Du er her

Høgskulane og utdanning for praksis

Publisert
1. januar 2006

Psykologi har på kort historisk tid gått vegen frå å vere vitskapsdisiplin til å bli praksisfag og profesjon. Psykologien har skapt psykologar, og psykologane har etablert sitt profesjonstyngdepunkt blant velferdsstatens yrker. I dette praksisfeltet, særleg helse- og sosial, må psykologane samarbeide og samhandle med mange andre yrkesgrupper, grupper som også har store innslag av psykologi i utdanningane sine. Det gjeld til dømes sjukepleiarar, ergoterapeutar, vernepleiarar, fysioterapeutar, barnevernspedagogar og sosionomar. Dette er grupper som over atskilleg lenger tid har gått den motsette vegen; frå praksis til akademia. Mens psykologane har bygd profesjonaliseringa på hegemoni over ein vitskapsdisiplin, har desse profesjonalisert seg med basis i hegemoni over visse praksisfunksjonar. Deira utfordring har vore å gi si eiga utdanning og sin eigen praksis vitskapleg legitimitet. Og det skjer – snart er dei like velutdanna som psykologane. Strukturendringar både i praksisfeltet og i akademia har skapt føresetnadar for denne utviklinga. I praksis skal dei samarbeide, men veit truleg for lite om kvarandre. Difor ei oppdatering for Tidsskriftet sine lesarar.

I dag blir helse- og sosialarbeidarar med treårig grunnutdanning utdanna ved høgskulane (med unnatak av Universitetet i Stavanger). I ulikt tempo har dei gått vegen frå lærlingordningar til yrkesskule, og frå yrkesskule til profesjonshøgskular. Sistnemnde institusjonar vart avvikla i 1993. Før den tid hadde vi om lag 98 høgskular av ulikt slag. Nokre av desse, som distriktshøgskulane, var fleirfaglege og bar med seg dei akademiske normene frå universitetstradisjonen. Dei fleste var profesjonshøgskular bygd kring profesjonsidentitet og profesjonstradisjon. Utdanningsreforma som Gudmund Hernes sette i gang innebar ei radikal samordning med 26 høgskular som resultat. Dei treårige profesjonsutdanningane i helse- og sosialfag har måtta tilpassa seg eit fleirfagleg liv, både med kvarandre, men også med økonomi- og teknologifag, språkfag, mediefag og kulturfag, disiplinfag av ulikt slag, samt profesjonsutdanningar retta mot skuleverket. I tillegg vart særlovgiving avvikla og universitet og høgskular samordna i felles lov og med felles stillingsstruktur. Det vart slått fast at dei nye høgskulane også skulle drive forsking, og at undervisninga skulle vere forskingsbasert. Ein vesentleg fylgje av dette har vore ei betydeleg oppgradering av kompetansen til dei fagleg tilsette, og organisatoriske tiltak for å styrke forskingsaktiviteten. Forskingsrådet har i den samanheng hatt eigne tematiske program retta mot denne delen av høgskulesektoren, og strategiske program for langsiktig styrking av aktive forskingsmiljø. Tildeling av eigne stipendiatstillingar over statsbudsjettet har også bidrege med sitt. Ein del har også etablert eigne forskingssenter på tematiske område, som til dømes Senter for profesjonsstudiar ved Høgskolen i Oslo. I tillegg kjem utvikling av det symbiotisk forskarfellesskapet ein har hatt med dei regionale forskingsstiftingane.

Den siste endringa som må nemnast er den nye gradstrukturen. Dei treårige profesjonsutdanningane gir no graden bachelor. Mens hovudfaga tidlegare var universiteta sitt ansvar (med visse unntak), har den nye mastergraden endra dette. Om infrastruktur og faglege føresetnadar er gode nok, kan høgskulane no etablere mastergradar. Og det skjer i relativt høgt tempo. Det som kjenneteiknar mange av desse er at dei er disiplinovergripande, har større fokus på praksisfeltet og rettar seg mot fleire profesjonsgrupper. Ved høgskulen i Molde er det til dømes utvikla ein master retta mot kliniske funksjonar i psykisk helsearbeid, og ved høgskulen i Volda er planane klare for mastergrad i helse- og sosialfag der læring, mestring- og myndiggjering er profilen. Dei nye mastergradane er også eit svar på nye kompetansebehov (og krav) i helse- og sosialsektoren. Helseføretaka skal som kjent no også drive FOU-arbeid i eigen regi, og treng difor at fleire av eigne tilsette utviklar basiskompetanse for slikt arbeid.

Heller ikkje forskarutdanninga er lenger eksklusiv for universiteta. Det er muleg for høgskulane å utvikle kompetansemiljø og infrastruktur slik at ein også kan søkje godkjenning for eigne doktorgradsprogram. Ein interessant nyskaping i den samanhengen er doktorgradsprogrammet i profesjonsstudiar som nyleg er etablert ved Høgskolen i Oslo. Det skal kvalifisere for forsking på profesjonar og profesjonell yrkesutøving i samfunnet der det vert stilt store krav til vitskapleg innsikt.

Summen av dette er at det i løpet av ein relativt kort periode har skjedd ei betydeleg endring i dei institusjonelle vilkåra for utdanning på høgskulenivå, og for helse- og sosialfaga spesielt. Dette har sjølvsagt ikkje skjedd utan kritiske motførestillingar. Ei slik har vore at denne kraftige akademiseringa kan gi svekt handlingskompetanse i yrker med djupe røter i praksis, verditradisjonar, etisk medvit, erfaringskunnskap og praksislæring. Ein har også frykta at den vitskaplege påstandskunnskapen skulle føre til ei einøygd instrumentalisme som et opp kompleksiteten og etiske dillemma som praktisk yrkesutøving byd på. Dette er ikkje urimelege motførestillingar og vedkjem spenninga mellom «teori» og «praksis» – ei spenninga som har vore debattert sidan den hippokratiske medisinen og som ikkje minst Aristoteles teoretiserte om. Den er framleis aktuell. Mangt kan likevel tyde på at utviklinga eg har omtala ikkje har fjerna utdanningane frå praksisfeltet, men har auka det teoretiske og analytiske perspektivet nettopp på praksis og praksislæring. Eit døme på det er artikkelen til Ole David Brask i dette nummeret av Tidsskriftet. Med eksempel frå vernepleiarutdanninga ved Høgskolen i Molde, viser Brask korleis læring i praksisfellesskap kan underkastast ein reflektert akademisk analyse, og at psykologisk teori har bruksrelevans for utvikling av kunnskap om slike læreprosessar.

Forsking på praksis, praksislæring og profesjonsutøving i sosial- og helsefaga har så langt vist at det er nødvendig å orientere seg på tvers av tradisjonelle disiplingrenser i vitskapsfaga, og at ny kunnskap og ny innsikt nettopp kan oppstå når slike tradisjonelle grenser vert utfordra og overskrede. Motivasjonen og viljen til nytenking og kunnskapskritiske analyser ser difor ut til å ha betre vilkår i desse faga som er unge i akademia, men gamle som praksisfelt – enn der tilhøvet er omvendt. Mens mangt frå psykologifaget er relevant i denne nye praksisforskinga, er det eit lite paradoks at ein i denne disiplinen sjølv i så liten grad gjer sin eigen profesjon og si eiga praksisutøving til gjenstand for vitskapleg forsking og kritiske analyser.

For psykologar som kan tenkje seg ei akademisk karriere som inneber deltaking i fleirfaglege fagmiljø utan å misse kontakten med samfunn og praksisrelevans, bør høgskulesektoren vere eit attraktiv alternativ. I dag er det i underkant av femti psykologar i vitskaplege stillingar i denne sektoren. Ikkje alle er knytt til helse- og sosialfag, men også høgskuleutdanningar på andre område. Det er heller ikkje berre stillingar spesifikt i psykologi som er aktuelle. Mange blir lyst ut med ein anvendt profil opne for fleire disiplinfag. Psykologar med rette kombinasjonen av praksis og akademiske føresetnadar vil i mange samanhengar både vere aktuelle og attraktive. Så difor: følg med på stillingsannonsane!

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 1, 2006, side 1-2

Kommenter denne artikkelen