Du er her
Psykokrim
Krimromanar skrivne av psykologar eller med psykologar i sentrale roller.
Berglund, Ingrid
I Berglund sin debutroman Det svakeste ledd, som kom ut tidlegare i år møter vi psykologen Iselin Norman som hovudperson.
Bärnsten, Ann-Christine
Debuterte med Döden är en schlager i fjor. Den svenske forfattaren har skapt hovudpersonen Martina Di Gombri, som er psykolog.
Carr, Caleb
Denne amerikanske forfattaren har skrive to kritikarroste krimromanar med psykologen – eller «alienisten» – Dr. Laszlo Kreizler i ei sentral rolle: The Alienist (1994) og The Angel of Darkness (1997). Handlinga går føre seg i New York i 1890-åra.
Frasier, Anne
I amerikanske Frasier sin debutroman, Hush (2002) er kriminalpsykologen Ivy Dunlap hovudperson, og i den siste boka hennar, Before I Wake (2005) møter vi ein annan «profiler»: Arden Davis. Hush er omsett til svensk med tittelen Evig Tystnad.
Holdt, Annika von
I den danske forfattaren sin krimroman Hjemsøgt (2001) hjelper den vakre og mystiske psykologen Patrice Devon ein FBI-agent med å fanga ein seriemordar i New York.
Holt, Anne
I romanen Det som er mitt (2003) forlet Anne Holt sin meir kjende hovudperson Hanne Wilhelmsen til fordel for Inger Johanne Vik, jurist og psykolog med fortid i FBI.
Kellerman, Jonathan
Barnepsykologen Kellerman (USA) er kan henda den mest kjente «psykologkrimforfattaren». Kellermann har skrive 25 krimromanar, mange med den sympatiske barnepsykologen Alex Delaware i hovudrolla. Bøkene hans er å få på 20 språk, inkludert norsk.
Landerholm, Lotta
Svensk psykoterapeut og spesialist i klinisk psykologi. Landerholm har skrive to krimromanar med handling frå den svenske landsbygda: Fall i mörka vatten (2000) og Biätaren (2002).
McDermid, Val
Den skotske forfattaren har skrive fire romanar der etterforskaren Carol Jordan og profilmakaren Tony Hill freistar finna meir eller mindre psykopatiske forbryterar. Bøkene finst på norsk i Cap-serien.
Nesbø, Jo
I fleire av dei åtte krimromanane til Nesbø dukkar den besteborgarlege psykologspesialisten Ståle Aune opp. Som nærast allvitande om psykologifaget blir han ein viktig samarbeidspartnar for detektiven Harry Hole.
Padget, Abigail
Padget (USA) har skrive ei rekkje krimromanar om den tidlegare retsetterforskaren Barbara Joan «Bo» Bradley. Bradley er advokat for personar med psykiske lidingar, og sjølv har bipolar liding. Handlinga utspelar seg i San Diego, California. Fire av dei fem romanane om Bo Bradley er omsett til dansk.
Patterson, James
Kriminalinspektør og psykolog Alex Cross er hovudperson i mange av bøkene til den bestseljande forfattaren Patterson (USA). Fleire av dei totalt elleve Alex Cross-bøkene finst på norsk. To av dei, Kiss the girls og Along Came a Spider, er filmatisert med Morgan Freeman i rolla som Cross.
Ramm, Eva
Psykologen Eva Ramm har skrive to krimromanar: Mord i prestens hage (1992) og Skynd deg, min elskede (1986). Hennar totalt rundt 20 utgjevingar består elles av romanar, dikt og essays, ungdomsromanar, fagpsykologiske debattbøker m.m. Mord i prestens hage er framleis i handelen.
Rygg, Pernille
Rygg har skrive tre krimromanar med psykologen Igi Heitman i rolla som detektiv: Sommerfugleffekten (1995), Hundehjerte (1998) og Det gyldne snitt (2000). Heitmann har kontor på Blindern og eit forskingsprosjekt der ho nyttar moderne kaosteori på psykiske pasientar. Rygg sine krimromanar har hausta gode kritikkar og er omsett til ei rekke språk.
Robotham, Michael
Australske Robotham vann internasjonalt ry allereie etter den første boka om psykologen Joseph O’Loughlin, The Suspect (2004). BBC har kjøpt TV-rettar og startar filminga i år. I fjor kom hans andre bok, Lost, som også vart ein suksess. Den første boka er omsett til svensk.
Syvertsen, Jan-Sverre
Debuterte tidlegare i år som krimforfattar med romanen Øyne blå på Piratforlaget. Hovudpersonen er psykologen Sander Mørk, som jobbar som rådgjevar ved Ski Ungdomsskole og løyser krimgåter saman med politietterforskar Lisa Lunde. Boka er den første i ein serie, og Syvertsen er allereie i gang med andre bok, Stillest vann.
Staun, Susanne
Denne danske forfattaren har skrive ein trilogi om Dr. Fanny Fiske – ein åtferdspsykolog med ei nærast overnaturleg evne til å profilere forbrytarar. Ifølgje krimsiden.dk liknar Fiske ein vakker 29-åring, men sidan ho er halvt plastikk, er det minst 30 år sidan ho såg så gamal ut som ho faktisk er. Denne politisk ukorrekte psykologhelten går også inn for dødsstraff og har eit behov for sex og lekre menn som ingen andre i krimhistoria.
Øygarden, Bjørg
Bjørg Øygarden er psykolog med spesialisering innan barne- og ungdomspsykologi. Siste time (2001) er hennar tredje roman og første krim. Handlinga går føre seg i Kongsvinger, og ein kvinneleg psykolog er og sentral i handlinga.
Kommenter denne artikkelen