Du er her

Kva er ein psykolog?

Publisert
1. mars 2006

I januar i år haldt Nasjonalt profesjonsråd for psykologiutdanningen eit seminar i Roma. Psykologforeningen møtte dei ansvarlege for profesjons-, bachelor- og masterutdanningane til samtale kring to hovudtema: tilpassing til internasjonale standardar og den framtidige forvaltinga av psykologtittelen.

Bakgrunnen for møtet var arbeidet som er sett i gang på europeisk nivå med å laga eit utkast til internasjonal standard for ei seksårig generalistutdanning for psykologar (Europsy). Nokre av dei nye masterstudia i Noreg vil i framtida truleg kunna leia fram til ein Europsy-grad, gjeve at dei blir supplerte med ein godkjend praksis. Kva hender om ein person med slik kompetanse skaffar seg eit års klinisk praksis? Skal vedkomande då kallast psykolog – ein tittel som per i dag er verna av paragraf 48 i helsepersonellova – eller master i psykologi? Og kva med organisasjonstilhøyrigheita? Skal Norsk Psykologforening opna opp for at òg dei som ikkje har profesjonsutdanning skal kunna bli medlemar?

Endringar i akademia

Hausten 2003 vart det gjennomført ei kvalitetsreform i høgare utdanning her til lands. Eit av siktemåla var å gjera utdanninga betre tilpassa internasjonale tilhøve, mellom anna gjennom omgjering av karaktersystem, studielaup og gradstrukturar. Dei gamle grunnfaga, mellomfaga og hovudfaga vart avvikla. I staden vart det innført bachelor- og mastergradar. Dei einaste unnataka frå dette er per i dag dei tre profesjonsstudia: humanmedisin, veterinærmedisin og psykologi. Desse har frå dag ein eit meir målretta studielaup som mellom anna er kjenneteikna ved klinisk praktisering av faglege kunnskapar og tettare oppfølging av den enkelte studenten.

Profesjonsstudiet i psykologi har vore den mest alminnelege vegen til psykologisk kompetanse for norske studentar. Men det har lenge eksistert eit meir teoretisk retta alternativ. På byrjinga av 1980-talet starta det som då heitte Universitetet i Trondheim opp med hovudfag i psykologi. Om lag 450 personar rakk å ta graden før den vart avvikla i samband med kvalitetsreforma. Frå hausten 2004 har universiteta i Oslo og Trondheim samt BI gjeve tilbod om ulike masterstudium i psykologi. Hausten 2005 starta Universitetet i Tromsø opp med tilsvarande studium, og frå og med neste haust har også Universitetet i Bergen eit slikt tilbod.

Følgjene av nye strukturar

Frå slutten av 1980-talet merka ein ved universiteta ein auke i interessa for psykologi. Denne har ikkje blitt mindre med åra. I tillegg er den nye modellen for høgare utdanning meir fleksibel enn den gamle. Studentar har i dag større fridom til å kombinera enkeltkurs, gjerne på tvers av tradisjonelle fag- og fakultetsgrenser, til ein ferdig master.

Psykologisk kompetanse har stor relevans i svært mange situasjonar, og den nye universitetsstrukturen gjer det mogleg frå fakulteta si side å skreddarsy ulike masterar med vekt på organisasjonspsykologi, sosial- og samfunnspsykologi etc. Ut av denne situasjonen er det altså no vakse fram nye problemstillingar kring masterane si organisasjonstilhøyrigheit og ei eventuell utviding av psykologtittelen.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 3, 2006, side

Kommenter denne artikkelen