. Psykologutdanninga tek seks år, og det er to til tre eksamenar per år, både skriftlege og munnlege.
Det er vanleg å byrje tidleg på vidareutdanning og spesialisering, til dømes ved å følgje undervisning ved Bekhterev Forskingsinstitutt. Det arrangerast samlingar på ei veke over lengre tid, der psykologane får undervisning og gruppeøvingar.
Det er i dag markante kjønnsforskjellar blant psykologane. Psykologar som følgjer undervisninga ved Bekhterev fortalde meg at heile 70 % av dei unge psykologane er kvinner.
Ein sesjon hos ein privatpraktiserande psykolog i Russland kostar frå 600 til 3000 rublar, rundt 140 til 770 norske kroner. Samanlikna med dei norske takstane er dette god betaling.
Psykologar som arbeider ved statsinstitusjonane, tener om lag 200 USD (1300 NKR) per månad i St. Petersburg, og 100 USD (650 NKR) per månad i Murmansk. I følgje ein psykolog som arbeider ved Bekhterev, får dei med høgast løn utbetalt eit beløp tilsvarande i overkant av 3000 NKR. Til samanlikning tener ein rettspsykiater i Moskva eit beløp tilsvarande frå 1000 til 2000 NKR per månad, avhengig av kvalifikasjonane. Dette fortel dr. Leonova ved Serbsky senteret i Moskva.
Innanfor akademia er situasjonen ein annan. Ifølgje Alexander Makhnach tener seniorforskarar ved universiteta om lag 2 600 rublar per månad (i underkant av 600 NKR), og ein professor om lag 5400 rublar (om lag 1200 NKR).
«Brain drain» er eit stort problem. Dei dyktigaste fagfolka tenkjer også mest kreativt når det gjeld kvar dei kan etablere seg, og i høve til søking etter økonomisk utvikling og lykke. Sidan år 2000 har lønningane for professorane ved universiteta vortne reduserte med 40 %, i følgje Michael Cole ved Universitetet i California (Daw, 2002). Professorane har valet mellom å ta ein ekstrajobb, eller å flykte til betre lønningar i USA eller i europeiske land.
I Sovjetunionen fekk studentane faktisk lønn for å studere, men i dag er situasjonen motsett, dei må betale for seg. Russland taper difor mange dyktige studentar.
Det høyrer også med til biletet at det kan vere vanskeleg å få jobb som psykolog, for jobbane er få og konkurransen stor. Ein del psykologar har teke konsekvensen av dette og søkt seg over til arbeids- og organisasjonspsykologien.
Store psykososiale problem
I dag er det mange arbeidsområdar for psykologane i Russland. Eit felt er familie og skilsmisse. Skilsmissestatistikken er om lag som i USA, cirka halvparten av ektepara skiljar seg. Men i Russland vel mange av para å fortsetje å bu saman, av di det ikkje finnast andre alternativ. Det blir ofte for dyrt å etablere seg på nytt. Rusmiddelomsorga har mange arbeidsoppgåver i det moderne Russland. Drikking er rekna som ein del av den russiske kulturen. I følgje psykiater Ruslan Iluk ved Bekhterev Forskingsinstitutt reknar ein med at det finnast om lag 50 000 rusmiddelmisbrukarar i storbyen St. Petersburg, med eit innbyggjartal på cirka 5 millionar.
Alkoholisme er i dag eit stort samfunnsproblem som rammar alle, uansett sosioøkonomiske situasjon og handlekraft. Vodka vert drukke nesten som vatn, og høyrer naturleg med når noko skal feirast eller markerast. Til og med på gravplassen er det rigga til stolar og bord, og ein skal både spise litt og drikke vodka for å minnast dei døde. Ein reknar med at alkoholkonsumet blant menn har dobla seg på dei siste 15 åra. Det er framleis eit beskjedent tilbod når det gjeld institusjonell behandling.
Arbeidsløyse og fattigdom er eit anna omfattande problem. For seks år sidan var om lag halvparten av befolkninga under fattigdomsgrensa. Ei månadslønn er i dag om lag 2000 rublar, eller 500 norske kroner. Når vi veit at mange av butikkane i St. Petersburg og Moskva sel klær og sko som er like dyre og dyrare enn i Vesten, er det ikkje rart at mange slit med å få endane til å møtast. Pensjonistane har svært lav månadleg pensjon, og høyrer truleg til den samfunnsgruppa som har det tyngst. Desse er avhengige av ein stor og snill familie som kan gi bidrag. Utveksling av varer og tenester er difor heilt vanleg i Russland, slik det var i Noreg for nokre tiår sidan.
Mange unge som ikkje finn arbeid og som ikkje greier å tilpasse seg samfunnet, glir over i kriminell aktivitet saman med ulike gjengar. Det er rekna med at vel 650 000 born er foreldrelause.
Internasjonalt samarbeid
I dag er det mange russiske psykologar som arbeider i utlandet, ein del av desse har framleis god kontakt med kollegaer i heimlandet. Eit døme kan vere psykologen frå Arkhangelsk som vart utdanna i Russland, men som tok doktorgraden i Sverige, og som ei tid arbeidde ved Yale universitetet før overgongen til Karolinske Institutet.
Universitetet i Tromsø har i 13 år samarbeidd aktivt med universitetsmiljø i Arkhangelsk og det norske Pomor universitetssenter i byen. Det opphavlege samarbeidet mellom Nord-Noreg og Nord-Russland går tilbake til den såkalla pomorhandelen på 1700-talet. Den gong vart det handla med fisk og korn. I dag er det kunnskap og forsking som står i fokus for samarbeidet. Det norske Pomor universitetssenter organiserer student- og lærarutveksling, norsk- og russiskundervisning, kurs og seminar, og prosjekt over landegrensene. Totalt har over 600 norske og russiske studentar nytte av senteret. Russiske studentar er kjente for å vere svært dyktige og arbeidssame. Mellom Høgskulen i Bodø og Universitetet i Arkhangelsk er det til dømes eit prosjekt for å utvikle Fakultet for sosial arbeid og psykologi ved Pomoruniversitetet (jamfør www.siu.no).
Universitetet i St. Petersburg med sine 40 000 studentar har utvikla eit godt samarbeid med Aarhus universitetet. I dag utvekslast det erfaringar om både utdanningsopplegget og forskingsprosjektet, og det er vanleg med studieopphald (jamfør www.sam.au.dk).
Russiske klinikarar og forskarar er svært positive til kontakt med vestlege fagfolk. Det er til dømes stor etterspurnad etter kollegaer som kan bidra til å støtte eit forskingsprosjekt, slik at det kan søkjast om økonomisk støtte frå blant anna Nordisk Ministerråd.
I den tidlegare sovjetstyrte baltiske staten Estland har psykologien skifta kurs dramatisk. Sovjetiske troppar okkuperte Estland i 1940, og forskinga vart ikkje spart mot undertrykkinga. Det var til dømes straffbart å nemne ordet IQ, og mange forskingsområde innan klinisk- og sosialpsykologi vart tabu. Alt måtte vere i samsvar med den kommunistiske partipolitikken. Dei vel 200 estiske psykologane strebar mot ein distinkt nasjonal identitet, og om å vere ein vital del av den internasjonale psykologien. I dag kan alle psykologane i Estland behandle sine pasientar på sjølvstendig grunnlag, og ikkje berre vere utgreiarar eller assistentar til psykiatrane. Spørsmålet er om denne stille revolusjonen også vil nå Russland, og eventuelt når? (Carpenter, 2002).
Alfarnes, S. A., Hartvig, P. & Østberg, B. (2005). Utvikling av BPS-10 – Brief prediction scale. Kompetansesenter for sikkerhets-, fengselsog rettspsykiatri for HRØ og HRS, Ullevål universitetssykehus.
Carpenter, S. (2002). Estonia: «Our uniqueness is that we are almost a normal psychology». www.apa.org/monitor/jan02/estonia.html
Daw, J. (2002). Psychology around the world. www.apa.org/monitor/jun02/russia.html
Webster, C. D., Douglas, K. S., Eaves, D. & Hart, S. D. (1997). HCR-20 assessing risk for violence. Version 2. Mental Health, Law, and Policy Institute, Simon Fraser University.
Kommenter denne artikkelen