Du er her

Praat afrikaans met die mense!

Foreldra får løna si delvis utbetalt i vin. I Western Cape blir det difor føydde minst ti gongar så mange barn med alkoholskader enn normalt. Dette er utgangspunkt for eitt av prosjekta Universitetet i Bergen deltar i for å auke den vitskaplege kompetansen ved sør-afrikanske universitet.

Publisert
1. februar 2006

STOLT REKTOR: – Ein av dei tidlegare elevane ved skulen er i ferd med å vinne Idol i Sør-Afrika, fortel rektor Amanda Du Plooy.

Vi er på «site visit» i Grabouw utanfor Cape Town i Sør-Afrika. Byen ligg i kommunen Theewaterskloof som forsyner Cape Town med reint drikkevatn, og store deler av verda med god, sørafrikansk vin. Men vinproduksjonen har ein bitter bismak. I mange år fekk arbeidarane på vingardane utbetalt deler av løna i form av vin. Nå står vin til arbeidarane att som eit godt innarbeidd frynsegode. Mange av desse vinarbeidarane er kvinner i fertil alder. Tidlegare forsking har synt at det vert fødd minst ti, kan hende førti gonger så mange barn med alkoholrelaterte fosterskadar (ARND) i Western Cape som i andre område i verda.

Finalen i Idol

Skulen som vi kjem til, har stått på hovudet dei siste dagane. Ein av dei tidlegare elevane er komne heilt til finalen i Idol, og finalen skal gå på TV i heile Sør-Afrika kommande helg. Karin er det store namnet, det heng banner og plakatar med bilde av henne overalt, og alle håpar at ho skal vinne. Vi har vore på fleire skular i løpet av dagen, og elevane på Kathleen Murray Premiêr har gått heim for dagen. Rektor Amanda Du Plooy og ein av lærarane tek oss med på omvisning på skulen. I klasserommet som førsteklassingane brukar, er stolane stilt sirleg opp på borda. Det er over førti elevar som skal få bokstavar, tal og anna nyttig kunnskap inn i hovudet i dette rommet.

I det eine hjørnet, rett innanfor døra, er det seks stolar på bordet. Ved dette bordet brukar det å sitje seks barn som strevar ekstra mykje med å få med seg det som skjer av undervisning i klassa. Dei er ukonsentrerte og har ulike former for lærevanskar. Rektor har sett seg godt inn i ARND, og meiner at dei fleste ved dette bordet kan ha denne diagnosen. Det manglar ikkje på vilje til å gje barna eit godt tilbod, men ressursane manglar, både når det gjeld kartlegging og tiltak.

SPRÅK ER AVGJERANDE: Etter kvart forstod vi at det var nødvendig å omsetje testane til språket afrikaans. Utan språk er det vanskeleg å kommunisere både for forskarar og innbyggarar.

Å spavende ein prosjektsøknad

Vi hadde med oss ein prosjektsøknad som var nærmast ferdig utarbeidd før vi drog frå regnfulle Bergen. Strengt vitskapleg oppbygd med planar for korleis vi skulle teste grupper med ARND og kontrollgrupper som ikkje hadde vorte utsett for alkoholpåverknad i fosterlivet. Tankefulle forlet vi skulen.

Neste stopp er å sjå på slumområda som dei fleste barna ved skulen kjem frå. Det er ein roleg ettermiddag i Grabouw. Fleire sit utanfor hyttene sine og lagar mat over open eld. Kamal Kamaloodien, som er ein av samarbeidspartnarane ved University of the Western Cape, er godt kjend i området. Vi går bort for å helse på eit par kvinner som har lyst til å møte gjestene som Kamal har med seg. «Praat Afrikaans met die mense» ropar han etter oss når vi går bort mot hytta. Ein augneblink har han gløymt at vi ikkje pratar Afrikaans. Vi kjenner ei kort stund at vi er i ferd med å gli inn i miljøet. Utfordringane er i alle fall komne langt nærare.

I fleire dagar arbeider vi med å spavende søknaden. Karin vinn Idol, og ei kort stund er alle med og eig litt av suksessen. Publikum kan ringje inn og stille spørsmål til henne på direkten. Ein person lurar på kvar ho skal gjere av flygelet og vaskemaskina som ho har vunne. Er det ikkje slik at ho bur i lag med foreldra på berre eitt rom?

Forsking til nytte

Søknaden tek etter kvart form. Kamal si oppfording om å prate afrikaans med menneska har nå komme inn som første steg i forskingsprosjektet. Vi kan ikkje komme vidare utan at vi får omsett det nevropsykologiske testbatteriet som vi har tenkt å bruke, til afrikaans. Dette er eit heilt prosjekt i seg sjølv, med godt utvikla metodikk. Andre afrikanske språk, som Xhosa, Zulu og mange andre som vi ikkje ein gong kjenner namnet på, står i kø.

Internasjonalisering er komplisert, krevjande og interessant. Her er det målsetjingar på mange plan på ein gong. Universitetet i Bergen har engasjert seg for å auke den vitskaplege kompetansen på fleire sørafrikanske universitet, mellom andre University of the Western Cape. Sør-Afrika stiller strenge forskingsetiske krav, og bra er det. Ofte har ein opplevd forskarar som har komne inn, samla data og drege nytte av desse i heimlandet sitt, utan at det har komne det afrikanske landet til nytte på nokon måte. Nå er kravet at forskingsprosjekt som kjem frå andre land, skal føre til konkrete tiltak i det landet der forskinga vert gjort. Det er ikkje tilstrekkeleg at ein utviklar testar som kan brukast på det lokale språket, eller finn ut noko om førekomsten av ARND. Kvar er det best å setje inn tiltak der vi kan ha ein rimeleg sjanse til at det kjem til nytte for dei som treng det mest?

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 2, 2006, side 140-141

Kommenter denne artikkelen