Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Bergen, Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge / BUP Voss

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer seks kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal, Eidfjord og Jondal). Poliklinikken har 19 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.

BUP Voss har ledig ein 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Poliklinikken er lokalisert på Voss. Bygda vår er full av ekstreme kontrastar. Anten om det er natur, kultur eller sport som ligg ditt hjarta ‭nærmast, så lovar me å få det til å pumpa. På Voss vert du møtt av eit levande bygdesamfunn med eit mangfald av opplevingar å velja mellom. Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 15.000 innbyggjarar, og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på uttallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.


Arbeidsoppgåver 

  • Utgreiing og behandling av barn og unge
  • Koordinatoransvar for pasientar
  • Rettleiing av foreldre
  • Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta
  • Familie- og systemarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid


Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon
  • Klinisk psykolog
  • Ønskjeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
  • For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg


Personlege eigenskapar 

  • Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
  • Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
  • Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team
  • Erfaring med DIPS er ein føremon
  • Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar


Vi tilbyr 

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Få arbeide både sjølvstendig med pasientarbeid og i team
  • Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning
  • Rettleiing
  • Fjell og vakker natur rett utanfor døren


Kontaktinformasjon: Marianne Stordal Røynesdal, seksjonsleiar, tlf. 56 53 35 35, e-post marianne.stordal.roynesdal@helse-bergen.no

 

Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
29. mars 2020