Du er her

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF - Poliklinikk BUP Volda

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no  

I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.

Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Ved OCD-teamet  er det etablert kompetanse på 4-dagers-formaet i samarbeid med fagmiljø i Bergen.

Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppebehandling til barn og ungdom med angstliding, og til  ungdom som strevar med mentalisering. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester for barn, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Har du lyst å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?  Då vil vi gjerne at du søkjer på stilling hos oss. 

Poliklinikken i Volda har ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Oppstartdato etter avtale med seksjonesleiar. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
  • Samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
  • Samarbeid med pårørande


Kvalifikasjonar 

  • Formelle faglege kvalifikasjonar
  • Norsk lisens/autorisasjon
  • Relevant erfaring


Personlege eigenskapar

  • Det å vere personleg egna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting
  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
  • Gode evner til samarbeid med eiga og andre yrkesgrupper
  • Det blir krevd framlegging av politiattest før tilsetting
  • Ynskjeleg med sertifikat for bil


Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Og på fritida:

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell, finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v­FHDuVf1TpYY  
og her: https://www.youtube.com/watch?v­NGSg6xygovY 


Kontaktinformasjon: Kari Standal, seksjonsleiar, tlf. 700 58 570.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
31. mai 2023