Du er her

Hjelp i bokform

Heilt sidan 1960 har den ideelle medlemsorganisasjonen Voksne for barn (VFB) arbeidd for born og unge si psykiske helse.

Publisert
31. januar 2007

Dei har lenge òg vore ein av pådrivarane i arbeidet for born av foreldre med psykiske lidingar. Siste nytt er at dei har fått midlar til eit pilotprosjekt som går ut på å skolera folk i to kommunar til å starta grupper for desse borna.

Uvanleg populært

Blant trykksakene organisasjonen deler gratis ut, finst hefta Hvordan hjelper jeg barnet mitt? Og Hva er galt med foreldrene mine? med tekstar av den finske psykiateren Tytti Solantaus og illustrasjonar av Antonia Ringbom. Det første er ymta på foreldra, det andre på ungdom som har foreldre med psykiske problem. VFB har stått for både omsetting og distribusjon, og fagkoordinator i organisasjonen, Jan Steneby, kan fortelja at heile førsteopplaget blei rive bort på rekordtid.

– Er dette ein omsettingstakt de er vande med?

– Nei, dette er veldig spesielt. Sidan lanseringa i november har vi delt ut 25 000 av kvart hefte, sjølv om vi hadde sett eit tak på 10 eksemplar per tinging, fortel Steneby.

– Ein kan jo spekulera rundt kvifor det skjer med nett desse hefta. Eg trur det handlar om at det endeleg kom noko heilt konkret om temaet, særleg når ein skal snakka med foreldra om borna. Hefta fungerer både som vegleiing og som støttehandbok.

Landsdekkande kurs

Han trur òg den store etterspurnaden kan ha samanheng med den landsomfattande skuleringa som VFB gjennomførte mellom 1998 og 2004. – Vi arrangerte ei kursrekke for behandlarar innanfor kommune og spesialisthelseteneste som mellom anna tok opp psykiske lidingar og konsekvensane for borna. Tilbodet inneheldt òg ein sekvens der folk frå ulike etatar i same kommune kom saman under vegleiing for å sjå på korleis dei kunne arbeida betre saman. Dette gjekk over ni månader, fortel Steneby.

I alt var 3000 behandlarar igjennom skuleringa, og Steneby sitt stalltips er at mange av desse ser hefta til Solantaus som eit godt middel til å skolera seg vidare.

– Blir det snart råd å få tak i hefta att?.

– Ja, vi har ordna finansieringa og skal snart ha dei klare for utsending. Målet er jo at behandlarar skal dela dei ut til pasientar og pårørande. Dei skal ikkje returnerast, så det er viktig at vi får til ei permanent ordning. Det vil heile tida vera eit behov for desse hefta, avsluttar Jan Steneby.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 2, 2007, side

Kommenter denne artikkelen