Du er her

Psykologar finn på mykje fælt

Ingen grunn til å ta heilt fri frå jobben, sjølv om det stundar til påske. Vi i Tidsskriftet har kartlagt noko av all psykokrimen som finst der ute. Lista blei lang som ein vond draum.

Publisert
1. april 2006

Foto: Scanpix

Så langt i år har Jan-Sverre Syvertsen og Ingrid Berglund gjeve oss to nye krimheltar med fullført embetsstudium og medlemskontingenten i Psykologforeningen betalt (vonleg). Frå før hadde vi Pernille Rygg si Igi Heitman og Anne Holt si Inger Johanne Vik.

Tek vi turen til USA er kriminallitteraturen full av rettspsykologar og profilers. Ikkje nok med at dei er sentrale i bøkene, dei skriv dei jammen også. Jonathan Kellerman er nok den mest kjende, men den amerikanske barnepsykolgoen er berre ein av mange psykologar som skriv krim. Kva er denne bindinga mellom psykologar og kriminalitet? Skal vi finna ut av dette treng vi eksperthelp. Eg ringjer Nils Nordberg i NRK Radioteateret, av mange kalla Noregs fremste krimspesialist.

Naturleg kopling

– Dette er ei heilt naturleg kopling. Psykologi er jo ei slags detektivjakt i menneska sine indre løyndomar, svarar Nordberg.

Koplinga mellom krim og psykologi byrja visst nok for alvor då ein vart klar over korleis psykoanalysen hadde parallellar til etterforskingsarbeid: ein fann spor, sette dei saman, gjekk vidare, fann nye spor – alt for å avdekkja eit større bilete.

– I vår tid tek psykologar også del i politiet sitt etterforskingsarbeid. Dei er ikkje lenger berre rådgjevarar i retten. Profilers er stadig meir brukt i jakta på forbrytarar. Ein annan viktig grunn til den nære koplinga mellom psykologi og kriminallitteratur er jo det at psykologi appellerer til lesarane.

– Kven er din favoritt blant psykologar i kriminallitteraturen?

– Eg har alltid vore svak for Kay Bugge hos Bernhard Borge.

André Bjerke sine kriminalromanar skrivne under pseudonym var altså blant dei første krimbøkene som fascinerte Nils Nordberg. Han innrømmer at han i dag har litt større problem med å godta psykoanalytikaren Bugge sine løysingar på krimgåtene, men på 40-talet vart Nordberg fanga av måten forfattaaren nytta draumar på som nøklar til gåtene.

– Stein Ståle (pseudonym for juristen Trygve P. E. von Hirsch [red.merkn.]) si Åndemasken (1943) og andre bøker om psykoanalytikaren Hamarøy er også viktige. Karakteren Hamarøy var bygd på Trygve Bråtøy, som var den alle vestkantfruene i Oslo gjekk til på den tida for å få orden på traumene sine.

Noreg tidleg ute

– Er det nokon av dei nye forfattarane du set spesielt stor pris på?

– Amerikanaren Caleb Carr skriv om ein alienist frå 1890-talet. Det er fine bøker. Elles er det jo komne to nye her i Noreg i vår som eg ikkje har fått lese endå.

Eg kjenner meg ikkje så reint lite stolt då eg (etter intensiv blading i kaoset på kontorpulten og kikking på PC-skjermen) kan opplysa eksperten om at dei han tenkjer på er Jan-Sverre Syvertsen sin figur Sander Mørk og Ingrid Berglund si Iselin Norman.

– Elles er det jo interessant at norsk krim var først ute, held Nordberg fram.

– Utanom Clues of the Caribbean, ei samling kriminalnoveller som aldri kom på norsk, er Torolf Elster med Muren (gjeve ut under pseudonymet Hans Brückenberg i 1936 [red.merkn.]) den første til å skriva ein kriminalroman med ein psykoanalytikar i hovudrolla.

Elles dreg Nordberg fram Robert Louis Stevenson si bok Dr. Jekyl and Mr. Hyde (1886) som ein viktig forgjengar for kriminallitteratur med psykologisk tilsnitt. Den tyske filmregissøren Fritz Lang sine filmar om den psykopatiske psykologen Dr. Mabuse er også viktige historisk. Norbert Jacques si bok Dr. Mabuse, der Spieler kom ut i 1920, og Lang laga si første filmatisering allereie to år seinare.

Politipsykologen

Etter å ha lagt på røret tenkjer eg at Nils Nordberg kalla det ei naturleg kopling, men helst snakka om hypnose og spekulativ psykoanalyse frå førre tusenår. Gjeld koplinga berre i litteratur- og filmverda, eller er det slik også i røynda, at framlege psykologar kan rekna med sommarjobb i øvste etasje i politihuset på Grønland? Kanskje forfattaren av boka Politipsykologi og professor ved Psykologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, Roar Bjørklund, veit svar?

– Psykologiske fag har alltid vore ein viktig del av politiutdanninga, seier Bjørklund, og fortel at Politihøgskulen mellom anna er oppteken av mental trening, psykologisk teknikkar for samtale med vitne – i sær born – og psykologi i samband med taktisk etterforsking.

Sjølv jobbar Bjørklund mykje med undercoveragentar. Psykologen er sentral i uttak av kandidatar, opplæring og debrifing etter enda oppdrag.

– I mange krimromanar er profilers sentrale aktørar i oppklaringa av mysteria. Kor viktig er slike for KRIPOS?

– Dei tok til med å etablera ei gruppe psykologar med tanke på dette, men miljøet i Noreg er så lite at det viste seg overflødig. Men etterforskarane nyttar sjølv slike metodar heile tida. Det er brukt ein del i samband med jakt på brannstiftarar. Elles nyttar KRIPOS seg mykje av moderne dataanalyseverktøy. Heile analyseavdelinga deira jobbar på ein måte som er åtskillig meir avansert enn i krimbøkene. Ein psykolog vil ikkje ein gong kunna drøyma om metodane det her er snakk om, seier Bjørklund.

Lærer av FBI

I dag får også norsk politi opplæring av dei flinkaste gutane i klassa. FBI tilbyr kostbare program, til dømes innan profilering og Nevrolingvistisk programmering (NLP).

– Dette handlar mellom anna om teknikkar for å lesa augnerørsler og å læra å bruka setningsbygging som skapar tillit i forhøyr.

I krimbøkene er det ofte psykologar som løyser gåtene. Men Bjørklund svarar nei når eg spør om han ser privat etterforsking som ein alternativ karriereveg for norske cand.psycholar.

– Eg trur Noreg er eit for lite land. Dei private etterforskarane som finst har det trongt nok som det er. Men desse er svært interesserte i å oppdatera seg på psykologi. Dei inviterer ofte psykologar til bransjeseminara sine for å læra meir.

Bjørklund fortel at bruken av utradisjonelle etterforskingsmetodar har eksplodert her til lands etter NOKAS. Dette gjeld også dei psykologiske. Og metodane i bøkene er altså ikkje i nærleiken av å vera så sofistikerte som dei som blir nytta i røynda.

Eg skjønar det er liten sjans for at psykologar kan kvalifisera seg til sommarjobb hjå KRIPOS berre ved å lesa romanar. Men det er jo spanande, då. Dessutan treng vi alle heltar. For psykologar med hang til litterær kriminalitet skulle det vera nok å velja i. God påske.

Liste over psykokrim:

Krimromanar skrivne av psykologar eller med psykologar i sentrale roller.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 4, 2006, side 362-364

Kommenter denne artikkelen